Godøy – Norborg 4-2 (1-0)
Godøybana gras, 02.10.10
Sjansar: 8-11
1-0 Erlend Homen (33)
1-1 Knut Ivar Bjørlykhaug (62)
2-1 Henning Dyb (68)
2-2 Martin Løken (70)
3-2 Aleksander Alnes (87)
4-2 Marcus Volle (89)
Norborg dominerte før pause, men sløste med sjansane og måtte sjå Godøy score på sin eine sjanse. Etter kvila var kampen langt jamnare i spel. Men ein ting skilte laga. Nemleg det viktigaste. Det å score mål. Det gjorde Godøy fleire gongar enn Norborg. Elles fekk Norborg tre a-lagsdebutantar i denne kampen. Marius Ulla Hatlehol, Fredrik Ulla Staurset og Marius Gamlem.
For ti år sidan rykte Norborg opp frå 6. til 5. divisjon, og medlemane av Grytastrand-delen av Norborg kom med følgjande uttalelse: – Vi skal rykke opp til 3. divisjon, slå Brattvåg og legge opp! I juli 2010 vann Norborg 3-0 over Brattvåg, og med unntak av ein imponerande siger over eit godt Hødd2 så ser laget frå Søvik/Grytastranda ut til å ha levd opp til dette utsegnet. I kampen mot Godøy stilte Norborg med 11 a-lagsspelarar og fylte opp benken med juniorar. Stor takk til dei juniorane, og tjue minutt før slutt såg det ut til at ein av dei skulle bli redninga. Men då Norborg jaga leiarmålet fekk ein to mål i fleisen. Norborg har tydeleg ikkje marginane med seg for tida.
Norborg var det førande laget før pausen. Raske Norborg-angriparar skapte store problem for Godøy og vi fekk sjå fleire gode kombinasjonar. Men ville ballen i mål? Nei! Så skjer det som brukar å skje når Norborg fører kampen. Motstandar får ein sjanse å scorar. Etter eit innkast taper ein to duellar innanfor 16 meteren og headinga til Erlend Holmen går i fin boge over alle og inn ved lengste stolpe. 1-0 til heimelaget. Urettvist etter spel og sjansar? Ja, men slik er fotballen.
Norborg jaga utlikning i minutta før pause, men fekk ikkje anna enn ein ball i stolpen. I minutta før pause hadde også Henning Dyb sett nok av Adrian Håbet sine herjingar på venstresida og grisetakla han på verste måte. Adrian måtte berast av bana medan Dyb vart lønna med gult kort. Her burde nok det raude ha blitt vist og ein spelar av Dyb sin kaliber burde ha haldt seg for god til å sette inn ei slik takling på midtbana. Her var det reint på mann bakfrå.
Godøy gjekk til pause med ei heldig 1-0 leiing. Norborg styrte det meste og skapte fem store sjansar og ei drøss med halvsjanar, men ballen ville altså ikkje i mål. Straffe vart ein nok også snytt for då keeper Tilseth tok beinet til Kristoffer Søviknes, men Kristoffer fall ikkje og jakta i staden på ballen som gjekk utover sidelinja.
2. omgang vart ein langt meir open kamp. Norborg jakta utlikning og stod høgt med forhaldsvis treige forsvarar. Godøy sin Marcus Volle fekk omgangens første sjanse då han sprang frå forsvaret og var åleine med keeper Trond Elstad, men Elstad vann duellen og haldt Norborg inne i kampen.
Eit kvarter ut i omgangen er Tarjei Urkedal på nærmast blank goal, men avslutninga ballen får ein sprett på den humpete Godøy-bana og ballen fyk over mål. Utlikninga skal likevel kome då Tarjei blir felt like utafor 16 meteren. Knut Ivar Bjørlykhaug sette frispark presist i mål. – Det blir vel det einaste målet ej får i 3. divisjon, sa midtstopparen etter kampen.
Godøy tek for første gong over spelet i ei lita periode og scorar nok ein gong etter innkast. Norborg får ikkje klarert og Henning Dyb sette ballen heilt inne ved stolpen frå 10 meter. Utlikninga kjem berre to minutt seinare då André Larsen spelar ut til Kristoffer Søviknes som finn Martin Løken framfor mål. Han gjer ingen feil og putter ballen i mål frå få meter. Ti minutt seinare er Kristoffer Søviknes sjølv i scoringsposisjon, men åleine med keeper går lobben til side for mål.
I sluttminutta gløymer Norborg å spele forsvar og Aleksander Alnes og Marcus Volle scorer åleine med keeper. Godøy vinn 4-2. i våre auge eit flatterande resultat, men når Norborg ikkje avgjer kampen før pause på sine store sjansar, så får ein vel som fortent. – Det beste laget vann ikkje, men sigeren var vel fortent sidan det gjeld å score mål, sa Hans Edvard Nordang etter kampen. Og ja, Norborg var best mellom 16 meterane. Sjølv om Godøy vann det meste i lufta, men det var Norborg som stod for spelet og burde med normal uttelling ha vunne denne kampen.
Norborg fekk heile tre debutantar i denne kampen. Marius Ulla Hatlehol, Fredrik Ulla Staurset og Marius Gamlem fekk alle kome inn i sluttminutta. Sjølv om det vart tap får vi håpe denne trioen, samt andre juniorar ønsker å bli med vidare og trene hardt. Det er det som må til for at Norborg skal bli eit stabilt topplag i 4. divisjon dei komande åra. Rekrutteringa i Norborg har jo kkje vore den beste sidan 88/89 generasjonen tok Sunnmøre med storm for nokre år sidan.
Sjølv om det vart tap gjorde ikkje Norborg nokon dårleg figur på Godøya. Tarjei Urkedal la ned mange kilometer og var totalt sett Norborg sin beste spelar. Kristoffer Søviknes skapte også mykje bryderi for Godøy og tilfeldigheiter gjorde at det ikkje vart mål. André Larsen og Elling Mikal Kalvø la også ned ein god jobb på midtbana.
-Vi gjorde ein god vårsesong, men i haust har det blitt for ustabilt. Vi har blitt tvunget til å gjere mange endringar på laget frå kamp til kamp og det har gjort sitt til at vi ikkje har greidd å følgt opp vårsesongen. I dag dominerte vi spelet, men får ikkje utteljing på sjansane, sa kaptein og assistenttrenar Kristian Søviknes etter kampen.
Norborg sin siste kamp i 3. divisjon er heime mot Spjelkavik fredag 8. oktober kl. 1830.
Laget: Trond Elstad – Kristian Søviknes, Knut Ivar Bjørlykhaug, Jan Even Drønnesund, Hans Edvard Nordang – Adrian Håbet (Martin Løken, 46) (Fredrik Staurseth, 89), André Larsen (Marius Ulla Hatlehol, 86), Elling Mikal Kalvø, Tarjei Urkedal – Kristoffer Søviknes, Alexander Eide (Marius Gamlem, 90).
Dommar: Even Myrheim (Herd)
Assistentar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg) og Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy)
God jobb av dommartrioen.