FK Sykkylven – Norborg 6-2

FK Sykkylven – Norborg 6-2 (2-1)
Sykkylven KGB, 16.09.11

Sjansar: 12-4

1-0 Jan Halvard Holmøy (33)
1-1 Ole Johan Urke (35)
2-1 Jan Halvard Holmøy (40)
3-1 Eirik Torset (49)
4-1 Alexander Aure (61)
5-1 Lars Kristian Hjelseth (74)
6-1 Alexander Aure (84)
6-2 André Larsen (88)

Eit redusert Norborg-mannskap fekk det tøft i møtet med FK Sykkylven fredag kveld. Etter ein halvtimes stillingskrig tok heimelaget leiinga ved Holmøy. Gleda varte ikkje lenge for FKS. For to minutt seinare sette Ole Johan Urke inn 1-1 på eit frispark. Etter dette gjekk det meste gale for Norborg og FK Sykkylven tok til slutt ein komfortabel siger.

Norborg har ein minibuss med spelarar borte og fekk det etter kvart tøft i det viktige bortemøtet med FK Sykkylven. Ser vi bort i frå ei heading frå kloss hald frå heimelaget sin Damian Cruz etterfulgt av ei glimrande redning frå Norborg sin 16-årige keeper Kenneth Hånde, så var det nær sagt lite som skjedde den første halvtimen. Heimelaget hadde ballen mest, men Norborg låg kompakte i forsvar. I den siste tredjedelen av omgangen så opna kampen seg meir opp og FK Sykkylven tok leiinga på ei gåvepakke då Jan Halvard Holmøy får prikke ballen i mål frå 16 meter. Norborg kvitterte umiddelbart med eit godt frispark frå dryge 20 meter av Ole Johan Urke. Diverre fekk Ole Johan strekk når han tok frisparket og dermed ny mann på skadelista for Norborg. Fem minutt før pause utnytta FK Sykkylven ein retur og Holmøy får ein enkel jobb med å putte ballen i mål frå 5 meter.

Norborg fekk lite til offensivt i 1. omgang, men slapp heller ikkje FK Sykkylven til meir enn 3-4 sjansar trass langt meir ballinnehav.

Heimelaget sin Eirik Torset brukar litt over 3 minutt på å klinke inn 3-1 frå skrått hald og via stolpen. Om Norborg hadde lite tru på seg sjølve før pause, så gjorde ikkje dette saka noko betre. Heimelaget har full kontroll på kampen og punkterer den med Aleksander Aure si 4-1 scoring då han brått er åleine med keeper og scorar på ein elegant lobb. Lars Kristian Hjelseth gjer 5-1 eit kvarter før slutt då han kjem rundt på venstrekanten og sette ballen i mål frå skått hald ved nærmaste stolpe. Alexander Aure gjer 6-1 fem minutt før slutt på eit skot i frå 13 meter. Norborg pyntar på resultatet då André Larsen får god tid frå 16 meter og plasserar ballen oppe ved krysset. Larsen er også nær å bli tomålsscorar då han stussar ballen i tverrliggjar fem minutt på overtid.

Tru kan ein gjere i kyrkja, såg ut til å vere Norborg sitt motto denne kvelden. For tru på eigne ferdigheiter eller medspelarar var totalt fråverande. Mange av spelarane hang med hovudet tidleg i kampen, teknikken stemte ikkje og feilpasningane florerte. No mangla det ein del spelarar og eit par av dei som starta var sjuk og halvskadd, men innsats og engasjement må opp både på trening og kamp om det ikkje skal gå mot ein flau 11. plass. No er det heldigvis fortsatt opp til Norborg sjølve om ein skal kome høgare opp på tabellen. Fire av dei fem siste kampane går på heimebane og Tarjei Urkedal har stadfesta at han kjem heim å spelar dei fire siste kampane.

FK Sykkylven viste seg på si side som eit brukbart lag. Noko dei også gjorde i Uggedalen i vår. Har ei rutinert sentrallinje med Sogge, Holmøy og Cruz, samt mange unge og raske spelarar.

Best på Norborg i denne kampen var Elling Mikal Kalvø. Vinn duellane, har ro med ballen og finn medspelarane.

Laget: Kenneth Hånde – Asgeir Kalvø, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang (Jan Even Drønnesund, 66), Torgeir Garshol (Marius Gamlem, 70) – Ole Johan Urke (Stian Myklebust, 46), Kristian Søviknes, André Larsen, Preben Lorgen, Kristoffer Søviknes – Cato Longva.

Dommar: Zenun Murati (Giske)