Hovdebygda – Norborg 0-8

Hovdebygda/Volda2 – Norborg 0-8 (0-4)
Hovdebygda KGB, 01.09.11

Sjansar: 5-13 / cornere: 3-5

0-1 André Larsen (6), 0-2 Kristoffer Søviknes (15), 0-3 Cato Longva (35), 0-4 Cato Longva (38), 0-5 Cato Longva (59), 0-6 Cato Longva (61), 0-7 Adrian Håbet (63), 0-8 Cato Longva (73)

Norborg gjekk rett i strupa på heimelaget med høgt press og stor innsats. Dette vart belønna med eit tidleg mål og ein fekk kampen inn i sitt spor. Effektiviteten var upåklageleg og spesielt Cato Longva kosa seg i bøgda. Heile 5 mål putta haramsøyingen. Stor honnør til alle spelarane som viste skikkeleg speleglede.

Medan trenar Søviknes sjølv reiste til Spania var Frode Engeset midlertidig trenar. Han fekk Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke og André Larsen tilgjengelege igjen, og gjorde at Norborg på papiret stilte med eit sterkt lag.

Norborg sin plan om høgt press og stor aggressivitet lykkast og ein var nær mål allereie før minuttet var spelt, men Ole Johan Urke si avslutning frå hjørnet av 5 meteren vart redda. Det skulle likevel ikkje gå så mange minutt før dei for dagen svartkledde, var i føringa. Målet kom etter eit flott angrep der Cato Longva la inn frå venstresida, ballen vart stussa vidare bak i feltet av ein Hovdebygda-spelar til Adrian Håbet, som la ballen fint på hovudet til André Larsen framfor mål. Han fekk ein enkel jobb å heade ballen i nota.

Norborg var det førande laget på Hovdebygda si vesle kunstgrasbane. Ein vann duellane og fekk ballen inn framfor kassa. Det er dermed fortent når Kristoffer Søviknes sklir inn 0-2 ved bakerste stolpe etter eit godt innlegg av Adrian Håbet. Norborg mister litt konsentrasjonen etter dette, og Hovdebygda får vere meir med i spelet, men mot slutten av omgangen vaknar Norborg og spesielt Cato Longva igjen. Først gjer han 0-3 frå kloss hald etter forarbeid av André Larsen. 0-4 sette han inn etter innkast frå Asgeir Kalvø. Cato får ballen med ryggen mot mål omtrent på straffefeltet, han vender opp med ein mann i ryggen og sette ballen presist inne ved bortarste stolpe. Kampen er i realiteten punktert.

Hovdebygda og Espen Viddal får 2. omgangs første sjanse, men han sette ballen utanfor mål. I staden for redusering er det Norborg som sette opp eit voldsamt tempo og scorer tre mål på fire minutt. 0-5 kjem etter ein krossar frå Alexander Eide til Adrian Håbet. Han passar inn til Kristoffer Søviknes framfor mål, men sjømannen klussar litt med å få kontroll på ballen og sender den i staden vidare til Cato Longva som klinker ballen i krysset frå 10 meter. 0-6 headar Cato Longva inn etter ein corner frå André Larsen. Adrian Håbet gjer 0-7 etter gjennomspel av André Larsen. 63 minutt var då spelt og dei fleste såg då føre seg tosiffra, men det skal berre bli eitt mål til. Tjue minutt før slutt får Torgeir Garshol sin 4. divisjonsdebut då han kjem inn for briljante Adrian Håbet. Og det er nettopp Torgeir som står bak ballvinninga som fører til 0-8 i det 73. minutt. Han vinn ballen høgt oppe på bana, spelar til Johan Stavik, som etter litt om og men kjem seg ned til kortlinja og legg inn til Cato Longva, som klinkar inn sitt femte og Norborg sitt åttande mål. Norborg spaknar det siste kvarteret og Hovdebygda er nær ved å score, men greier det ikkje og Norborg held nullen for første gong sidan 2. juli 2010.

Norborg har slitt dei siste månadane med svake resultat og har falle frå 4. til 10. plass på tabellen. Denne sigeren smakte då ekstra godt og legg vonleg grunnlaget for ein flott haust. Men, Hovdebygda er divisjonens svakaste lag på alle områder, så innsats og speleglede må vere minst like høg når MSIL kjem på besøk torsdag.

Dei fleste på Norborg gjorde ein god kamp denne gong, men banens beste må vi sjølvsagt gi til Cato Longva. Fem mål på 90 minutt er ikkje kvardagskost for nokon uansett divisjon. Sist ein Norborg-spelar scora 5 mål i ein seriekamp var 14. august 2000. Då scora Kenneth Gamlem 5 mål borte mot Fiskerstranda. André Larsen må vi også trekke fram. Med Preben Lorgen som ryddegut så fekk han fri utfoldelse offensivt og svara med eitt mål og tre målgjevande. Adrian Håbet herja på høgrekanten og scora eitt mål og hadde to målgjevande. Bakerst står Joakim Kjærstad og er så sikker i klypene at det er vanskeleg å forstå at han debuterte for a-laget i sommar i ein av alder av snart 21. Medan Elling Mikal Kalvø og Kjell-Terje Brusdal er dominante i midtforsvaret.

Laget: Joakim Kjærstad – Asgeir Kalvø, Elling Mikal Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Hans Edvard Nordang – Ole Johan Urke (Alexander Eide, 46), André Larsen (Bee, 77), Preben Lorgen, Adrian Håbet (Torgeir Finnanger Garshol, 70) – Cato Longva, Kristoffer Søviknes (Johan Stavik, 67).

Dommar: Jan Lund (Blindheim)