Norborg – HaNo 6-1

Norborg – HaNo 6-1 (3-0)
Uggedal stadion, 13.09.08

15 sjansar 7
9 cornere 3

1-0 Tarjei Urkedal (20)
2-0 Tarjei Urkedal (str. 31)
3-0 Kristian Søviknes (34)
4-0 Tarjei Urkedal (50)
4-1 Vebjørn Steen (54)
5-1 Tarjei Urkedal (83)
6-1 Elling Mikal Kalvø (90)

Dommar: Øystein Ytterland (Valder)
Ass. Dommarar: Mathias Smehus Kringstad (Valder) og Kristian Melseth (FK Sykkylven)

Laget: Geir Roar Gamlem – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Morten Kalvø , Kristian Furnes (Kjell-Terje Brusdal, 78) – Ole Johan Urke (Johan Stavik, 81), Kristian Søviknes, Asgeir Kalvø, Skjalg Volstad (Steffen Grytten, 70) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes.

Norborg er på tabelltopp i 4. divisjon etter storsiger over nabo HaNo. Heimelaget viste langt betre effektivitet framfor mål enn sine gjestar i ein jamn 1. omgang og leia klart til pause. Etter kvila var det berre snakk om kor stor sigeren skulle bli mot eit redusert HaNo-lag.

– Vi får ein dårleg start på kampen med mange feilval, men etter at vi går opp i 3-0 og dei får ein mann feilaktig utvist så har vi kontroll, seie kaptein Kristian Søviknes etter kampen. Viktig at vi greidde å ta tre poeng mot eit antatt svakare lag etter to sterke sigrar mot Herd og Stranda. Så lenge vi tør å angripe, og dermed produserer bra med sjansar så vil vi vinne kampane også. Vi får nullstille oss til neste kamp borte mot Sunnylven, fortsette han.

Gjestane yppa seg i starten på ei sleip matte i Uggedalen og hadde fleire gode sjansar til å score den første halvtimen. Lars Åkre, Odd Einar Molnes og Audun Steen burde tatt betre vare på sjansane sine.

Fire mål av Urkedal
Ein som veit å ta vare på sjansane sine er Tarjei Urkedal. Han noterte seg tidlegare i sesongen for fire mål mot Ørskog. I dag skulle han gjenta bedrifta mot HaNo. Først kjempa han inn 1-0 frå kloss hald, 2-0 og 4-0 kom på straffe, medan 5-1 målet vart heada i mål etter eit godt innlegg frå Johan Stavik. På situasjonane før straffesparka vart Kristoffer Søviknes skubba med strake armar i ryggen, medan keeper felte Elling Mikal Kalvø på det andre. Dommar Ytterland hadde sitt på det tørre, sjølv om HaNo protesterte på begge, og då spesielt på det første.

Dødballmål
Dei to andre måla til Norborg vart scora av Kristian Søviknes og Elling Mikal Kalvø. Søviknes sitt på eit frispark frå 18 meter som endra retning, medan Kalvø fastsette resultatet til 6-1 på ei kontant heading etter corner av Søviknes.

Trøstemål
HaNo fekk sitt velfortente mål ti minutt ut i 2. omgang ved Vebjørn Steen etter at Norborg ikkje fekk klarert eit frispark. Etter målet fekk vi sjå særs god akrobatikk av unge Steen med saltoar i feiringa. Steen gjorde elles ein god kamp på venstreback.

Etter ein 1. omgang med eit flatterande resultat så tok Norborg over kampen etter pause og produserte mange store sjansar. Likevel stemte ikkje løp og pasningar like godt i denne kampen som mot Stranda sist, men så var også speletilhøva vanskelege. HaNo på si side gjorde jobben vanskeleg for Norborg med iherdig jobbing heilt til kreftene tok slutt siste ti minutta.

Heimelagets og banens beste var Tarjei Urkedal. Fire mål seie sitt, men Urkedal legg også ned særs mange kilometer i løpet av kampen. Han er no oppe i 18 seriemål totalt. På HaNo la Odd Einar Molnes ned ein solid arbeidsinnsats på midtbanen.

Neste kamp for Norborg er borte mot Sunnylven laurdag 20. september.

Kampens forløp:
3 min: Stig Frode Longva med god sjanse etter forsvarsrot hos Norborg. Skyt utafor.
17 min: Dobbeltsjanse for Norborg, men hverken Morten eller Tarjei finn nettmaskene.
20 min: 1-0. Tarjei “tackler” inn leiarmålet.
22 min: Lars Åkre utnyttar Norborg ballmiss på eigen halvdel dårleg. Svak avslutning frå 16 meter.
23 min: Norborg misser ballen igjen. Odd Einar Molnes får skot blokkert til corner.
24 min: Audun Steen headar corneren utafor.
31 min: 2-0. Kristoffer blir dytta i bakken innafor straffefeltet. Tarjei sette straffa i mål.
34 min: 3-0. Snes sette frispark via ein HaNo-spelar og i mål frå 18-20 meters hald.
37 min: Kristoffer åleine med keeper, men sistnemnde reddar til corner.
38 min: Skjalg spelar til Kristoffer som får avslutte frå 16 meter, men keeper får gitt til corner.
40 min: Ole Johan header frå 10 meter, men redning på strek.
43 min: Audun Steen får sitt andre gule etter ei tackling. Det første kortet fekk han feilaktig for å ha sparka vekk ballen. Problemet var at det ikkje var han som sparka ballen… Det var Molnes.
50 min: 4-0. Elling Mikal felt av keeper og ny straffe. Tarjei sikker igjen.
54 min: 4-1. Vebjørn Steen klinkar inn redusering.
57 min: Kristoffer skyt frå 16 meter. Molnes redda på strek.
62 min: Stor HaNo-sjanse, men Norborg ryddar opp.
64 min: Stig Frode Longva og Lars Åkre kombinerar, men sistnemnde finn ikkje nettmaskene.
70 min: Ole Johan rundt på venstre, finn Tarjei framfor mål som avsluttar på keeper.
83 min: 5-1. Tarjei headar inn etter godt legg av Johan.
85 min: Tarjei på skothald, men keeper reddar.
87 min: Kristoffer skyt frå 16 meter, men keeper er med på notane.
91 min: Kristoffer skyt igjen, men han har ikkje dagen og ballen går i tverrliggjar etter at keeper får ei hand på den.
92 min: 6-1. Elling Mikal header inn den påfølgjande corneren frå Snes.


Elling Mikal headar inn 6-1. Utklassinga er eit faktum!


Dei tre målscorarane Elling Mikal, Tarjei og Kristian.