Norborg – Hareid 1-3 (1-2)
Uggedal KGB, 07.05.10
Sjansar: 3-8
0-1 Kim-Tore Husøy (2)
1-1 Geir Ove Grønli (16)
1-2 Even Hansrud (39)
1-3 Kim-Tore Husøy (90+3)
Norborg kom tidleg bakpå og vart kjempa i senk av eit aggressivt Hareid-lag. Alt i alt eit fortent tap i ein lite velspelt kamp.
Norborg har i dei tre første seriekampane tatt leiinga, men denne gong fekk ein smake sin eigen medisin då Hareid gjekk i strupa på ein med ein gong. Før to minutt var spelt fekk vi sjå korleis denne kampen skulle utarte seg. Hareid klinka ballen i bakrom mot Kim-Tore Husøy. Han spring frå Norborg-forsvaret og dunkar ballen i nota bak keeper Espen Wold.
Hareid fortsatte med å slå ballen langt og vann nær sagt alle duellane. Norborg med litt meir banespel, men tydde også til mange lange ballar. Det vart då ikkje nokon vakker kamp i Uggedalen denne fredagskvelden. Eit kvarter ut i kampen spela Norborg seg fram til eit hjørnespark. Kristian Søviknes legg presist inn på hovudet til Geir Ove Grønli som stangar ballen i nettmaskene til 1-1.
Det var likevel noko tamt over Norborg denne kvelde. Hareid fortsette å vinne duellar og kom seg også til eit par bra sjansar til å ta tilbake leiinga. Nokre minutt før pause kom så også 1-2 målet. Vi kan vel knappast kalle det ein sjanse vådeskotet/mislykka innlegget (?) som Even Hansrud sendte av garde frå 35 meter. Men ballen gjekk i ei fin boge over keeper Wold og i mål.
Norborg gjorde sin svakaste omgang heime i Uggedalen på fleire år og sleit med pasningsspelet. No spelte Norborg mot sola og då var det vanskelegt å sjå forskjell på dei oransje og raude draktene. Men, dette kan ikkje ta all skyld. Ein tapte nemleg svært mange nærduellar. Spesielt etter at Geir Ove Grønli måtte ut med skade før halvtimen var spelt.
I 2. omgang skjedde det lenge lite framfor mål. Hareid fortsette å vinne duellane mot eit Norborg-lag som aldri var oppe på det nivået ein viste mot Stranda. Tjue minutt før slutt kjem Norborg seg til sin andre sjanse, men Tarjei Urkedal avslutta rett på keeper Vagn Skeide Mork. På overtid har Norborg igjen sjansen til å redde eitt poeng, men Kristoffer Søviknes si avslutning på Skjalg Volstad sitt innlegg vart redda av eit tigersprang av keeper Mork. Norborg satsa alt framover og då kontra Kim-Tore Husøy inn 1-3. Eit heilt greitt resultat basert på sjansar og innsats.
Langt mellom lyspunkta hos Norborg, men André Larsen skal i alle fall ha godkjent for løpsvilja si.
Neste kamp er borte mot Hødd2 tysdag 18. mai.
Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund – Ole Johan Urke (Daniel Olsbø, 81), André Larsen, Alexander Eide (Adrian Håbet, 66), Tarjei Urkedal – Geir Ove Grønli (Skjalg Volstad, 25), Kristoffer Søviknes.
Dommar: Mathias Smehus Kringstad (Valder)
Assistentar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg) og John Olav Skodjereite (Skodje)