Valder – Norborg 5-1

Valder – Norborg 5-1 (2-0)
Valdervoll KGB, 17.09.10

Sjansar: 13-4

1-0 Martin Ekremseter (15)
2-0 Adrian Blindheim (22)
3-0 Adrian Blindheim (70)
4-0 Henrik Lovund (77)
5-0 Jonathan Mulelid (87)
5-1 Bee (str. 90)

Norborg gjekk på ein ny smell då ein gjesta Valdervoll. Heimelaget var klart best i 1. omgang og gjekk til pause med ei fortent 2-0 leiing. Etter pause hadde Norborg ballen mykje, men vart kontra i senk av dei blå. Phongrapee Sæther scora Norborg sitt einaste mål på straffe like før slutt etter at Jan Even Drønnesund vart felt. På overtid vart Roger Grytten vist det raude kortet for andre året på rad på Valdervoll.

La det vere sagt. Mange av Norborg sine spelarar hadde inga optimal oppladning til denne kampen, men spelar for spelar så burde Norborg kunne gi Valder god kamp om poenga. Slikt vart det likevel ikkje. Norborg hang ikkje saman som lag, mange av spelarane mangla sjølvtillit og når innsatsen heller ikkje var på topp, vart det ein ny tung dag for dei oransje.

Opningskvarteret gav ingen prov på at det skulle bli utklassingssiffer på Valdervoll. Ingen av laga fekk til noko spesielt, men i det 15. minuttet fekk Valder frispark like utafor venstre kant av 16 meteren. Steffen Oksnes Elde la ballen presist inn til Martin Ekremsæter som heada kontant i mål, medan norborgarane venta på assistentdommaren sitt flagg for offside. Dette kom ikkje og heimelaget leia 1-0.

Sjølv om Norborg fekk ein stor sjanse ved Kristian Søviknes like etter heva heimelaget seg, medan Norborg fekk lite til. Normalt gode spelarar slurva med mottak og enkle pasningar. Valder dominerte og ved halvspelt omgang vart Adrian Blindheim flott spelt igjennom av Henrik Oksnes Elde. Åleine med keeper Trond Elstad gjorde Valder sin gode spiss ingen feil å la på til 2-0. Valder fortsette å dominere og skapte fleire gode sjansar utan resultat.

I 2. omgang løfta Norborg spelet eit hakk og hadde mykje ball. Likevel vart det for mange feil val på den siste tredjedelen til at det vart så mange store sjansar. Ole Johan Urke fyrte av eit godt frispark frå 20 meter, men keeper Joakim Flataker låg så lang han var og fekk slått ballen til corner. Kristoffer Søviknes fekk også ein god sjanse, men avslutta utanfor.

I løpet av dei siste tjue minutta gjorde Norborg tre fatale feil som alle enda med mål i mot. Ein mista ballen med mange mann i angrep og Valder fekk vise seg som eit godt kontringslag. Adrian Blindheim, Henrik Lovund og Jonathan Mulelid scora nærmast identiske mål med presise avslutningar åleine med keeper Elstad. Det vart dermed tre mål i mot i ein omgang der ein hadde ballen meir enn vertane.

Jan Even Drønnesund har i heile si a-lagskarriere vore nytta som forsvarsspelar. I det siste kvarteret mot Valder fekk han prøve seg som spiss, og det var det som skulle til for at Norborg fekk målet sitt i denne gong. Drønnsund vart slått igjennom av Kristoffer Søviknes og felt på veg mot mål. Dommar Anders Hauglund frå Oslo (!) peika på straffemerket. Phongrapee Sæther sendte keeper ein veg og sette ballen sikkert inne ved motsett stolpe til 5-1 og sitt første seriemål. Stemninga vart stor då speaker opplyste at det var Pornografi Sæther som hadde scora..

Det som ikkje var så stemningsfullt var at Norborg sin gode midtstoppar Roger Grytten vart vist det raude kortet etter at ballen trefta handa hans som bakarste mann. Norborg manglar då både Grytten og Kristoffer Søviknes i neste kamp grunna karantene. Søviknes fekk eit unødvendig gult kort for å ha avslutta eit angrep som var avblåst for offside.

Norborg gjekk dermed på sitt tredje strake tap etter den flotte kampen mot Hødd2. No må laget ta samling i botn og alle gå i seg sjølv. Ein har mangla sentrale spelarar i desse kampane, men ein skal likevel ikkje kollapse på denne måten. Innsats, moral og spelegleda må hevast! Vi skal vere betre enn dette. Alle mann.

– Vi slit med forsvarsspelet og innsatsen for tida. Då blir det ikkje poeng, sa Norborg-trenar Ivar Roald etter kampen.

Neste kamp er heime mot Volda fredag 24. september kl. 1830.

Laget: Trond Elstad – Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Roger Grytten, Knut Ivar Bjørlykhaug – Ole Johan Urke (Johan Stavik, 77), Kristian Søviknes, André Larsen, Alexander Eide (Bee, 26) – Skjalg Volstad (Jan Even Drønnesund, 77), Kristoffer Søviknes.

Dommar: Anders Hauglund (Lokomotiv Oslo)
Assistentar: Magnus Tranholt (KFUM Oslo) og Espen Hegde (Vålerenga)

Spanande med dommartrio frå Oslo. Dei greidde seg stort sett godt, men kunne ha valgt å ikkje gi Grytten raudt kort sidan det trass alt ikkje vart gitt kort i straffesituasjonen eit par minutt før.