Volda – Norborg 7-0 (4-0)
Sjansar: 13-3
Cornere: 4-7
1-0 Trond Brynestad (15), 2-0 Rune Haugen (21), 3-0 Trond Brynestad (31), 4-0 Ole Magne Rotevatn (33), 5-0 Bjørnar Liaskar (50), 6-0 Isak Skjærset (80), 7-0 Isak Husøy (89).
Norborg leverte årets svakaste kamp då Volda fekk leike seg til 7-0 siger. Etter eit kvarter med gåfotball av begge lag scora heimelaget på sin første sjanse og viste deretter ingen nåde mot sine gjestar.
Norborg og Volda brukar som regel å dele poenga, men denne gong vart det tidleg klart at Volda skulle ta alle tre. Kampen starta roleg, men medan Norborg fortsette å vere rolege, så skrudde Volda opp tempoet og viste god effektivitet før pause. Trond Brynestad var kjent som Norborg-dødaren då han spelte for Godøy. No akslar han Volda si grøne trøye og viste nok ein gong norborgarane nok ein gong kvar målet står. Han kjempa inn 1-0 frå kloss hald etter eit langt innkast, og sette inn 3-0 på eit velplassert skot frå 18 meter. Mellom desse to måla hadde Rune Haugen sett inn 2-0 etter eit vakkert angrep på venstresida. 4-0 breisida Ole Magne Rotevatn inn frå kloss hald då han var først på ein retur etter ei god redning av keeper Espen Wold.
Volda var effektive i 1. omgang, men så var også sjansane store mot eit Norborg-lag som hadde stor avstand mellom forsvar og midtbane. Volda fekk dermed ofte kome i fleirtal mot Norborg sin forsvarsfirar. Norborg hadde to god sjansar på stillinga 2-0 ved Hans Edvard Nordang, men diverre fann ikkje ballen vegen til nettmaskene.
Norborg gjekk på bana i 2. omgang for å vinne denne. Etter ein brukbar start der ein greidde å halde ballen i laget fekk ein ein ny kalddusj då Bjørnar Liaskar klinka inn 5-0 på eit langstkot. Volda løfta ikkje foten av gasspedalen og fekk fleire store sjansar. Ti minutt før slutt forfølgjer Isak skjærset ein lang ball i bakrom. Forsvar og keeper ser ut til å ha god kontroll, men Skjærset jobba hardt og nådde ballen før keeper og sette inn 6-0. Like før slutt sette Isak Husøy inn 7-0 på ein flott chipp over keeper.
Norborg tok i fjor poeng i begge kampane mot Volda grunna knallhard jobbing. Denne fredagskvelden var det berre Tarjei Urkedal som viste rett innstilling og la ned ein god arbeidsinnsats, medan Hans Edvard Nordang var Norborg sin største trussel den omgangen han spelte.
Norborg sin neste kamp er heime mot Godøy torsdag 17. juni kl. 1830.
Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Roger Grytten, Stein Erik Reitan – Ole Johan Urke (Edward Laverton, 46), Skjalg Volstad (Daniel Olsbø, 76), Alexander Eide (Jan Even Drønnesund, 46), Kristoffer Søviknes (Geir Ove Grønli, 70) – Tarjei Urkedal, Hans Edvard Nordang (Bee, 46).
Dommar: Mathias Smehus Kringstad (Valder)