Norborg – Bergsøy 2-3 (1-3)
Uggedal stadion, 25.05.10
Sjansar: 3-8
0-1 Kjetil Paulsen (25 sekund)
1-1 Tarjei Urkedal (9)
1-2 Andreas Kurseth (32)
1-3 Alexander Dahle (40)
2-3 Skjalg Volstad (83)
Norborg gjekk på eit fortent tap for Bergsøy heime i Uggedalen tysdag kveld. Gjestane var best i det meste mot eit heimelag som fekk lite til.
Tilskodarane hadde knapt fått satt seg før Bergsøy sin Kjetil Paulsen dunka ballen i mål frå ca. 25 meter og dermed gav heimelaget eit sjokk. Norborg kom seg likevel raskt til hektene og utlikna før ti minutt var spelt etter at Geir Ove Grønli spelte Tarjei Urkedal igjennom. Men det var noko tamt over heimelaget denne kvelden og Bergsøy fekk styre kampen. Etter å ha produsert fleire halvsjansar lykkast ein to gongar det siste kvarteret av 1. omgang, og gjekk fortent til pause med 1-3 leiing. 1-2 kom på eit velplassert skot i frå 20 meter av Andreas Kurseth. Medan Alexander Dahle fekk to sjansar på å sette inn 1-3 åleine med keeper Espen Wold. Den første sette han i stolpen, den andre i mål. Norborg sitt forsvar hevda at målet burde ha vore annullert for offside.
Ein svak omgang av Norborg som også opplevde at begge spissane måtte gi seg. Geir Ove Grønli fekk føling med akillesskaden sin, medan Tarjei Urkedal måtte ut grunna sjukdom.
Norborg heva innsatsen og duellviljen etter pausen, og fekk då betre kontroll defensivt. Offensivt fungerte det likevel dårlig og det tok lang tid før Bergsøy sin keeper Kim René Vågeskar fekk vere borti ballen. Bergsøy styrte midtbana og trilla mykje ball, men vart stoppa då dei nærma seg 16 meteren. Det vart difor ein sjansefattig omgang.
Mot spelets gong scora Norborg omgangens einaste mål då Kristian Søviknes slå ballen over Bergsøy sitt forsvar til Skjalg Volstad på løp. Åleine med keeper gjorde han ingen feil og det låg an til spenning på slutten med 2-3. Særleg spennande vart det likevel ikkje. Bergsøy hadde full kontroll og var nærmare eit fjerde mål enn Norborg tre.
Norborg kom i grunn aldri inn i denne kampen. Bergsøy sitt midtbaneanker Kjetil Paulsen styrte spelet med lekre pasningar og gode dragningar. Banens suverent beste spelar. Mogeleg burde norborgarane spurt Paulsen om han kunne bli igjen for å lære dei å slå pasningar. For Norborg sitt pasningsspel var under ein kvar kritikk. No hadde Paulsen betre arbeidstilhøve då han hadde medspelarar som gjekk på løp. Norborg sitt angrepspel var planlaust og stilleståande. Kvar er den entusiasmen ein viste mot Stranda for nokre veker sidan?
– Det var tungt i dag og vi fekk lite til offensivt. Vi vart springande mykje i mellom og pasningskvaliteten var ikkje til stede i periodar, sa kaptein Kristian Søviknes etter kampen.
Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund – Ole Johan Urke (Bee, 73), Alexander Eide (Daniel Olsbø, 73) (Kristian Furnes, 88), André Larsen, Kristoffer Søviknes – Tarjei Urkedal (Stein Erik Reitan, 46), Geir Ove Grønli (Skjalg Volstad, 37).
Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)
Assistentar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg) og Oddbjørn Aam (Åmdal)