Norborg – Rollon 3-7 (1-2)
Uggedal stadion, 10.08.10
Sjansar: 12-12
0-1 Rickard Ytterlid (15)
1-1 Ole Johan Urke (16)
1-2 Johan Strand (str. 42)
1-3 Rickard Ytterlid (47)
1-4 Johan Strand (61)
2-4 Tarjei Urkedal (62)
3-4 André Larsen (65)
3-5 Daniel Gjerde (str. 81)
3-6 Daniel Gjerde (90)
3-7 Peter Wilhelmsen (90+2)
Raudt kort: Hans Edvard Nordang (42)
– Vi sløsar veldig med sjansane både før og etter utvisinga, og får samtstundes alle dommaravgjersler i mot, sa Norborg-trenar Ivar Roald etter kampen. Dei frammøtte i Uggedalen denne fine tysdagskvelden fekk sjå ein merkeleg kamp. Norborg var det førande laget i store delar 1. omgang, men måtte likevel gå til pause med 1-2 og ein mann mindre. I 2. omgang fekk Rollon mange overgongar mot eit offensivt heimelag og var både gode og heldige med dommaravgjersler som tok med seg storsiger heim til Larsgården.
Frustrasjon mot dommarane
Det var diverre dommar Krøvel og hans assistent Kringstad som vart det store samtaleevnet i løpet av 2. omgang og etter kampen. Dommartrioen greidde seg greitt før pause i ein lettdømt omgang. Etter pause stig temperaturen og vi føler at desse to dommarane er ein av hovudårsakane til dette ved å stadig la det vi i beste fall kan kalle tvilstilfeller, gå i Rollon sin favør.
Påverka dommaren resultatet? Sjølve resultatet hadde vore annleis dersom dommarane var ved sine fulle fem heile kampen. Sjølv om enkelte hevdar at både 1-3 og 1-4 måla til Rollon burde ha vore avblåst for offside så er det spesielt tre andre situasjonar som påverkar resultatet. På stillinga 1-3 blir Norborg snytt for eit klart straffespark då ein Rollon-spelar stoppa ballen med handa innafor straffefeltet. På stillinga 3-4 ti minutt før slutt blir det dømt straffe til Rollon i ein situasjon der Norborg er snytt for frispark i forvegen. 3-6 blir scora etter ein klar offside. Dei einaste på stadion som ikkje fekk med seg det var dommarane. Om Norborg hadde fått med seg poeng om desse situasjonane hadde gått i fordel Norborg får vi aldri vite. Rollon fekk kampen inn i sitt spor på 1-2 og viste klasse framfor mål. Det gjorde ikkje Norborg.
Norborg sløser
Norborg gjekk aggressivt til verks og skapte mange store sjansar den første halvtimen. Likevel er stillinga 1-1. Gode og aktive Rickard Ytterlid får god treff på ballen utanfor 16 meteren då han gir dei kvite og blå leiinga eit kvarter ut i kampen. Norborg svarar raskt då Tarjei Urkedal setter opp Ole Johan Urke. Han gjer ingen feil og Norborg har endeleg fått hol på byllen. Ved sidan av målet har Urke to skot i tverrliggjaren frå distanse, medan Adrian Håbet, Kristoffer Søviknes og Tarjei Urkedal er åleine med keeper Kristian Muriaas utan å få ballen i mål.
Rollon er rysta, men blir haldt inne i kampen av ein særs opplagt keeper. Diverre greier ikkje Norborg å halde oppe tempo mot slutten av omgangen og inviterar Rollon inn i kampen. Få minutt før pause brenner Daniel Gjerde sin andre store sjanse, men denne gong havnar returen i beina til rutinerte Johan Strand. Frå 16 meteren setter han ballen akkurat der han skal, men på veg mot nota rettar Norborg-midtstoppar Hans Edvard Nordang ut handa å stoppar ballen. Soleklar straffe og like klar utvisning. Nemnte Strand sette straffa sikkert i mål til 1-2.
Norborg burde ha scora både 2, 3 og 4 mål i denne omgangen, men måtte gå til pause med 1-2 og ein mann mindre.
