Norborg – Ravn 5-2 (3-2)
Norborg KGB, 18.02.10
Sjansar: 10-6
1-0 Skjalg Volstad (3)
2-0 Ole Johan Urke (15)
3-0 Geir Ove Grønli (16)
3-1 Tore Nedrevold (17)
3-2 Jørn Heggelund (40)
4-2 Ole Johan Urke (66)
5-2 Tarjei Urkedal (72)
Dommar: Arild Vegsund
Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund, Kristian Furnes (Daniel Olsbø, 46) – Ole Johan Urke, André Larsen, Skjalg Volstad (Bee, 46), Alexander Eide (Tarjei Urkedal, 68) – Tarjei Urkedal (Stein Erik Reitan, 46), Geir Ove Grønli (Johan Stavik, 46).
På ei glatt kunstgrasbane i Uggedalen vann Norborg 5-2 over nabo Ravn. Norborg fekk ein god start og leia tidleg 3-0, men Ravn gav ikkje opp og reduserte to gongar før pause. Etter pausen auka Norborg to gongar før laga bestemte for å gi seg ein halvtime ut i 2. omgang pga isete bane.
Norborg kjørt høgt tempo frå start av og leia 3-0 etter eit kvarter spel. Skjalg Volstad har vist ansvar i fleire kampar og laga 1-0 på eit flott skot i frå 25 meter. Ole Johan Urke scorar mål som aldri før og lot seg heller ikkje be to gongar denne gong då han snappa ei svak klarering og plasserte ballen fint i mål frå 14 meter. Rutinerte Geir Ove Grønli ville ikkje vere dårlegare enn ungdomane å sette ballen i nota etter forarbeid av Tarjei Urkedal.
Kampen verka å vere over, men Norborg slakka seg bakpå medan Ravn kjempa hardt. Tore Nedrevold reduserte raskt til 3-1 og fem minutt før pause sørga Jørn Heggelund for at laga gjekk til pause med 3-2.
Norborg hadde kontroll defensivt etter pause, men Ravn beit lenge godt frå seg i duellane. Likevel, Norborg har meir kvalitet i laget og då ein gira opp eit par hakk kom både 4-2 og 5-2 ved Ole Johan Urke og Tarjei Urkedal.
Kampen var punktert og laga valde å avslutte på grunn av banetilhøva.