Norborg – Emblem 5-1

Norborg – Emblem 5-1 (2-0)
Uggedal KGB 28.01.11

Sjansar: 13-5

1-0 Cato Longva (5), 2-0 Cato Longva (32), 2-1 Yngve Steffensen (52), 3-1 Martin Løken (67), 4-1 Ole Johan Urke (70), 5-1 Asgeir Kalvø (75).

Norborg vann 5-1 i sin første treningskamp for året, men Emblem gav betre motstand enn det resultatet tilseie med sin overraskande spelande stil. Cato Longva fekk ein pangstart på Norborg-karriera med to mål og oppofrande spel.

Stor spenning før Norborg sin første treningskamp i 2011. Mange debutantar og ny trenar for året i Kristian Søviknes. Formasjonsmessig vart det gode gamle 4-4-2, medan Asgeir Kalvø fekk kapteinsbindet. Henrik Åkre, Preben Lorgen og Cato Longva fekk sin debut frå start, medan Torgeir Garshol måtte vente 70 minutt på sin. Kenneth Hånde var også med i troppen, men ein skade hindra debut denne gong for den talentfulle keeperen.

Knallstart for Cato
Norborg kom best i gong og Cato Longva brukte ikkje fulle fem minutt på å presentere seg for sin nye klubb då han er vaken frampå og putter ballen i frå kloss hald etter at keeper gav retur på eit skot av Johan Stavik. Norborg kom seg til nokre halvsjansar dei neste minutta, men utan resultat. Like før kvarteret spelt kjem Emblem seg til ein kjempesjanse, men heldig for Norborg blir det gode angrepet avslutta med eit hardt skot over mål.

Kampen jamnar seg ut og Emblem viser seg som eit spelande og aggressivt lag. Norborg på si side gjer enkle pasningsfeil og ligg ofte for flatt med sine to firarar. Likevel er det Norborg som aukar til 2-0 då Emblem er inne i sin beste periode av kampen. Cato Longva forfølgjer det som ser ut som ein håplaus ball inn til keeper, men på ein eller anna måte fomlar keeper ballen i beina på Cato som sette ballen stolpe inn frå noko skrått hald. Eit skikkeleg gratismål! Norborg går til pause med 2-0 leiing og vi telte 5-3 i målsjansar.

Like etter pause får Tarjei Urkedal ein stor sjanse etter innlegg frå Ole Johan Urke, men frå tre meter misser Tarjei. – Eg vart blenda av lyskastaren, var Tarjei si unnskylding. I stede for 3-0 er det rutinerte Yngve Steffensen som klinkar ballen i nota for Emblem og skapar ny spenning i kampen.

Ingen tvil
Norborg er likevel best i denne omgangen, og etterkvart kom kvaliteten på enkeltspelarane fram. Talentfulle Martin Løken Lie sette inn 3-1 etter innlegg frå Ole Johan Urke. Nokre minutt seinare er det Urke sjølv som får score frå kloss hald etter ein flikk av Hans Edvard Nordang. Dette var Urke sitt A-lagsmål nr. 30. Norborg er verkeleg i støtet no og eit kvarter før slutt er det klart for kampen sitt vakraste mål då Asgeir Kalvø i reine McManaman stil lurer 3-4 spelarar å sette ballen i mål åleine med keeper. Like før slutt er det bror Elling Mikal Kalvø som får sjansen til å score etter at keeper er på blåbærtur, men frå 16 meteren velge Elling å løfte ballen. Den får vinden tak i og ballen treff hverken mål eller går over kortlinja. Dermed blir det 5-1 til Norborg.

Alt i alt ein grei årsdebut for Norborg. Ein del å rette på i pasningsspel og samhandling, men bra innsats og nokre fine individuelle prestasjonar. 2. omgang var betre enn den første då ein fekk meir tak på midtbana.

Når vi tenke på 5. divisjonslag så tenke vi kick-and-run, men Emblem var særs spelande og let i periodar Norborg sine spelarar springe i mellom. Spesielt i ein 15-20 minutts periode i 1. omgang. Spelarane jobba godt og ga Norborg ei nyttig økt.

Laget: Henrik Åkre – Elling Mikal Kalvø (Torgeir Garshol, 70), Kristoffer Søviknes, Kjell-Terje Brusdal (Knut Ivar Bjørlykhaug, 46), Preben Lorgen – Johan Stavik (Martin Løken Lie, 46), André Larsen (Kristian Furnes, 56), Ole Johan Urke (Marius Gamlem, 70), Asgeir Kalvø – Cato Longva (Elling Mikal Kalvø, 84), Tarjei Urkedal (Hans Edvard Nordang, 56).

Dommar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy) – full kontroll.

Cornerstatistikk: 7-2

Snittalder startoppstilling: 21,9 (21,6)