Norborg – Hovdebygda 4-1

Norborg – Hovdebyda/Volda2 4-1 (1-1)
Uggedal KGB, 19.05.11

Sjansar: 6-5 / cornere: 4-7

Mål: 0-1 Joakim Storvik (25), 1-1 Skjalg Volstad (31), 2-1 Ole Johan Urke (50), 3-1 Skjalg Volstad (81), 4-1 Ole Johan Urke (90)

Spelemessig jamn kamp som vart prega av kraftege vindkast og regnbyger. Gjestane best første halvtimen, mens vertane heva seg seg mot slutten av omgangen før ein avgjorde kampen med tre mål etter kvila.

– Vi gjer ingen god 1. omgang, men det betra seg heldigvis etter pause, der vi gjorde det viktigaste, nemleg å ta tre poeng, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.

Dei 25-30 som trassa regn og vind fekk aldri sjå nokon stor fotballkamp, men kunne til slutt gå kalde og nøgde heim. Det vart fire mål og tre poeng.

Med kraftege vindkast var det ikkje enkelt å spele fotball i Uggedalen. Hovdebygda/Volda2 takla tilhøva best den første halvtimen og hadde både eit innlegg i tverrliggar og ein god corner som Joakim Storvik fekk stussa mot mål, men keeper Henrik Åkre fekk slått den over tverrliggar. I det 25. minutt fann Storvik nettmaskene då han sparka ballen ut av hendene til keeper Åkre og i mål. Regelboka fortel at dette er angrep på keeper og at det skal vere frispark til Norborg. Dommaren dømmer likevel mål.

Norborg hevar seg etter målet og det tek berre fem minutt før Skjalg Volstad utnytta ei keepertabbe og header ballen i mål. I dei neste minutta kjem Norborg seg til eit par halvsjansar ved Cato Longva, men avslutningane fann ikkje nettmaskene.

Norborg har motvind i 2. omgang, og det er også i motvind ein trivst best. Formasjonen vart lagt om og Norborg får eit lite grep om kampen. Fem minutt ut i omgangen kjem Kristoffer Søviknes seg rundt på kant og finn Ole Johan Urke i feltet. Han skyt knallhardt langs bakken. Keeper får hendene på ballen, men den trilla vidare mot mål og passerar så vidt linja.

Norborg fell litt bakpå etter målet, og gjestane kjem seg til eit par farlege sjansar med blant anna ei avslutning i stolpen. Men kreftene tok slutt for Hovdebygda/Volda2 og Norborg får kontroll. I løpet av dei siste ti minutta punkterer ein så kampen med to mål. Skjalg Volstad gjer 3-1 på eit innlegg av Martinus Grytten. På overtid er det Ole Johan Urke som vidareformidlar eit innlegg av Preben Lorgen i mål.

Det vart dermed solide siffer, men Norborg kan ikkje seie seg nøgd med spelet sitt i denne kampen. Både rørsle, presisjon i pasningar og samhandling må betrast. Likevel, nyt tre poeng.

Laget: Henrik Åkre – Knut Ivar Bjørlykhaug (Ole Johan Urke, 12), Kjell-Terje Brusdal, Hans Edvard Nordang (Kristian Furnes, 90) – Elling Mikal Kalvø, Skjalg Volstad (Alexander Eide, 81), Preben Lorgen, André Larsen (Martinus Grytten, 80), Tarjei Urkedal – Cato Longva (Stian Myklebust, 67), Kristoffer Søviknes.

Dommar: Stig Gule (Molde FK)
Assistentar: Alf Furland (Rollon) og Norvald Helge Lausund (Lepsøy)