Sjansar: 9-0
1-0 Kristoffer Søviknes (15), 2-0 Adrian Håbet (18), 3-0 Cato Longva (37), 4-0 Ole Johan Urke (62), 5-0 Johan Stavik (66)
Norborg hadde ingen problem med å vinne over divisjonskollega Godøy på Uggedal KGB fredag kveld. Heimelaget var nærare fleire mål enn Godøy redusering. Vi noterte ikkje ein einaste opplagt målsjanse for gjestane. Nokre skot utanfor 16 meteren var behaldninga, og Norborg sin 16-årige keeper Kenneth Hånde har dermed haldt nullen i dei to kampane han har starta.
Etter eit opningskvarter der Norborg hadde eit lite overtak på gjestane, men berre kom seg til eit par brukbare skot ved André Larsen og Ole Johan Urke, kvikna ein verkeleg til då Elling Mikal Kalvø slo ballen i bakrom til Kristoffer Søviknes. Han sprang frå forsvaret å scora sikkert åleine med keeper. Berre få minutt seinare får vi 2-0 på ein heilt anna type angrep. Hans Edvard Nordang sette i gong angrepet utanfor eigen 16 meter. Han spelte vegg med Adrian Håbet før han ga vidare inn til André Larsen, som vende spelet over til venstrekant Ole Johan Urke. Han sette fart og la inn til Kristoffer Søviknes framfor kassa, som ga ballen vidare til Adrian som klinka ballen i mål frå kloss hald. Vakkert!
Norborg fortsette å vere det beste laget og nokre minutt før pause sette Cato Longva inn 3-0 åleine med keeper etter forarbeid av Kristoffer Søviknes.
Norborg hadde ballen mykje før pause, men skapte ikkje meir enn fire sjansar. Effektiviteten var derimot ikkje noko å utsette på. Defensivt hadde ein god kontroll.
Heimelaget fortsette å styre kampen også etter pause. Cato burde ha auka til 4-0 etter eit godt innlegg av Martin Løken Lie, men headinga var for svak. 4-0 let likevel ikkje vente lenge på seg. Adrian Håbet kom seg rundt på høgresida og fann Ole Johan Urke framfor mål. Frå 15 meter breisida han ballen sikkert i nota. Ved halvspelt omgang er det klart for 5-0 då Johan Stavik fekk sitt jomfrumål etter at han sprang frå forsvaret å scora åleine med keeper etter ein stikkar frå Adrian.
Norborg skapte mange halvsjansar etter dette, men var ikkje presis nok i dei avgjerande situasjonane. Den største sjansen hadde Peter Elias Grytten då han dempa flott eit innlegg av Martin, men Godøy sin keeper viste flott reaksjon å redda avslutninga. Peter var også frampå på returen, men sette denne utafor stolpane.
5-0 var eit greitt resultat. Ein skapte mykje framover og var potte tett bakover. Godøy gjorde enkle pasningsfeil og var uvanleg tafatte, men vi reknar med dei kjem sterkare tilbake til seriestart.
Laget:
Kenneth Hånde
Tarjei Urkedal
Hans Edvard Nordang (Martin Løken Lie, 46)
Elling Mikal Kalvø
Stian Myklebust (Kristian Furnes, 46)
André Larsen
Preben Lorgen
Ole Johan Urke (Johan Stavik, 62)
Cato Longva (Peter Elias Grytten, 62)
Adrian Håbet
Kristoffer Søvknes
Snittalder: 21,9 (21,46)
Dommar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy)
Cornere: 4-2