Blindheim – Norborg 6-3

Blindheim – Norborg 6-3 (2-1)
Blindheim KGB, 24.06.11

Sjansar: 13-6 / cornere: 6-2

1-0 Jan Erik Hellevik (18)
1-1 Sjølvmål (44)
2-1 Stian Skaar (45)
2-2 Tarjei Urkedal (57)
3-2 John Freddy Flisnes (61)
4-2 Henning Hareide (69)
5-2 Henning Hareide (85)
5-3 Sjølvmål (90)
6-3 ? (90+3)

Blindheim viste størst vinnarvilje og speleglede i denne kampen og vann fullt fortent.

Begge lag stilte redusert i kveldens 4. divisjonskamp, for heimelaget mangla spelarar som Sindre Lauvås, Terje Kvangarsnes, Kristoffer Morterud og Simen Fjørtoft. Norborg mangla blant andre Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke og Adrian Håbet. Likevel, Norborg stilte med eit lag som skulle ha gode sjansar for poeng mot Blindheim.

Blindheim starta kampen klart best og vann dei aller fleste duellane. Allereie i opningsminuttet fekk Øystein Aas (?) ein brukbar sjanse, men avslutninga gjekk svakt midt på keeper Kenneth Hånde. Unge Hånde i mål skulle få meir å bryne seg på i opningskvarteret då Blindheim kjem seg til ein dobbelsjanse, men Kenneth reddar begge forsøka. Nokre minutt seinare måtte han likevel kapitulere då den tidlegare søvikaren Jan Erik Hellevik fekk stå heilt åleine å banke inn 1-0 etter eit angrep på venstresida av Magne Gjerde.

Norborg jobbar seg gradvis inn i kampen etter målet og kjem seg til eit par brukbare førsøk ved Preben Lorgen og Peter Elias Grytten, men ein trengte hjelp frå heimelaget for å score. Like før pause styrer Eirik Solevåg eit skot i frå Edward Laverton i eige mål. Dei fleste trudde då at 1-1 skulle stå seg til pause, men på overtid har Norborg innkast. Blindheim snappar ballen og angrip på venstresida. Ballen hamnar til slutt hos Stian Skaar som skyt i mål frå 15 meter. Totalt unødvendig av Norborg å blottlegge seg slik på overtid. Dermed 2-1 til pause.

Norborg startar 2. omgang best og spelar seg fram til ein dobbeltsjanse i det 49. minutt då Peter Elias Grytten slår ballen forbi midtstopparen, spring frå han og kjem åleine med keeper Andreas Sæther. Sistnemnde får ei tå på ballen som går ut til André Larsen. Han har all verdas tid, men skyt på direkten og ballen går over det opne målet. Norborg treng likevel ikkje å vente så mange minutta på utlikninga for dryge fem minutt seinare kjem Marius Rogne seg til innlegg frå høgre. Peter Elias Grytten flikkar ballen vidare til Tarjei Urkedal som sette den i opent mål frå tre meter. 2-2, og Norborg har håp om tre poeng etter den gode opninga. Slik skulle det ikkje gå. Enkle feil og “ballwatching” gjer at Blindheim får det lett med å putte mange mål i denne kampen. John Freddy Flisnes gjer 3-2 åleine med keeper etter frispeling av Øystein Aas. Henning Hareide får gjere 4-2 og 5-2 etter innlegg frå høgre.

Eirik Solevåg vil ikkje vere dårlegare enn medspelar Hareide og scorar sitt andre sjølvmål i det vi passerer 90. minutt. Målet kom etter at Tarjei Urkedal fekk sitt forsøk redda av keeper Sæther. Ballen sprett i Solevåg og i mål til 5-3. I sluttsekunda scorar ein innbyttar for Blindheim å fastsette resultatet til 6-3.

Blindheim ville meir, vann duellane og beherska underlaget best i denne kampen. Hos Norborg var dei fleste spelarane under pari og ein fekk aldri rytme i angrepsspelet. Bestemannsprisen gir vi til keeper Kenneth Hånde. Han hadde fleire gode redningar og kan ikkje lastast for måla.

Neste kamp for Norborg er borte mot Rollon på torsdag.

Laget: Kenneth Hånde – Asgeir Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Jan Even Drønnesund, Marius Rogne – Johan Stavik (Skjalg Volstad, 54), André Larsen, Preben Lorgen (Stian Myklebust, 75), Edward Laverton (Marius Gamlem, 88) – Tarjei Urkedal, Peter Elias Grytten (Cato Longva, 75).

Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal)
Assistentar: Jan Erik Myklebust (Åmdal) og Kristian Melset (Sykkylven)

God dommartrio.