Norborg – HaNo 7-0 (4-0)
Uggedal KGB, 16.02.11
Sjansar: 16-0
1-0 André Larsen (18), 2-0 Cato Longva (27), 3-0 Cato Longva (41), 4-0 Cato Longva (43), 5-0 Asgeir Kalvø (55), 6-0 Martin Løken Lie (str. 69), 7-0 Peter Elias Grytten (86)
Norborg dominerte frå start til slutt og var nærare to-siffra enn HaNo redusering. Cato Longva noterte seg for hat-trick mot moderklubben. Elles gledeleg at tenåringane i klubben presterte så bra.
1. omgang
Norborg haldt eit høgare tempo på ball enn gjestane og styrte omgangen frå start av. Det tok likevel 18 minutt før den første ballen låg i nota. Målet kom etter eit langskot frå André Larsen. Keeper såg ut til å ha kontroll på ballen, men greidde å rote det til for seg og ballen rulla over streken. 2-0 er det Cato Longva som får æra over å score frå 30 cm då Peter Elias Grytten gir han målet. Norborg fortsette å skape sjansar og i sluttminutta av omgangen scorar Cato to raske. Først etter eit av mange flotte innlegg av Martin Løken Lie. 4-0 målet etter eit fint angrep av Asgeir Kalvø og Ole Johan Urke.
2. omgang
Langt lågare tempo i denne omgangen, og sjølv om Norborg har ballen mykje blir det mindre konsentrasjon og nøyaktigheit i siste fasen av angrepet. Likevel, tre nye mål skulle det bli. Asgeir Kalvø gjer 5-0 på eit nydeleg skot frå 17 meter etter forarbeid av Ola Skjelten. Martin Løken Lie aukar til 6-0 på straffe etter at han sjølv vart felt. Fire minutt før slutt får Peter Elias Grytten seg eit fortent mål då han avsluttar eit flott angrep. Knut Øyvind Grytten startar angrepet frå venstreback. Han finn Cato på midten, som spelar ein stikkar ut til Ole Johan på venstreflanken. Han tek med seg ballen til kortlinja og passar inn til Peter Elias som bankar ballen i mål frå ti meter.
Grei økt av Norborg der 12 spelarar fekk mykje speletid. Flott å sjå at unge spelarar som Marius Gamlem, Knut Øyvind Grytten, Peter Elias Grytten og Martin Løken Lie veks for kvar kamp dei spelar.
Den femte tenåringen, Kenneth Hånde, var totalt arbeidsledig i mål.
Laget:
Kenneth Hånde
Knut Øyvind Grytten
Kristoffer Søviknes
Elling Mikal Kalvø
Marius Gamlem (André Larsen, 66)
André Larsen (Ola Skjelten, 51)
Asgeir Kalvø (Marus Gamlem, 77)
Ole Johan Urke
Cato Longva
Martin Løken Lie
Peter Elias Grytten
Dommar: Bjarte Steinsbu – stålkontroll
Cornere: 9-1
Snittalder: 19,8 år (19,9)