Herd – Norborg 1-0

Herd – Norborg 1-0 (1-0)
Color Line Stadion, 28.05.10

Sjansar: 7-4
Hjørnespark: 3-6

1-0 Lasse Olsen (15)

Norborg fekk med seg eit heiderleg resultat i bortemøtet mot topplaget Herd fredag kveld. Eit perleskot av Lasse Olsen vart det som skilde laga i målprotokollen. Herd var spelemessig det førande laget, men Norborg var frampå ved fleire høve og kunne med litt flaks fått med seg eitt poeng frå CLS.
– Vi var tilbake slik vi skal opptre i kveld. Vi jobba betre, vi jobba i lag og etterkvart som kampen gjekk fekk vi også tilbake sjølvtillit, sa trenar Ivar Roald etter kampen.

Med litt tur så kunne Norborg reist frå Ålesund med poeng denne kvelden, for få minutt før slutt kom Tarjei Urkedal seg igjennom, pirka ballen forbi Herd-keeper Breivik, men tok seg litt for lite tid frå skrått hald og sette ballen i nettveggen. Norborg var mindre enn ein halvmeter frå poeng.

Før den tid hadde Herd hatt ballen særs mykje og skapt 7-8 gode sjansar, men Norborg sin keeper Espen Wold var opplagt og tok alt unntatt ein ball. Lasse Olsen er Herd sin store profil og spelaren bak dei fleste av heimelaget sine angrep. Etter å ha uselvisk spelt ballen til Jonas Larsen som avslutta utanfor åleine med keeper, så tok Olsen saka i eigne hender på laget sin andre sjanse då han avanserte inn frå venstrekant og avslutta med eit perfekt skot heilt oppe ved vinkelen frå ca. 16 metersstreken. Ein sterk kandidat til årets mål på CLS.

Dei fleste trudde no at Herd kom til å “pøse” på, men det var noko tamt over dagens Herd-lag mot hardtarbeidande norborgarar. Både Kristoffer Søviknes og Tarjei Urkedal hadde sjansen til å score før pause, men avslutningane gjekk ikkje innafor stolpane. Dermed 1-0 til Herd ved pause.

– Herd kjem ikkje til å gå gjennom serien utan poengtap. Det poengtapet kan kome mot oss i dag, sa Roald til sine gutar. 2. omgang fortsette om lag som den første. Herd hadde ballen mykje og skapte sporadiske sjansar. Norborg var heile tida med, og både Ole Johan Urke, André Larsen og Skjalg Volstad hadde skot som var nær ved å gå i mål. Diverre lykkast ein ikkje denne gong og Norborg måtte innsjå at Herd tok alle poenga. Noko som var fortent etter spel og sjansar.

Best på Norborg var trioen Espen Wold, Roger Grytten og Skjalg Volstad. Wold sikker i klypene, Grytten som vanleg stødig i midtforsvaret og Volstad med større arbeidskapasitet enn på lenge. Dette lovar godt for dei neste kampane.

Neste kamp er heime mot Valder fredag 4. juni.

Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Morten Kalvø, Roger Grytten, Stein Erik Reitan (Kristian Furnes, 79) – Ole Johan Urke, André Larsen, Skalg Volstad, Alexander Eide (Johan Stavik, 87) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Bee, 70)