Bergsøy – Norborg 6-2

Bergsøy – Norborg 6-2 (3-1)

Sjansar: 14-5

1-0 Kjetil Paulsen (9)
2-0 Gustav Pettersen (18)
2-1 Kristoffer Søviknes (33)
3-1 Peter Daniel Baade (35)
3-2 Skjalg Volstad (61)
4-2 Andrius Petreikis (65)
5-2 Frank Sverre Skorpen (83)
6-2 Jim Kjellstadli (89)

Bergsøy tok kommandoen frå start av mot eit Norborg-lag som måtte gjere store endringar frå måndagens kamp. Med fem mann borte frå sist startoppstilling, verka det som norborgarane mangla trua på siger mot opprykksjagande Bergsøy. Heimelaget pressa på og skapte mange sjansar, likevel, ein time ut i kampen var stillinga berre 3-2. Diverre sørga tre mål etter dødball for at resultatet ikkje vart så heiderleg som det kunne ha blitt. Vi gratulerer Martin Løken med debuten på Norborg sitt A-lag, og det utan å ha vore på ei einaste A-trening. Det vart eit positivt bekjentskap då han like etter innhoppet storma nedover høgrekanten og la flott inn til Norborg sin bestemann, Kristoffer Søviknes, som diverre sette ballen i stolpen.

Dårleg start på dagen
– Du må ta med deg fotballsko på kampen i dag for vi er berre 11 spelarar, var det første Norborg sin assistenttrenar Kristian Søviknes sa til underteikna då han kom på jobb fredag morgon. Heldigvis stilte juniorane Johan Stavik og for dei fleste norborgarane, ukjente Martin Løken, seg disponible for laget utpå ettermiddagen. Likevel, Norborg venta ei særs tøff oppgåve i Fosnavåg med blant anna midtstopparar på vingane og nokre spelarar som ikkje var heilt i form.

Ei lita opptelling viser at følgjande spelarar som har over 100 minutts seriefotball i år mangla: Espen Wold – Kjell-Terje Brusdal, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – Ole Johan Urke, Steffen Grytten, Adrian Håbet, Alexander Eide – Geir Ove Grønli, Tarjei Urkedal, Daniel Olsbø.

Dårleg start på kampen
På bana stilte ein 11 mot 11, men det vart tidleg klart at dette skulle bli ein forsvarskamp for Norborg. Bergsøy pressa på frå første minutt. I det 9. minutt rotar Norborg det til for seg med småspel inne på eigen halvdel. Det gjer ein ikkje ustraffa når motstandaren heite Kjetil Paulsen og Bergsøy. Paulsen krangla seg forbi eit par spelarar og sette ballen i mål bak keeper Trond Elstad.

Ni minutt seinare var det klart for 2-0 då Gustav Pettersen fekk beina ein corner i mål frå få meter. Bergsøy fortsette å styre spelet og det må seiast å vere kraftig urettvist då Kristoffer Søviknes blir spelt fri av Hans Edvard Nordang og putter ballen i mål åleine med keeper dryge ti minutt før pause. Gleda varte ikkje lenge for Norborg, for eit par minutt etter får vi sjå Peter Daniel Baade snappe opp ei horribel tversoverpasning. Han storma fritt mot mål og klinka ballen i nota oppe ved krysset. På slutten av omgangen spelar Norborg seg til to store sjansar. Kristoffer Søviknes får sjå si avslutning bli blokkert på strek, medan Skjalg Volstad skyt over opent mål. Dermed går heimelaget til pause med fortent 3-1 leiing.

Trenar Ivar Roald er lite nøgd i pausa og manar spelarane sine til å slutte med dei unødvendige balltapa på midten og få klareringane sine opp mot Kristoffer på topp. For Bergsøy sitt forsvar var ikkje solid når dei vart pressa av hurtigtoget frå Hamnsund.

Redusering
Norborg demmar opp i opningskvarteret av 2. omgang og Bergsøy får lite eller ingenting til. Då vi passerar timen spelt har Norborg utspark. Knut Ivar Bjørlykhaug klinkar baller inn på Bergsøy sin halvdel, Hans Edvard Nordang stusser i bakrom til Kristoffer Søviknes, som spelar igjennom Skjalg Volstad. Han gjer ingen feil åleine med keeper og ballen trillar i mål til 3-2.

Kortvarig glede
Nok ein gong vart ikkje gleda lenge for Norborg. Fire minutt seinare klinka Andrius Petreikis ballen i nota etter corner. Fjorten minutt før slutt fekk Norborg ein debutant då Martin Løken kom inn. Minuttet etter lurer han Bergsøy sin venstreback og stormar mot kortlinja. Innlegget finn Kristoffer Søviknes framfor mål, men diverre går avslutninga i stolpen. Dette var det siste Norborg gjorde offensivt, og eit slitent lag måtte sjå Bergsøy auke til både 5-2 og 6-2. Frank Sverre Skorpen sette inn 5-2 på retur etter at først Trond Elstad hadde redda straffespark. Jim Kjellstadli er heldig då Elstad bokser ballen i hovudet hans etter corner og ballen sprett i mål.

Ein småsjuk Kristoffer Søviknes var Norborg sin beste spelar. Han skapte problemer for Bergsøy sitt forsvar kvar gong han fekk ein god ball å jobbe med.

Norborg sin neste kamp er mot topplaget Herd torsdag 9. september kl. 18. Då vonar vi trenar Roald har fleire spelarar å velge i.

Laget: Trond Elstad – Kristian Søviknes, Roger Grytten, Elling Mikal Kalvø, Jan Even Drønnesund (Martin Løken, 76) – Hans Edvard Nordang, André Larsen, Bee, Knut Ivar Bjørlykhaug – Skjalg Volstad (Johan Stavik, 68) – Kristoffer Søviknes.

Dommar: Sigurd Smehus Kringstad (Valder)
Assistentar: Øystein Ytterland (Valder) og Rolf Eldevik (Ellingsøy)

Særs bra jobb av dommartrioen.


Martin Løken (snart 18) fekk sin A-debut for Norborg. Han meldte tidlegare i år overgong frå
Brattvåg til Norborg sitt juniorlag.


Ivar ikkje heilt nøgd med arbeidet som var gjort før pause, men som alltid i Norborg,
så er ikkje smilet langt unna. Skjalg, Elling og Hans på benken.

Andre resultat:
Rollon – Hareid 3-2 (0-1)
Fem mål, men berre to målscorarar. Daniel Gjerde med hat-trick for heimelaget. Kim-Tore Husøy med to for Hareid.

Herd – Brattvåg 2-0 (0-0)
Heimelaget avgjorde kampen i det siste kvarteret etter mål av Vegard Bruland og Andreas Ulvestad.

Volda – Godøy 9-0 (1-0)
Det tok heile 42 minutt før Volda tok leiinga ved Atle Driveklepp. Same mann sørga for 2-0 etter pause. Trond Brynestad scora fire mål mot moderklubben. Frantz Frantzen, Vegard Hellebust og Knut Arne Grimstad scora dei øvrege.

Valder – Spjelkavik 4-4 (3-1)
Heimelaget var stort sett i føringa heile kampen, men Adrian Hagerup sørga for poengdeling i sluttminutta. Jonathan Mulelid ga Valder leiinga, medan Adrian Blindheim scora dei tre andre. Halvard Westad, Sondre Skulstad og Ola Skare Valaas putta for Spjelkavik.