Hareid – Norborg 3-1 (0-1)
Hareid stadion, 19.08.11
Sjansar: 11-5 / cornere: 4-1
0-1 Cato Longva (3)
1-1 Ronny Jørgensen (62)
2-1 Kim-Tore Husøy (66)
3-1 Kim-Tore Husøy (68)
Norborg tok tidleg leiinga og hadde bra kontroll før pause. Etter pause vart ein stadig meir baktung, haldt ikkje formasjonen og kom seg ikkje opp i Hareid sine spelarar. Det vart då stort sett spel mot eitt mål og Hareid snudde til ein fortent siger.
Norborg hadde mange forfall til denne kampen, blant anna måtte Kjell-Terje Brusdal og Skjalg Volstad begge kaste inn handkledet før avreise grunna sjukdom og skade. Det førte til at heile 6 av dei som starta mot Valder veka før ikkje kunne vere med denne gong. I tillegg stilte både André Larsen og Trym Nyland (sin første A-kamp frå start) med sjukdom i kroppen. Alt dette skaper sjølvsagt problem og usikkerheit i laget.
Første omgang var oppløftande. Cato Longva gav Norborg leiinga i det 3. speleminutt då han fekk to sjansar etter eit flott innlegg av spelande trenar Kristian Søviknes. Først heada han innlegget rett på keeper Vagn Scheide Mork før han putta returen i mål. Norborg er friske i opningsminutta og får store rom på venstresida. Cato er nær ved å score eit nytt mål i det 7. minuttet, men denne gong held keeper Mork headinga.
Norborg låg kompakte i forsvar i ein 4-5-1 formasjon og satsa på kontringar. Hareid fekk lite til og Norborg var særs nær å doble leiinga då Trym Nyland får slengt fram ein fot på eit innlegg, men avslutninga frå kloss hald vart meisterleg redda av “Hareids Gud”, Vagn Scheide Mork. I løpet av det siste kvarteret såg ein tendensar på at Norborg sine spelarar begynte å gå tomme for krefter, og både Ronny Jørgensen og Nikolay Røyset får sin sjanse til å utlikne. Norborg kunne gå nøgde til pause med leiing etter god defensiv jobbing. Dessverre så greidde ein ikkje å utnytte dei mange overgongane ein fekk. Til det gjekk ein for ofte i offside og den siste pasninga vart for unøyaktig.
Hareid tok umiddelbart tak i kampen etter kvila, men møtte på ein opplagt Joakim Kjærstad i Norborg sitt mål. Norborg hadde lite å by på offensivt i denne omgangen, men Cato var ved eit par høve i skikkeleg driblehumør og skapte eit par gode sjansar. Dessverre vart han for trøytt i avslutningsaugenblinken til at det vart mål.
Frå det 62. til det 68. minutt lukkast Hareid med alt og puttar ballen i nota heile tre gongar. 1-1 kjem etter corner då ballen dett ned ved bakarste stolpe og Ronny Jørgensen får ein enkel jobb med å putte ballen i mål. 2-1 kjem etter eit dribleraid av Kim-Tore Husøy. Han dribla seg inn frå venstresida, får gå langs 16 meterslinja å sette ballen i mål på eit velplassert skot. 3-1 kjem etter eit angrep på høgresida ved Fredrik Aursnes. Kim-Tore Husøy får ballen på 15 meter og klinka den i nota. Hareid har gjort kort prosess mot Norborg. Hareid fortsette kjøret mot Norborg sitt mål, men greier ikkje å score fleire gongar mot eit trøytt Norborg-lag.
Elling Mikal Kalvø og Joakim Kjærstad var Norborg sine to beste denne gong. Cato Longva viste også prov på at forma er i anmarsj, men vart etter kvart for åleine på topp og fekk det vanskeleg.
– Vi gjer ein bra første time. Den siste halvtimen mister vi fasong og kvalitet, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
Norborg sin neste kamp er heime mot Spjelkavik torsdag kl. 1830. André Larsen fekk sitt tredje gule kort for året og blir ikkje med då.
Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang (Jan Even Drønnesund, 77), Preben Lorgen – Trym Nyland (Stian Myklebust, 65), Asgeir Kalvø, Adrian Håbet, André Larsen (Alexander Eide, 80), Marius Fylling Rogne (Kristian Furnes, 82) – Cato Longva.
Dommar: Torgeir Halsen (Åheim)
Assistentar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg) og Mathias Mo (Spjelkavik)
Trioen hadde god kontroll på kampen.
Trenar Kristian Søviknes har sitt å stri med. Han må sjølv knyte på seg skoa og manglar eit brukbart 4. divisjonslag i skader, sjukdom, jobb, ferie og diverse andre årsaker. For sjekk dette laget som er borte: Henrik Åkre (jobb) – Knut Ivar Bjørlykhaug (rift i lårmuskel), Kjell-Terje Brusdal (sjuk), Roger Grytten (kne), Morten Kalvø (strekk) – Ole Johan Urke (ferie), Steffen Grytten (bryllaup – nei, ikkje hans eige..), Skjalg Volstad (kne), Johan Stavik (skulder) – Tarjei Urkedal (pappaperm i Spania), Kristoffer Søviknes (jobb).
Trivelege karar på benken. Kristian Furnes, Alexander Eide, Stian Myklebust og Jan Even Drønnesund.