Vartdal – Norborg 0-3

Vartdal – Norborg 0-3 (0-2)
Ørsta KGB, 25.04.08

6 sjansar 12
2 cornere 4

0-1 Tarjei Urkedal (str. 33)
0-2 Adrian Håbet (45)
0-3 Adrian Håbet (78)

Dommar: Steinar Hjelle (Sunnylven)
Ass. dommarar: Oddmund Kaldhussæter (Blindheim) og Odd-Even Svindseth (FK Sykkylven)

Laget: Kenneth Vegsund – Stein Erik Alvestad, Roger Grytten, Morten Kalvø, Kristian Furnes (Elling Mikal Kalvø, 88) – Kristian Søviknes (André Larsen, 60), Adrian Håbet, Steffen Grytten (Bee, 83), Kristoffer Søviknes (Kjell Terje Brusdal, 70) – Geir Ove Grønli (Jan Even Drønnesund, 84), Tarjei Urkedal

Norborg var eit hakk betre enn Vartdal og tok ein fortent siger på kunsgraset i Ørsta. Kampen var lenge jamn, men mot slutten skapte Norborg mange store sjansar og burde ha vunne med større siffer.

Då laga møttast i treningskamp i januar vann Norborg temmeleg lett 5-1, men no skulle det bli ein langt tøffare kamp. Mogeleg var det undervurdering på gong, for fleire av Norborg-spelarane var lite konsentrerte og hadde svak duellvilje den første halvtimen. Dette betra seg etterkvart, spesielt etter at ein tok føringa på straffespark av Tarjei Urkedal.

Vartdal yppa seg
Men før dette yppa 4. divisjonsnykomar Vartdal seg med stor innsats. Blåtrøyene vann dei fleste duellane og plukka opp mange andre ballar inne på Norborg sin banehalvdel. Spelande trenar Geir Arne Kaspersen var nær ved å gi vertane føringa då han vart spelt fri, men frå 12 meter sette han ballen i stolpen. Like etter fekk Stian Volle sjansen, men avslutninga gjekk utafor.

Norborg straffar Vartdal
Norborg hadde også sine sjansar og både Tarjei Urkedal og Geir Ove Grønli var nær ved. Urkedal sitt skot frå 15 meter gjekk like utafor, medan Grønli heada utafor på blankt mål etter ein corner. Ein halvtime ut i kampen vart Steffen Grytten dytta i bakken innafor straffefeltet. Dommar Steinar Hjelle følgjer regelboka og bles for straffe. Den sette Urkedal i nota bak Allan Kjærbech.

Norborg kjem no litt meir på hogget, og få minutt etter leiarmålet presenterar Adrian Håbet seg med eit distanseskot i tverrliggjar. På overtid gjekk det endå betre for Håbet då han er vaken framme å setteballen i nota etter at Urkedal stod for forarbeidet.

Under pari
Ein 1. omgang under pari av Norborg, men ein kunne likevel gå til pausen med 2-0 leiing. Vartdal kjempa godt og hadde omtrent like mange sjansar som sine oransje gjester.

Lite skjer i dei første 25 minutta av 2. omgang. Norborg har kontroll defensivt, men skaper lite framover. Vartdal satsar etterkvart meir framover, men har ikkje evne til å etablere spel inne på Norborg sin halvdel. Norborg får overgong etter overgong og skaper mange sjansar dei siste tjue. Geir Ove Grønli og Steffen Grytten har kvar sin store sjanse til å punktere kampen, men mislykkast.

Håbet punkterar kampen
Eit lite kvarter før slutt sette så Adrian Håbet spikeren i Vartdal-kista. Kjell-Terje Brusdal kom opp på høgrekanten og slo inn til Tarjei Urkedal på 16 meteren. Han sendte ballen vidare ut til Håbet på venstrekanten som tok med seg ballen inn og sette den i mål med eit lågt skot ved nærmaste stolpe. Håbet var også nær sitt tredje mål for dagen, men keeper Kjærbech fekk slått skotet i stolpen. I sluttminutta er både Morten Kalvø, Stein Erik Alvestad og Tarjei Urkedal nær scoring utan å lykkast.

Slitekamp
Norborg-trenar Ivar Roald oppsummerte 3-0 sigeren slik: – Dette vart ein slitekamp. Vi viste etterkvart bra innsats og ville meir til slutt. Vartdal kjempa godt og gav aldri opp, men sjølv om det tok si tid, så viste vi at vi har eit betre lag.

Norborg har i dei to første seriekampane hatt ein normalt utespelar i mål. Kenneth Vegsund måtte ta på seg hanskane då 1. keeper Geir Roar Gamlem har sona karantene for raudt kort og Trond Elstad reiste på utanlandstur. Den lyskeskadde Vegsund viste seg som ein habil keeper og har hatt nokre særs gode redningar i dei to kampane. – No må eg ta fullstendig fri frå fotball den neste månaden for å få bukt med lysken, seie Vegsund, som innrømmar at hjertet bankar litt ekstra når ein står som bakarste mann.

Dersom Vartdal vise same innsats i kvar kamp, så vil laget plukke nok poeng til å stå i divisjonen. Men laget viste også at dei har mindre breidde enn lag som har ambisjonar om ein plass på øvre halvdel. På slutten kom denne forskjellen meir og meir til syne, og blåtrøyene var heldig som ikkje slapp unna med eit større tap. Samstundes var Norborg heldig som ikkje kom under i 1. omgang.

På Norborg gir vi bestemannsprisen til Adrian Håbet. Som resten av laget tok det litt tid før han kom inn i kampen, men vart betre og betre etterkvart som minutta gjekk og viste både fart, teknikk og målteft.

Norborg skal ut i ny bortekamp allereie på tysdag. Då mot Vigra.

På notisblokka:
1 min: Tarjei Urkedal vinn ballen på 20 meter, men Vartdal får blokkert forsøket.
5 min: Tarjei Urkedal skyt like utafor frå god posisjon.
15 min: Adrian Håbet med god corner. Geir Ove Grønli header utafor blank goal.

20 min: Geir Arne Kaspersen blir spelt fri, men treff stolpen.
28 min: Stian Volle med avslutning frå god posisjon, men utafor.

33 min: 0-1 Tarjei Urkedal på straffe etter felling av Steffen Grytten.
35 min: Adrian Håbet skyt i tverrliggjar. Tarjei Urkedal sette ballen i mål, men offside.

36 min: Farleg Vartdal-frispark. Stuss like utafor stolpen.
45+1 min: 0-2 Adrian Håbet putter.
45+3 min: Kennet Holsæker skyt like over frå 13 meter.

57 min: Tarjei Urkedal skyt like over frå 14 meter.
66 min: Farleg frispark frå Vartdal.
70 min: Geir Ove Grønli spelt igjennom, men mislykka forsøk på lobb.
71 min: Steffen Grytten åleine med keeper, vel å spele til Tarjei Urkedal, men svak pasning.

72 min: Keeper Kenneth Vegsund med strålande redning då Vartdal er igjennom.
78 min: 0-3 Adrian Håbet med lurt skot frå 16 meter.
86 min: Morten Kalvø med stor sjanse, men skot blir blokkert.
90 min: Adrian Håbet skyt i stolpen.
90+3 min: Stein Erik Alvestad fører fram, avslutning blokkert til Tarjei Urkedal, men svak avslutning.