FK Sykkylven – Norborg 3-3 (0-1)
Sykkylven stadion, 11.03.09
4 sjansar 8
3 cornere 9
0-1 Tarjei Urkedal (str. 12)
1-1 Frode Vadseth (62)
1-2 André Larsen (69)
2-2 Jan Halvar Holmøy (71)
3-2 Olav Arne Nordstrand (80)
3-3 Adrian Håbet (90)
Dommar: Tove Marie Tandstad (VRF)
Laget: Espen Wold (Geir Roar Gamlem, 46) – Elling Mikal Kalvø (Kristian Furnes, 46), Morten Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Stein Erik Reitan (Jan Even Drønnesund, 69) – Ole Johan Urke (Bee, 64), Adrian Håbet, Steffen Grytten (Kristian Søviknes, 46), Skjalg Volstad – Tarjei Urkedal, Johan Stavik (André Larsen, 46).
Vi fekk sjå Norborg på godt og vondt i denne treningskampen mot FK Sykkylven. Norborg var solide i 1. omgang og leia fortent 1-0, men etter pause fall kvaliteten og innsatsen. Heimelaget tok over og gjekk mot siger, men Adrian Håbet ville det annleis og utlikna med eit velplassert skot frå 16 meter.
Flotte, men kalde speletilhøve på Sykkylven si kunstgrasbane onsdag kveld. Det var frå Norborg si side knytta stor spenning på kva nivå FK Sykkylven haldt då dette laget gjekk motsett veg av Norborg i haust.
Full kontroll før pause
Dei første 45 minutta skremte ikkje Norborg. Det nye 3. divisjonslaget hadde full kontroll defensivt og skapte 4-5 store sjansar. Diverre for oransjetrøyene var det berre eit straffespark frå Tarjei Urkedal som fann vegen til nettmaskene. Urkedal burde hatt eit mål til då Stein Erik Reitan vann ballen ved midtstreken, avanserte til kortlinja og sentra flott inn til Urkedal framføre mål. Men Urkedal si avslutning var for svak. Nærmast å doble leiinga var Steffen Grytten, men headinga hans gjekk i tverrliggjar.
Brått mørkt
Norborg var gode dei første 35 minutta, men så gjekk lyset på Sykkylven KGB og då det kom på igjen fem minutt seinare, så Norborg ut til å ha sovna. Vi fekk då eit lite trykk frå FKS, men utan å skape anna enn eit par skot ifrå distanse.
Open kamp
2. omgang startar jamnt. FK Sykkylven har ballen mykje på midtbana, medan Norborg prøver på raske kontringar. Men så fell kvaliteten og innsatsen hos oransjetrøyene merkbart. Heimelaget får langt betre tid med ball enn før pause og viser langt større innsats enn sine gjestar. Litt over ein time tok det før FK Sykkylven skapte sin første målsjanse. Eit raskt tatt frispark vart slått ut på ein totalt umarkert Espen Johnsen på høgrekant. Han legg flott inn til Frode Vadseth som headar ballen kontant i nota ved bakarste stolpe. Norborg svarar raskt og André Larsen puttar frå kloss hald. Men ting skjer fort på Sykkylven, og like etter er keeper Geir Roar Gamlem uheldig å sklir då han skal redde Jan Halvard Holmøy sitt relativt svake skot frå over 20 meter. Ti minutt før slutt får rutinerte Olav Arne Nordstrand sjansen på frispark like utafor 16 meteren. Han plasserar ballen sikkert i mål over muren og ved stolpen til 3-2. Surt for Norborg, som tross alt hadde eit klart overtak i sjanseprotokollen sjølv om FKS hadde styrt det meste dei siste tjue.
Norborg gav seg likevel ikkje. Ein fekk satt opp tempoet og pressa på i sluttminutta. Like før uret viste 90 minutt sette så Adrian Håbet ballen i mål på eit velplassert skot i frå 16 meter. 3-3, og Norborg unngjekk iallfall tap.
I riktig retning
Sett kampen mot HaNo så var dette eit steg i riktig retning. Når innsatsen og rørsla er til stades hos alle spelarane greidde ikkje FK Sykkylven å halde følgje. Problemet er at det er for mange sløve periodar. Desse må bort når serien tek til. Ein er heller ikkje er kald nok framfor mål til å sette inn ein av dei mange sjansane til å doble leiinga før pause.
Forsvaret sat som eit skot før pause, der vi også fekk sjå ein offensivt god Stein Erik. Tarjei jobba som ein galeislave på topp, men burde ha scora fleire mål.
Neste kamp er også mot eit lag som gjekk andre vegen. Borte mot Blindheim laurdag 21. mars kl. 16.
På notisblokka:
12 min: Tarjei hekta då han er på veg igjennom. Straffe! Sette sjøl straffa sikkert i mål.
15 min: Skjalg headar innlegg frå Ole Johan over.
22 min: Stein Erik vinn ballen på midten, avanserar til kortlinja og sentrar til Tarjei som avsluttar svakt
28 min: Skummelt skot av Adrian, men keeper får fista ballen til corner.
29 min: Steffen headar corner i tverrliggjar. Elling får ikkje sett retur i mål.
36 min: Lyset går på Sykkylven stadion. – Bedre lys enn på Brattvåg KGB, seie Jan Even.
59 min: André skot frå 17 meter. Keeper gir retur, Tarjei er nær ved å få ballen.
62 min: FKS sin Frode Vadseth utliknar med ei heading. Tre norborgarar står å ser på.
65 min: Tarjei kjemper seg igjennom FKS forsvaret, men keeper reddar godt til corner.
67 min: Norborg får ikkje klarert ein corner. FKS skyt til slutt over frå 15 meter.
69 min: André sette ballen i mål frå kloss hald etter innkast.
71 min: Lompeskot frå Holmøy. Geir Roar sklir å må sjå ballen gå i mål.
80 min: Nordstrand sette inn 3-2 på frispark.
86 min: Adrian nær ved å få satt ballen i mål.
87 min: Ny Norborg-sjanse, men utan resultat.
90 min: Adrian sette ballen oppe ved vinkelen frå 16 meter etter at FKS ikkje får klarert ein corner.
92 min: Skjalg fossar fram på høgresida, spring frå alle, men avsluttar sjøl frå skrått hald i nettveggen. Hadde fem alternativ framfor mål.