Langevåg – Norborg 1-2 (0-2)
Langevåg stadion, 08.06.2011
Sjansar: 6-4 / cornere: 10-5
0-1 Asgeir Kalvø (14)
0-2 Tarjei Gjerset Urkedal (16)
1-2 David Vågnes (90)
Norborg tok med seg tre viktige poeng frå Langevågen i kveld takka vere steinhard jobbing og eit godt taktisk opplegg. Vi skal heller ikkje gløyme at Norborg hadde marginane på si side, for etter to raske mål hadde Langevåg tre ballar i aluminiumet før dei greidde å redusere eitt minutt på overtid.
– Det smaker ekstremt godt med årets første bortesiger. Vi har følt at vi har vore særs nær bortepoeng i heile år, men har øydelagt det for oss sjølv med nokon håplause kort. I dag så svarte spelarane med ei herleg innstilling og ein enorm innsats. Langevåg borte er vanskeleg, og vi er særs godt nøg med å ta tre poeng med oss heim, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
Norborg hadde ein klar taktikk mot Langevåg og fulgte den til punkt og prikke. Vakker fotball vart det ikkje, men Norborg hadde berre ei målsetting i denne bortekampen. Tre poeng!
Sjølv om Langevåg har mange gode spelarar er det to mann mykje dreier seg om. Forsvarssjef og ballfordelar Viglundur Einarsson og toppscorar Johan Valsson. Norborg stengte for Viglundur sine oppspel og Valsson var stort sett anonym sett bort i frå ein gong då han kom seg framfor på eit innlegg og sette ballen i stolpen med hovudet.
Heimelaget hadde mykje ballen på ei humpete grasbane. Spesielt før pause trua dei Norborg sitt mål, men hverken den tidlegare ungdomslandslagsspelaren Glenn Sagdahl, nemnte Valsson eller Kristoffer Holmen greidde å overliste keeper og bursdagsguten Henrik Åkre i mål.
Norborg fekk lite til offensivt, men viste ein langt anna effektivitet enn heimelaget. I minuttet før og etter eit kvarter spel så fekk ein kampen inn i sitt spor med to mål. Først gjer Asgeir Kalvø 0-1 på eit særs godt skot i frå 20 meter. Så putter Tarjei Urkedal frå kloss hald etter at Kristoffer Søviknes avslutta i tverrliggjar og Ole Johan Urke plukka opp returen ute på venstresida. Han fann Tarjei på spissen av 5-meteren som breidsida ballen i mål inne ved stolperota.
Norborg var ikkje spesielt villege til å angripe etter desse to måla, og låg balansert i forsvar. Langevåg fekk dermed ha ballen mykje, men skapte etterkvart mindre og mindre. Kristian Moldvær avslutta via ein norborgar og i stolpen like etter sidebytte, medan oransjetrøyene sin Cato Longva var igjennom med keeper Egil Gresdal utan å lykkast ti minutt ut i 2. omgang. Elles vart 2. omgang særs lite underhaldande med eit heimelag utan idear og eit bortelag som låg tygt i forsvar. På overtid blir det likevel ei viss spenning i kampen då unge David Vågnes headar i mål ein corner. Likevel, Norborg hadde full kontroll og tok med seg tre poeng frå ein bortekamp for første gong sidan 2. juli i fjor. (3-0 over Brattvåg).
Det var dei defensive spelarane på Norborg som viste seg fram i denne kampen. Midtstopparane Kjell-Terje Brusdal og Hans Edvard Nordang let seg sjeldan lure, medan keeper Henrik Åkre gjorde nokre viktige inngrep. Trioen på midten med Asgeir Kalvø, André Larsen og Tarjei Urkedal la også ned ein beinhard innsats gjennom 90 minutt og øydela mange angrep for heimelaget.
Norborg skal i neste kamp møte Ørsta på Uggedal stadion onsdag 15. juni kl. 1830.
Laget: Henrik Åkre – Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Kjell-Terje Brusdal, Marius Rogne – Asgeir Kalvø, André Larsen – Ole Johan Urke (Edvard Laverton, 54), Skjalg Volstad (Cato Longva, 46), Kristoffer Søviknes (Martin Løken Lie, 72) – Tarjei Urkedal.
Dommar: Øyvind Kringstad (Valder)
Assistentar: Jon Olav Skodjereite (Skodje) og Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg)
Særs god jobb av dommartrioen.