Norborg – Godøy 4-1

Norborg – Godøy 4-1 (2-0)

Sjansar: 16-2
Hjørnespark: 10-3

1-0 Tarjei Urkedal (29)
2-0 Tarjei Urkedal (45)
2-1 Iver Valkvæ (49)
3-1 Hans Edvard Nordang (58)
4-1 Skjalg Volstad (78)

Norborg kosa seg og fekk trille mykje ball mot divisjonens botnlag Godøy. Sjansane kom på løpande band og resultatet er noko flatterande. Sigeren burde nemleg ha vore langt større.

Norborg stilte tilnærma fullt mannskap mot eit Godøy-lag som har blitt kraftig svekka frå då ein møttest i siste seriekamp i fjor haust. 3-1 enda det den gong, og heimelaget hadde godt håp om å overgå dette.

Adrian Håbet er endeleg heime på ferie og gjekk rett inn på laget. Han var også spelaren bak kampens første sjanse då to minutt var gått, men avslutninga frå 10-12 meter gjekk utafor. Norborg fortsette å presse på og både Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal og Hans Edvard Nordang hadde store sjansar til å sende Norborg i føringa, men ballen ville ikkje i nota.

Det var i grunn berre snakk om når Norborg ville få hol på byllen, og like før halvtimen var spelt lykkast ein endeleg då Tarjei heada inn eit langt oppspel frå høgreback Jan Even Drønnesund. Godøy hadde lite å by på og Norborg fekk mange overgongar. Diverre utnytta ein desse dårleg, samstundes som Godøy si forsvarsrekke var dyktige til å sette Norborg sine spissar i offside. Fem minutt før pause greidde likevel Godøy å spele seg fram til ein sjanse etter innlegg frå høgre, men headinga frå 7-8 meter gjekk like utafor. I staden for 1-1, noko som ville ha vore særs urettvist, så er det Norborg som doblar leiinga ved Tarjei Urkedal. Målet kom etter fint kombinasjonsspel på høgresida før Kristoffer Søviknes la lavt inn til Tarjei som puttar frå kloss hald. 2-0, og Norborg går fortent til pause med leiing.

Heimelaget fortsette presset mot Godøy-målet etter pause og burde ha gjort 3-0 ved Kristoffer Søviknes, men i staden er det Ivar Valkvæ som sjokkreduserar til 2-1 på noko som må kallast eit vådeskot som ente opp i eit vakkert mål. Skotet frå nokre meter utafor kanten av 16 meteren traff tuppen av skoen til ein Norborg-spelar og fekk ei perfekt boge over keeper Espen Wold og under tverrliggjaren. Kunne Godøy kome tilbake i kampen? Nei, Norborg rista av seg sjokket og skapte sjansar på løpande band.

Hans Edvard Nordang heada inn 3-1 etter frispark av Kristian Søviknes, medan Skjalg Volstad viste overblikk, kraft og presisjon då han banka inn 4-1 frå 40 meter på ein Godøy-keeper som stod langt ute. Ved sida av måla så hadde både André Larsen, Adrian Håbet, Ole Johan Urke og Hans Edvard Nordang fleire sjansar kvar til å score. Men redda ikkje keeper så var det ein utespelar som redda på strek. Dermed enda kampen med berre 4-1 siger.

Kosestund for Norborg denne gong der ein fekk god tid med ball og skapt mange sjansar. Tarjei Urkedal vart kåra til banens beste med to mål og iherdig innsats. Spissmakker Kristoffer Søviknes fann ikkje nettmaskene denne gong, men stod bak mange gode angrep og la ned stor innsats. André Larsen fekk den siste stjerna av juryen med sin oppofrande spelestil.

Neste kamp for Norborg er borte mot Spjelkavik fredag 25. juni.

Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund – Ole Johan Urke (Skjalg Volstad, 75), André Larsen (Bee, 83), Adrian Håbet, Hans Edvard Nordang (Geir Ove Grønli, 83) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Daniel Olsbø, 86)