Norborg – Brattvåg 4-2 (3-2)
Norborg KGB, 28.01.10
7 sjansar 4
6 cornere 3
1-0 Ole Johan Urke (4)
2-0 Skjalg Volstad (9)
2-1 Jan Egil Ulla (22)
3-1 Ole Johan Urke (24)
3-2 Even Heggdal (36)
4-2 Skjalg Volstad (85)
Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg) og Arild Vegsund (Norborg)
Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund, Stein Erik Reitan (Kristian Furnes, 46) – Ole Johan Urke (Bee, 46), André Larsen (Kristoffer Søviknes, 82), Skjalg Volstad, Kristoffer Søviknes (Geir Ove Grønli, 46) – Tarjei Urkedal, Alexander Eide (S. E. Reitan, 69).
Norborg var det beste laget under gode speleforhold på Grytastranda og vann fortent over nabo Brattvåg torsdag kveld. Spesielt den første halvtimen viste heimelaget mykje bra. I 2. omgang var vi vitne til ein langt meir keisam kamp der Norborg kontrollerte inn til sin andre siger for året.
Norborg gjekk i strupa på Brattvåg frå første spark og leia 2-0 før ti minutt var spelt. Ole Johan Urke laga 1-0 då han sette ballen i mål etter retur frå keeper etter forarbeid av Alexander Eide. Heimelaget var kvikkare i beina enn sine gjestar, og den kvikkaste av dei alle, Skalg Volstad, ordna 2-0 då han sprang frå midtstreken til 16 meteren og sette ballen stolpe inn med venstrefoten.
Medan dei fleste venta på 3-0 var det i staden Jan Egil Ulla som heada inn ei redusering etter innlegg av Eirik Æsøy. Her var Norborg i fleirtal og burde ha fått klarert. Norborg kjem seg raskt til hektene og berre to minutt seinare plasserar Urke ballen sikkert i mål etter innlegg av Tarjei Urkedal.
Med vinden i ryggen kom Brattvåg høgare opp på bana det siste kvarteret, og ti minutt før pausen reduserar Even Heggdal til 3-2 på eit skot frå rundt 20 meter.
2. omgang vart mindre underhaldande enn den første. Norborg hadde kontroll defensivt og Brattvåg skapte nær ingenting. Eit skot frå distanse av Hazhin som gjekk i overkant av tverrliggjar var det vi noterte frå gultrøyene.
Norborg spelte meir langt i denne omgangen og fekk dermed ikkje med si kreative midtbane som i 1. omgang. Nokre fine angrep fekk vi likevel sjå. Eit kvarter ut i omgangen fekk vi sjå fine kombinasjonar på høgresida før Tarjei Urkedal la inn til Alexander Eide som helsparka ballen i mål. Men målet vart annullert for offside. Ti minutt seinare burde Tarjei ha scora, men sette ballen i tverrliggjar og ned på strek. Vi måtte dermed vente til det 85. minutt på det fjerde målet då Skjalg klinka ballen i mål frå om lag 20 meter.
Unge Volstad var kampens dominerande spelar. Med teknikk, fart og ein god skotfot leika han seg med Brattvåg sine spelarar. Vi kan også trekke fram Tarjei Urkedal og Alexander Eide blant mange gode offensive spelarar på Norborg. Midtstoppar Roger Grytten var også i godt spelehumør og kosa seg på den grøne matta med kløkt forsvarsspel og fine dribleseriar. Norborg sitt midtstopparpar Grytten/Drønnesund spelte i lag for første gong sidan opprykkssesongen 2000! Etter pause var det potte tett.
Norborg skal ut i ny treningskamp laurdag 6. februar. Då ventar tøff motstand frå Sunndal.