Norborg – Herd 7-3

Norborg – Herd 7-3 (3-0)
Uggedal stadion, 28.08.08

13 sjansar 5
1 cornere 4

1-0 Ole Johan Urke (31), 2-0 Skjalg Volstad (35), 3-0 Tarjei Urkedal (41), 4-0 Tarjei Urkedal (62),
4-1 Dan Peter Ulvestad (70), 5-1 Tarjei Urkedal (73), 6-1 Ole Johan Urke (76), 6-2 Mads Pedersen (80), 6-3 Eirik Dalhus (88), 7-3 Kristoffer Søviknes (89).

Dommar: Mathias Smehus Kringstad (Valder)
Ass. Dommarar: Trygve Ottar Dahl (Blindheim) og Sondre Stiklestad (Hessa)

Laget: Geir Roar Gamlem – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Morten Kalvø, Kristian Furnes – Ole Johan Urke (André Larsen, 81), Kristian Søviknes, Asgeir Kalvø (Bee, 80), Skjalg Volstad (Johan Stavik, 75) – Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal (Geir Ove Grønli, 79).

Norborg knuste Herd i toppkampen på Uggedal stadion torsdag kveld. Etter jamspelte opningsminutt starta Norborg å produsere sjansar. Etter kvart rann også måla inn og det var aldri tvil kvar sigeren skulle hamne.

– Det skal ikkje vere artig å møte Norborg etter eit 8-2 tap, sa Roger Grytten. Det fekk topplaget Herd oppleve til gangs. Opningskvarteret skulle likevel ikkje tilseie at Norborg skulle vinne med utklassingssiffer i denne kampen. Herd hadde ballen mykje, medan Norborg var kompakte i forsvar.

Utnyttar tabbe
Etter kvart starta Norborg sitt samspel også offensivt å stemme, og etter å ha sett nokre sjansar bli redda på strek, fekk ein til slutt det viktige leiarmålet. Målet var av den heldige sorten då keeper sklir og må sjå eit tilbakespel gå forbi. Ole Johan Urke er vaken, snappar ballen og sette den i mål etter først å ha treft stolpen.

Volstad-perle

Norborg får roa og nokre minutt seinare får vi sjå eit utsøkt mål av ungguten Skjalg Volstad. Han mottek ballen ute på kritlinja, ser opp og legg ballen i fin boge over keeper og i mål. Særs godt gjort. Heimelaget er ikkje ferdig før pause, og nok ein gong er Volstad med i hovudrollene. Han kjem seg rundt på venstre og legg inn til Tarjei Urkedal som sette ballen sikkert i mål frå kloss hald.

Herd hadde ballen mykje i denne omgangen, men er særs omstendelege og kjem ikkje seg til kvalifiserte målsjansar. Defensivt har dei store problem mot aggressive oransjetrøyer.

Punkterar kampen
Det tek eit kvarter før målshowet i 2. omgang tek til. Nok ein gong er det Urkedal og Volstad som kombinerar. Volstad får første sjansen, men skotet hans blir redda av keeper berre for at Urkedal setter returen i mål. 4-0, og kampen er i realiteten punktert.

Målshow
Herd har likevel ikkje gitt opp, og flyttar fram fleire folk i angrep. Tjue minutt før slutt reduserar blåtrøyene på eit frispark som forandrar retning. Målscorar er tidlegare toppspelar Rune Ulvestad sin son, Dan Peter. Norborg får store rom og like etter kontrar ein inn 5-1 då Kristian Søviknes spelar igjennom Asgeir Kalvø. Åleine med keeper spelar Kalvø til betre plasserte Urkedal som sette ballen i tomt mål. Vi får no ein skikkeleg ketsjup-effekt. Ole Johan Urke sette inn 6-1 på eit vakkert langskot. Mads Pedersen og Eirik Dalhus pyntar på resultatet for Herd, før Kristoffer Søviknes fastsette sluttresultatet til 7-3 på eit fint skot ifrå kanten av 16 meteren.

Innsats er nøkkelen
Norborg la ned ein langt større arbeidsinnsats mot Herd enn mot Bergøy sist, og då kom resultatet også. Det var også to motsette spelestilar som møttes. Norborg med direkte angrepssfotball, medan Herd bygde opp med mange pasningar på kryss og tvers. Heimelaget fekk dermed ein grei jobb med å kome seg i balanse og hindre målsjansar.

Mange gode på Norborg, men Skjalg Volstad var mykje involvert offensivt, Kristian Søviknes og Asgeir Kalvø la ned ein solid jobb på midtbana. Det same kan ein seie for dei to på topp, Tarjei Urkedal og Kristoffer Søviknes.

Norborg skal også i neste runde ut i toppkamp. Då borte mot Stranda.