Rollon – Norborg 1-0

Rollon – Norborg 1-0 (0-0)
Rollonbana, 29.05.09

8 sjansar 2
12 cornere 4
8 avslutningar på mål 3
7 avslutningar utanfor 3

1-0 Stefan Ommedal (90)

Dommar: Tor Ove Myrseth (Hundeidvik)
Ass. dommarar: Oddbjørn Aam (Åmdal) og Jim Dyb (Giske)

Laget: Espen Wold – Stein Erik Reitan, Kjell-Terje Brusdal (Elling Mikal Kalvø, 46), Morten Kalvø, Kristian Furnes – André Larsen (Christian Søvik, 75), Kristian Søviknes, Ole Johan Urke (Bee, 38), Kristoffer Søviknes (Johan Stavik, 64) – Geir Ove Grønli, Adrian Håbet.

Norborg gjekk på sitt fjerde strake nederlag då Rollon på overtid makta å score på sin 12. corner. Fortent siger til Rollon, men bittert for oransjetrøyene som var nær ved å røve med seg eitt poeng.

Det vart ein forsvarskamp for Norborg sine gutar i denne kampen. Det at tre faste offensive spelarar og ein kreativ midtstoppar var borte samtidig førte til at Norborg sjeldan kom seg over midtstreken. Situasjonen betra seg heller ikkje av at to mann måtte byttast før 2. omgang grunna skade og sjukdom. Likevel, Norborg sine utvalde kjempa hardare enn i dei siste kampane, men måtte til slutt gi tapt for den kvite overmakta.

Nils Ottar Sandø var den store trusselen for Norborg i opningskvarteret, men effektiviteten var dårleg hos den tidlegare toppspelaren. Norborg ridde av stormen i starten og vi var vitne til ein spelemessig svak og keisam omgang der Rollon hadde ballen mykje, men ikkje greidde å utnytte overtaket. Nærmast mål kom heimelaget då Espen Wold traff stolpen med hovudet etter at han redda eit skot. Dommar Myrseth let spelet gå vidare sjølv om Wold låg svimeslått på bakken, men heldigvis gjekk avslutninga til ein Rollon-spelar i stolpen.

Kampen vart friskare etter pause då også Norborg var meir med i spelet. Likevel, det er heimelaget som styrer kampen og berre keeper Wold og oppofrande forsvarsspel hindra mål dei første 90 minutta. Norborg sin første skikkelege sjanse kom 73 minutt ut i kampen då ein rulla fint opp på venstresida og Adrian Håbet spelte fri Bee på eit flott løp, men keeper Hoel redda Bee sitt forsøk frå 16 meter. Minuttet før ordinær tid var omme stod Håbet bak gjestane sin andre sjanse då han la inn til ein umarkert Johan Stavik på bakerste stolpe, men headinga hans gjekk utanfor.

Etter 90 mållause minutt spelar Rollon seg fram til ein corner. Norborg får ikkje klarert skikkeleg og Stefan Ommedal klinkar ballen i nota frå om lag 15 meter. Stor glede i Rollon-leiren og ditto skuffelse hos Norborg som hadde haldt unna så lenge.

Espen Wold var Norborg sin bestemann i denne kampen. Han var trygg i feltet og hadde fleire gode redningar. Elles er det mykje hard jobbing og lite kreativitet hos utespelarane. Få ned skuldrane og opp med trua så vil nok sigeren kome.

Neste kamp er heime mot Valder fredag 5. juni kl. 1830.