Norborg – Hødd2 3-1

Norborg – Hødd2 3-1 (1-0)
Uggedal stadion, 30.08.10

Sjansar: 5-4

1-0 Kristoffer Søviknes (8)
2-0 André Larsen (55)
3-0 Tarjei Urkedal (59)
3-1 Robin Hjelmeset (68)

Norborg la ned ei hard arbeidsøkt då ein vann 3-1 over Hødd sine nest beste måndag kveld. – Vi scora på sjansane og la grunnlaget med knallhard jobbing, sa ein nøgd trenar Ivar Roald etter kampen.

Etter jamne opningsminutt scora Norborg på sin første målsjanse då Ole Johan Urke sin corner fann hovudet til Kristoffer Søviknes. Norborg låg kompakte i forsvar og let Hødd2 trille mykje ball på midten. Dei store sjansane greidde ikkje Hødd2 å spele seg til mot etablert forsvar. Det vart stort sett med skot frå distanse.

Norborg var nærast eit nytt mål då Tarjei Urkedal vart spelt igjennom like før pause, men mislukkast åleine med keeper Jan Lennart Urke. Dermed stod 1-0 seg til pause.

Etter pausen fekk vi sjå ein meir open kamp, med sjansar til begge lag. Norborg gjekk først opp til 2-0 på ein utsøkt lobb frå 17-18 meter av André Larsen. Ein god kandidat til årets mål i Uggedalen. Like etter gjer Larsen forarbeidet då han vinn ballen og spelar eint stikkar i bakrom til Tarjei Urkedal. Åleine med keeper gjer Urkedal ingen feil og plasserar ballen inne ved lengste stolpe. 3-0, og kampen verkar punktert.

Hødd2 gir likevel ikkje opp, og får stadig meir rom på midten mot trøytte Norborg-bein. Dryge tjue minutt før slutt blir Robin Hjelmeset spelt igjennom av Ruben Brandal og sette ballen hardt og presis i nota bak Espen Wold. Hødd2 pressa på for yttarlegare mål, men keeper Wold tok seg greitt av det som slapp forbi eit stødig forsvar. Norborg haldt dermed greitt unna og tok ein fortent 3-1 siger mot eit litt omstendelegt Hødd2-lag.

Mange gode på Norborg i dag, ikkje minst fungerte laget defensivt med god organisering og hard jobbing. Keeper Espen Wold sikker i klypene på Hødd2 sine skot og innlegg, Roger Grytten sjef i forsvar saman med Elling Mikal Kalvø, Steffen Grytten og André Larsen jobba knallhardt sentralt på midtbana, medan Tarjei Urkedal la ned mange kilometer på topp.

Norborg sin neste kamp er borte mot Bergsøy fredag 3. september.

Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Roger Grytten, Elling Mikal Kalvø, Knut Ivar Bjørlykhaug – Ole Johan Urke (Stein Erik Reitan, 46), Steffen Grytten (Jan Even Drønnesund, 90), André Larsen (Skjalg Volstad, 75), Kristoffer Søviknes (Bee, 78) – Tarjei Urkedal, Alexander Eide (Hans Edvard Nordang, 65).

Dommar: Bjørn Bakkom (Vartdal)
Assistentar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg) og Jon Olav Skodjereite (Skodje)

Lettdømt kamp for dommartrioen som hadde ein fin dag på jobben.