Norborg – Åndalsnes 0-3 (0-1)
Uggedal KGB, 05.02.2011
Sjansar: 6-8
0-1 Thomas Pedersen (23), 0-2 Ole Martin Gulla (64), 0-3 Kim Price (81)
Norborg gjekk på sitt første tap for året då Åndalsnes vart for sterke og vann 3-0. I sterk medvind tok gjestane frå Romsdal leiinga halvvegs ut i 1. omgang og gjekk til pause med fortent leiing. Norborg trykte på det første kvarteret i 2. omgang, men misbrukte sjansane. Då Åndalsnes gjekk opp i 2-0 gjekk lufta ut av Norborg og gjestane kontrollerte kampen.
1. omgang
Åndalsnes vann myntkastet og fekk starte i medvind på Uggedal KGB. Gjestane frå Romsdalen var merkeleg passive i starten av kampen, og la ikkje press på heimelaget. Men etterkvart fekk trenaren jaga spelarane sine framover, og då kom også resultatet i form av mål. Norborg mister ballen på egen halvdel, ballen vert lagt framfor mål der gjestane er i overtal og ein Åndalsnes-spelar får ein enkel jobb med å banke ballen i mål til 0-1. Åndalsnes skapte det meste i denne omgangen og vi telte 2-5 i sjansar. Norborg sleit med posisjonering og lette ballmiss. Likevel gjekk ein til pause med god tru på å snu kampen når ein fekk medvind.
2. omgang
Norborg skapte fleire sjansar frå det 54. til det 58. minutt, men hadde ikkje marginane på si side og fekk ikkje ballen i nota. At dette ikkje var dagen fekk vi eit klart bevis på etter ein corner av Tarjei Urkedal. Ballen dansa på streken, men trass 4-5 forsøk ville den ikkje over og Åndalsnes fekk til slutt klarert. Som dei lokale meteorologane spådde, løya vinden noko utover 2. omgang og Norborg fekk ikkje dra nytte av denne fordelen.
Omtrent tjue minutt ut i omgangen utnyttar gjestane nok ein gong ei feilpasning av Norborg på eigen halvdel. Kontringa endte med eit lavt legg foran mål der ein åndalsnesing fekk putta ballen i mål på bakerste. Tarjei Urkedal var nær redusering nokre minutt etter, men avslutninga gjekk utafor. Åndalsnes hadde full kontroll dei siste tjue minutta og auka til 0-3 på eit vakkert skot frå 14 meter.
Det mest positive for Norborg sin del var at mange fekk god kamptrening sidan fleire av dei som har fått mykje speletid i dei to første kampane ikkje var med i dag. Knut Øyvind Grytten og Ola Skjelten fekk sin A-debut.
Neste kamp for Norborg er mot Valder torsdag 10. februar kl. 1830.
Laget:
Henrik Åkre (Kenneth Hånde, 66)
Steffen Grytten
Jan Even Drønnesund
Kristoffer Søviknes
Kristian Furnes (Ola Skjelten, 46)
Johan Stavik (Peter Elias Grytten, 75)
André Larsen
Elling Mikal Kalvø
Tarjei Urkedal
Cato Longva
Peter Elias Grytten (Knut Øyvind Grytten, 46)
Dommar: Arild Vegsund
Assistentar: Helge Uggedal og Arve Toven
Cornere: 7-1
Snittalder: 23,2 år (21,8)