Ørsta – Norborg 1-3 (1-1)
Ørsta stadion, 12.06.08
5 sjansar 10
5 cornere 6
0-1 Geir Ove Grønli (9)
1-1 Espen Standal (21)
1-2 Geir Ove Grønli (57)
1-3 Morten Kalvø (66)
Dommar: Jan Erik Myklebust (Åmdal)
Ass. dommarar: Trygve Ottar Dahl (Blindheim) og Dag-Harald Moldskred (Hareid)
Laget: Geir Roar Gamlem – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Morten Kalvø, Kristoffer Søviknes (Ole Johan Urke, 24) (Skjal Volstad, 89) – Adrian Håbet, Geir Ove Grønli (Bee, 73), Steffen Grytten – Tarjei Urkedal (Kristian Søviknes, 87), Kim Idar Krogsethagen, Stein Erik Reitan.
Norborg vann full fortent over opprykkskandidat Ørsta etter ein særs sterk 2. omgang. Sigeren kunne ha vore større over eit heimelag som skuffa stort.
– Vi var klart best og jobba langt betre enn det Ørsta gjorde. Vi spelte bra fotball, spesielt etter pausen og var nærmare større siger, sa Norborg-trenar Ivar Roald etter kampen.
Norborg gjekk aggressivt og respektlaust til verks mot topplaget Ørsta. Etter eit par nesten sjansar kom Kristoffer Søviknes seg til innlegg frå høgre. Ballen gjekk til Tarjei Urkedal på bakarste stolpe som la ballen i beina til Geir Ove Grønli. Frå kloss hald gjer sogningen ingen feil og dunkar ballen i nota.
Landslagsgut utlikna
Ørsta kjem etter dette litt meir med og det var dags for G16 landslagsaktuelle Espen Standal å presentere seg då han utnyttar forsvarsfeil hos Norborg og avsluttar med eit godt skot frå 16 meter. Dermed 1-1.
Norborg nær leiing
Dei siste tjue før kvila er Norborg nærmare leiarmål enn Ørsta. Både Adrian Håbet og Tarjei Urkedal har sine sjansar utan å lykkast. Ørsta har berre ein sjanse etter utlikninga då Standal kjem seg fri, men keeper Geir Roar Gamlem reddar flott.
Alt i alt ein spelemessig jamn 1. omgang, men Norborg verkar hakket kvassare.
Strålande Gamlem
Ørsta kjem best i gong etter pausen og Hallgeir Aam er nær ved å gi heimelaget føringa før to minutt var gått, men keeper Gamlem let seg ikkje overliste. Nokre minutt seinare kjem Ørsta seg til ein dobbeltsjanse, men Gamlem står glimrande og reddar forsøka frå Aam og Standal.
Norborg dominerar
Etter desse Ørsta-sjansane tok Norborg fullstendig over å skapte sjanse på sjanse. Geir Ove Grønli scora sitt andre for dagen då han heada inn eit innlegg frå Tarjei Urkedal. Ti minutt seinare er det klar for ei ny heading og eit nytt mål. Adrian Håbet legg ein god corner til Morten Kalvø og 3-1.
Sjansesløsing
Sommarvikar Kim Idar Krogsethagen, Tarjei Urkedal og Kristian Søviknes hadde alle store sjansar til å auke leiinga. Krogsethagen vart flott spelt fri av Steffen Grytten, men greidde ikkje å overliste Martin Liaskar. På overtid er Søviknes åleine med keeper, men lobbar over både keeper og mål. Dermed ebbar kampen ut med 3-1.
Norborg ville mest og varierte meir spelet sitt enn Ørsta som einsidig spelte langt opp til Hallgeir Aam. Dette plukka Morten Kalvø og Roger Grytten opp og hadde god kontroll på Ørsta sine frykta angriparar.
Kim Idar Krogsethagen vart klar for utlån frå Varegg tysdag og seie dette etter kampen. – Synst ikkje nivået frå 3. til 4. divisjon er noko stort, men fekk nok litt større rom i denne kampen. Er imponert over innsatsen til mine lagkameratar og det var godt å få på seg Norborg-trøya.
Mange gode på Norborg, spesielt etter kvila då ein styrte kampen. Heile forsvaret var godt, keeper Gamlem stod fram då ein trengte han, Geir Ove Grønli fekk dominere midtbana og scora to mål, men aller best var nok trenar Roald sine taktiske disposisjonar. Det var tydeleg at Norborg hadde gjort heimeleksa si.
Neste kamp for Norborg er heime mot Ørskog torsdag kl. 1830.
På notisblokka:
1 min: Farleg frispark frå Norborg. Ørsta får avklart til corner.
5 min: Norborg styrer kampen i opningsminutta på Ørsta stadion.
9 min: 0-1: Innlegg frå Kristoffer til Tarjei som dempar ballen til Grønli som klinkar ballen i nota.
18 min: Espen Standal med Ørsta sitt første forsøk. Skot frå 17 meter som Geir Roar reddar greitt.
21 min: 1-1. Standal utnyttar forsvarsfeil og avsluttar med eit flott skot frå 16.
23 min: Adrian fossar gjennom Ørsta sitt forsvar, men avsluttar utafor.
31 min: Tarjei skyt utafor frå kanten av 16 då keeper ligg nede.
32 min: Standal igjennom, men Geir Roar reddar flott til corner.
37 min: Adrian finter og legg inn. Tarjei headar svakt frå god posisjon.
47 min: Hallgeir Aam igjennom, men Geir Roar reddar glimrande.
48 min: Elling Mikal med farleg skot. Duppar kraftig og keeper får problem med å slå til corner.
55 min: Dobbeltsjanse Ørsta. Hverken Aam (?) eller Standal greier å score på en opplagt keeper.
57 min: 1-2. Grønli header i mål etter flott legg av Tarjei.
63 min: Elling Mikal legg til Kim Idar som bommar på ball på 7 meter og ope mål.
66 min: 1-3. Norborg får to hjørnespark. Den første blir avverja, men den andre heades i mål av Morten.
71 min: Tarjei plukker opp ball på 15 og får til slutt skutt, men via Kim Idar og ut.
76 min: Kim Idar med frispark på 20 meter. Knuser til, men via ein ørstaspelar og like utafor.
85 min: Steffen spelar i bakrom. Kim Idar spring frå forsvar, men greier ikkje å overliste keeper.
90+4: Kristian Søviknes åleine med keeper, men lobber over både keeper og mål.