Hødd2 – Norborg 5-0

Hødd2 – Norborg 5-0 (0-0)
Høddvoll

Sjansar: 12-5

1-0 Andreas Olsen (56), 2-0 Eirik Heltne (63), 3-0 Eirik Heltne (75), 4-0 Robin Hjelmeseth (84), 5-0 Robin Hjelmeseth (87).

Norborg greidde ikkje å unngå stortap i Ulsteinvik tysdag kveld. Etter ein mållaus 1. omgang der Norborg så absolutt var med på notane, så rundspelte etterkvart unge høddarar trøytte norborgarar.

Norborg reiste til Ulsteinvik med ein syltynn tropp på 13 spelarar tysdag kveld. Fleire av dei halvskadd og småsjuk. Det vart då som venta tøft mot eit godt heimelag.

Norborg og Geir Ove Grønli fekk første store sjansen då han fann seg sjølv åleine med keeper etter eit langt oppspel av Kristian Søviknes og stuss i bakrom av ein høddar. Grønli valde kraft i staden for presisjon og ballen small i stolpen. Stolpane var ikkje venn med spelarane denne kvelden. For heimelaget hadde også to i aluminiumet før pause.

Hødd2 hadde ballen mykje, medan Norborg satsa på kontringar. På den humpete Høddvollmatta så vart det då også rom for brot på midtbana for Norborg mot eit Hødd-lag som satsa på å spele seg framover bana langs bakken.

Norborg var då også nær mål. Geir Ove Grønli fekk sin andre sjanse på hovudet etter ein presist slått corner av Ole Johan Urke, men avslutninga frå kloss hald gjekk utanfor målet. Ti minutt før pause skyt Ole Johan Urke eit frispark i tverrliggjar frå 35 meter. Norborg kunne med litt marginar fått tre mål før pause, men måla var nokre centimeter for små.

Etter ein mållaus og forholdsvis jamn 1. omgang så var det få som trudde på stortap for Norborg, men med to innbyttarar der den eine måtte nyttast allereie eit kvarter før pause, så vart det tyngre og tyngre for oransjetrøyene.

Dryge ti minutt ut i 2. omgang kontra Hødd2 på venstresida ved aktive og gode Christian Mork. Han fann Andreas Olsen framfor mål som enkelt fann vegen til nettmaskene. Nokre minutt seinare kjem 2-0 då Eirik Heltne vart spelt fri og scorar åleine med keeper.

Norborg prøvar å løfte seg og la eit lite press på heimelaget dei neste minutta. Ein corner frå Ole Johan Urke vart heada i stolpen av ein Hødd-spelar, medan Urke sjølv fekk ein god sjanse litt seinare då han lobba over keeper men på utsida av stolpen.

I løpet av det siste kvarteret vart det spel mot eit mål og Hødd2 laga tre mål. To av dei etter tabber av Norborg. Eitt etter fint spel.

Norborg viste langt betre innsats i denne kampen enn mot Hareid sist, men Hødd2 viste seg som mykje betre trent og gjorde som dei ville i 2. omgang.

– Vi var med så lenge kreftene haldt, men då dei tok slutt og vi ikkje hadde folk å sette inn så vart det tungt, sa Norborg-trenar Ivar Roald etter kampen.

Sentralmidtbanen med André Larsen og Alexander Eide Norborg sine to beste i går. Dei jobba steinhardt til kreftene tok slutt og viste også tekniske detaljar. Ole Johan Urke var den største trusselen offensivt med sin høgrefot og var involvert i 4 av 5 målsjansar.

Neste kamp for Norborg er heime mot Bergsøy tysdag 25. mai kl. 1830.

Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund – Ole Johan Urke, André Larsen, Alexander Eide, Kristoffer Søviknes (Daniel Olsbø, 32) – Geir Ove Grønli (Bee, 66), Tarjei Urkedal.

Dommar: Bjørn Bakkom (Vartdal)
Assistentar: Arild Holm (Valder) og Norvald Lausund (Lepsøy)