Murphys lov
Alt som kan gå galt, går galt for Norborg etter pause. To minutt ut i omgangen fekk Johan Strand lov til storme i angrep på høgresida og skjere inn i 16 meteren. Uselvisk legg han ballen til rette for Rickard Ytterlid som enkelt putter sitt andre for dagen. – Ein meter offside, sa Norborg sin formann Grønli og innbyttar Kristian Søviknes der dei stod på høgde med Norborg si forsvarslinje.
Norborg gir likevel ikkje opp og kampen bølgjar fram og tilbake. Johan Strand har ein god sjanse til å auke til 1-4 på straffe, men skyt utanfor. På andre sida av bana så brenn Kristoffer Søviknes ein sjanse som er større enn straffe då han sette ballen på ein Rollon-forsvarar etter å ha passert keeper. Like etter blir Norborg snytt for straffe då ein Rollon-spelar stoppar ballen med handa etter forsøk av Adrian Håbet. Minuttet før timen er Adrian igjen på farta, men åleine med keeper Muriaas er det sistnemnte som vinn duellen.
Nytt håp for Norborg
Norborg står høgt og nok ein gong får Johan Strand tvilen kome til gode av assistentdommar Kringstad og stormar mot mål å sette ballen sikkert i nota åleine med keeper Trond Elstad. Kampen verkar punktert, men Norborg nektar å gi seg. Tarjei Urkedal tenner nytt håp då han setter inn sitt seriemål nr. 100 frå kloss hald etter forarbeid av Kristoffer Søviknes. Håpet stig endå meir då André Larsen sette inn 3-4 etter eit nytt forarbeid av Kristoffer.
Etter desse to raske reduseringane spaknar Norborg og Rollon har tilsynelatande kontroll. Ti minutt før pause så sørgar dommar Krøvel for at dei får full kontroll ved å dømme straffe nr. 3. Situasjonen oppstår i ein duell mellom Johan Strand og Jan Even Drønnesund. Strand gir Drønnesund først ein litan dytt som bør gi frispark til Norborg. Nokre sekund etter kjem Strand seg framfor Drønnesund då han skal klarere og vips dømmer Krøvel straffe! Denne gong er det Daniel Gjerde som tek straffa. Keeper Trond Elstad er på ballen, men den går likevel i mål. 3-5, og Norborg resignerer.
På overtid sette Daniel Gjerde inn 3-6 frå soleklar offsideposisjon. Strand rundar her keeper før han passar fram til Gjerde. Norborg sin utespelar mellom Gjerde og mållinja blir då rekna som “keeper” og gjer at det blir offside. Peter Wilhelmson gjer kvelden perfekt då han sette eit frispark stolpe inn til 3-7. Det var dermed ein gjeng frustrerte Norborg-spelarar som gjekk av bana etter det dei følte var spel 10 mot 13 i ein omgang.
Norborg hadde kampen i sitt spor den første halvtimen, men var ikkje dyktige nok framfor mål. I 2. omgang fortsette ein å misbruke sjansar og spelar også naivt i forsvar. Når ein stod så høgt med laget, må ein falle av langt tidlegare. I alle fall når assistentdommaren nekta å vinke for offside.
Trass ein del missar framfor kassa så var Kristoffer Søviknes og Tarjei Urkedal Norborg sine to beste spelarar.
Kva med Rollon? Dei var rufsete defensivt i denne kampen, men hadde ein opplagt Kristian Muriaas i mål. Offensivt hadde dei fleire gode spelarar. Rickard Ytterlid, Johan Strand og Daniel Gjerde skapte problem for Norborg både før og etter pause. Effektiviteten var det i alle fall ikkje noko å seie på for det som var divisjonens minst-scorande lag før denne kampen.
Norborg spelar ny heimekamp allereie fredag kl. 1830. Då mot Stranda.
Laget: Trond Elstad – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Hans Edvard Nordang, Knut Ivar Bjørlykhaug (Stein Erik Reitan, 66) – Ole Johan Urke, André Larsen (Kristian Søviknes, 77), Adrian Håbet, Alexander Eide (Jan Even Drønnesund, 54) – Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal.
Dommar: Torbjørn Krøvel (Ørsta)
Assistentar: Mathias Kringstad (Valder) og Bjarte Steinsbu (Brattvåg)