Vigra – Norborg 1-1 (0-1)
Rota stadion, 29.04.08
5 sjansar 9
5 cornere 5
0-1 Tarjei Gjerset Urkedal (str. 45)
1-1 Idar Molnes (75)
Dommar: Tor Bjermeland (Herd)
Ass. dommarar: Steinar Hjelle (Sunnylven) og Ståle Navelsaker (Aksla)
Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Alvestad, Roger Grytten, Morten Kalvø, Kristian Furnes – Kristian Søviknes (André Larsen, 32), Steffen Grytten, Stein Erik Reitan (Kjell-Terje Brusdal, 84), Kristoffer Søviknes (Ole Johan Urke, 63) – Tarjei Urkedal, Geir Ove Grønli (Skjalg Volstad, 78)
Norborg burde ha punktert denne kampen før pausen, men misbrukte dei mest opplagte sjansane og måtte ha straffe for å ta leiinga. Etter kvila løfta Vigra seg og straffa Norborg for si sjansesløsing.
Norborg jakta klubbrekord med tre strake sigrar frå seriestart då dei gjesta Vigra tysdag kveld, men heimelaget ville det annleis.
Dei første tjue minutta hadde Norborg eit lite trykk, men utan å skape det heilt store framfor Robin Rørseth i Vigra-målet. Underlaget får ta noko av skulda for at ein sleit med pasningar og mottak. Dette var tross alt årets første graskamp for Norborg.
Sjansar på løpande band
Så starta Norborg kjøret mot Vigra-målet for alvor. Steffen Grytten heada i nota etter ein corner, men dette vart annullert og Vigra gitt frispark. Minuttet etter testar Kristian Søviknes skotfoten, men keeper Rørseth får fista til corner. Så er det Geir Ove Grønli sin tur, men avslutninga blir redda på strek.
Snytt for mål?
Vigra heng i denne perioden ikkje med aggressive norborgarar. I det 24. minutt blir truleg oransjetrøyene snytt for mål då Tarjei Urkedal kjem seg rundt på venstresida, skyt i stolpen og Steffen Grytten sette retur i tverrliggjar via keeper og ned på strek. – Ballen var inne hevdar Steffen etter omgangen. Ballen traff ikkje grusen som er på strek, men graskanten som ligg litt innafor.
Eit kvarter før slutt spring Tarjei Urkedal frå Vigra sitt forsvar og er åleine med keeper, men Rørseth reddar glimrande Urkedal si avslutning. Like etter får same mann sjansen igjen frå 10 meter, men skotet blir igjen stoppa. Nokre minutt før pausen vinn Urkedal ballen ute på venstresida, går mot kortlinja og legg 45 til Kristoffer Søviknes som skyt like over. Dette var omgangen då ingenting lykkast framfor mål.
Straffe måtte til
På overtid blir Steffen Grytten felt innafor straffefeltet og dommar Tor Bjermeland peikar på krittmerket. Tarjei Urkedal hadde mistbrukt ein del sjansar tidlegare i omgangen, men frå straffemerket gjer han ingen feil og Norborg leiar forent 1-0 til pausen.
Norborg viste god innsats omgangen igjennom og skapte enorme sjansar dei siste 25 minutta, men uttellinga var særs svak. Ein burde gått til pausen med eit par mål til, men gav no Vigra stadig håp om poeng.
Vigra heva seg
Etter kvila viste heimelaget seg frå ei heilt anna side og tok tak i kampen. Ein starta å vinne duellane og pasningar og løp stemte betre. Tre minutt ut i omgangen er det eit bein frå Roger Grytten som hindrar utlikning etter ein corner.
Sjølv om Vigra opna omgangen best, kjem Norborg seg til to gode sjansar på kort tid. Først headar Morten Kalvø like utfor etter eit godt slått frispark av André Larsen, så kjem Tarjei Urkedal seg fri på venstrekant, skjer inn mot mål, men skyt i nettveggen. Her hadde Urkedal fleire alternativ framfor mål enn å avslutte frå noko skrått hald.
Molnes utliknar
Norborg har i sine to første kampar vore gode dei siste tjue minutta, Vigra ditto svake. Men i denne kampen var det omvendt og eit kvarter før slutt kjem utlikninga då Jan Arve Roaldsnes legg inn til Kristian Kirkevåg. Headinga hans blir godt redda av Geir Roar Gamlem, men ballen hamnar hos rutinerte Idar Molnes som lurer på bakarste og sette ballen enkelt i mål.
Vigra går no for alle poenga mot eit Norborg-lag i nærmast oppløysing, men tre store sjansar vart misbrukt og Norborg får med seg eit fortent poeng basert på den gode 1. omgangen.
– To poeng tapt, sa Norborg-trenar Ivar Roald etter kampen. Vi skal avgjere dette før pausen, men får svi for sløsinga vår.
Før pausen var det mange gode spelarar på Norborg, iallfall før avslutningane. Etter kvila fall nivået drastisk. Tarjei Urkedal jobba knallhardt på topp og skapte fleire sjansar på å vinne ballen høgt. Etter pausen var også han noko anonym. Må også løfte blikket oftare i staden for å ha skylappane på og berre tenke på å avslutte sjølv. Morten Kalvø var solid kampen igjennom og viser at han blir bedre kamp for kamp. Keeper Geir Roar Gamlem var arbeidsledig i store delar avkampen, men redda eine poenget like før slutt då Vigra var igjennom.
Neste kamp for Norborg er heime mot Bergsøy torsdag 8. mai kl. 1900.
På notisblokka:
21 min: Steffen Grytten header corner i mål, men annullert.
22 min: Kristian Søviknes skot som keeper får så vidt fista til corner.
23 min: Gedigen sjanse til Geir Ove Grønli, men blokkert.
24 min: Ny gedigen sjanse. Tarjei Urkedal skyt i stolpen. Steffen sette retur i tverrliggjar.
28 min: Tarjei spring frå John Henrik, men keeper Rørseth reddar godt.
35 min: Kristoffer Søviknes skyt. Tarjei snappar ball, men redda.
41 min: Tarjei vinn ballen. Legg 45 til Kriss som skyt over frå 15 meter.
45 min: Steffen felt. Tarjei sette straffa sikkert i mål.
48 min: Roger Grytten reddar på strek etter corner.
50 min: André Larsen legg frispark på hovudet til Morten Kalvø, men heading går utafor.
52 min: Tarjei rundt på venstre, fossar mot mål, men skyt i nettveggen med venstra.
73 min: Kristian Kirkevåg med godt skot like over.
75 min: Idar Molnes puttar på bakarste etter heading av Kirkevåg og retur av Geir Roar.
83 min: Vigra heading over etter corner.
85 min: Idar Molnes igjennom, men vel utruleg nok å spele til offsideplassert medspelar.
91 min: Vigra med stor sjanse, men Geir Roar reddar godt.