HaNo – Norborg 2-2 (1-0)
Nordøy stadion, 29.05.08
8 sjansar 9
2 cornere 6
1-0 Lars Petter Haram (22)
1-1 Stein Erik Alvestad (48)
1-2 Morten Kalvø (68)
2-2 Sjølvmål (72)
Dommar: Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg)
Ass. dommarar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg) og Odd Arne Grande (Skodje)
Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Alvestad, Kjell-Terje Brusdal, Morten Kalvø, Kristian Furnes (Elling Mikal Kalvø, 83) – Kristian Søviknes (Ole Johan Urke, 46), Adrian Håbet, Steffen Grytten, Stein Erik Reitan (Kristoffer Søviknes, 46) – Geir Ove Grønli (Bee, 84), Tarjei Urkedal.
Dette vart eit klassisk lokaloppgjer med stor spenning og mykje kjemping. Heimelaget satsa på kontringar og lykkast med det, medan Norborg stod høgt og kom seg til mange innlegg, som nesten utan unntak fann HaNos Kenneth Ulla sitt hovud.
Norborg måtte ha tre poeng i denne kampen for å halde følgje med tetlaga, og gjekk offensivt ut. HaNo vart trykt ned i eigen 16 meter og Norborg kom seg til mange innlegg det første kvarteret. Diverre hadde dei fleste feil adresse og HaNo sitt midtforsvar fekk stå å stange ballen ut. Ein gong glapp det likevel for heimelaget og Geir Ove Grønli heada ein corner frå Adrian Håbet i stolpen.
Heimelaget tek føringa
Gjestane spelte med stor risiko og det vil gi motstandar ein og anna sjanse. Etter dryge kvarteret kontrar HaNo og Stig Frode Longva får avslutta, men Stein Erik Alvestad reddar på strek. Dette var først varsku på kva som skulle kome. For midt i omgangen vart Longva spelt fri igjen. Geir Roar Gamlem redda, men retur gjekk ut til Lars Petter Haram på 16 som styrte ballen fint over hårtustane til Kjell-Terje Brusdal og like under tverrliggar. 1-0 til HaNo.
Alvestad nær ved
Norborg fortsette å styre kampen, men verka stressa i spelet sitt og kjem ikkje opp på nivået ein har hatt i kampane mot Bergsøy og Stranda. Kombinasjonsspel er nær sagt fråverande og pasningane blir enten for ofte for lange eller korte. Likevel, oransjetrøyene har trykket og etter ein halvtimes spel er Stein Erik Alvestad nær ved å score, men avslutninga frå 7-8 meter går i nettveggen.
– No må vi greie å kome med legg som ikkje finn ein med namn Kenneth, sa Norborg-trenar Ivar Roald i pausen.
Tidleg utlikning
Venstreback Stein Erik Alvestad var godt med offensivt før pausen, og tre minutt ut i 2. omgang er han med framover igjen og spelar vegg med Kristoffer Søviknes før han rundar HaNo sin høgreback å skyt mellom beina på keeper Øystein Bergheim. Flott prestasjon av unge Alvestad som scorar sitt første seriemål.
I minutta etter er det heimelaget som er kvassast og Stig Frode Longva kjem seg til to sjansar. Først på skot frå 16 meter som Geir Roar Gamlem redda, så stussar han eit godt slått frispark av Kenneth Ulla like utanfor.
Dramatisk omgang
Spelet bølgjar meir enn før pausen, og ved halvspelt omgang headar Morten Kalvø Norborg i føringa etter ein god corner av Adrian Håbet. Norborg er no på hogget, og to minutt seinare får ein sjansen til å punktere kampen då Stein Erik Alvestad ordnar straffespark. Steffen Grytten scora sist frå kritmerket, men denne gong er skotet for svakt og keeper Bergheim reddar enkelt.
I staden for 3-1 til Norborg blir det to minutt seinare 2-2 på sjølvmål etter corner. Begge lag har i sluttminutta store sjansar til å avgjere kampen. Lars Petter Haram er nærmast for HaNo med ei heading i tverrliggaren, medan Norborg trur dei har avgjort kampen tre minutt på overtid då Adrian Håbet sette eit frispark i mål frå 40 meter. Dette blir så annullert fordi keeper Bergheim har gått i bakken.
Slik kampen utvikla seg var uavgjort eit rett resultat. Norborg hadde ballen mest, men HaNo var farlege på kontringar med mange mann, samt dødballar. Best på Norborg var Morten Kalvø, Stein Erik Alvestad og Adrian Håbet.
– Vi fylgjer trenden frå tidlegare med å brenne for mange sjansar. HaNo spelar lurt og skapar etterkvart like mange sjansar som vi, men vi har ein gylden sjanse til å punktere kampen på stillinga 2-1, så eg føler vi nok ein gong har tapt to poeng, sa Norborg-trenar Ivar Roald etter kampen.
– Vi gjer ingen god kamp, men viser at vi er vanskelege å slå på heimebane. Synd at vi ikkje får med alle desse spelarane til bortekampane. Då trur eg vi for alvor kunne ha kjempa blant topp 5, sa HaNo-trenar Stig Frode Longva.
Norborg møter Sunnylven heime i Uggedalen torsdag 5. juni kl. 19.
På notisblokka:
12 min: Stein Erik Reitan med “mislykka” innlegg. Keeper får hjelp av tverrliggar.
13 min: Geir Ove Grønli headar corner i stolpen.
16 min: Stein Erik Alvestad reddar ei avslutning frå Stig Frode Longva på strek.
22 min: Lar Petter Haram sette inn 1-0 frå 16-17 meter.
30 min: Stein Erik Alvestad avsluttar i nettveggen frå kloss hald.
41 min: Norborgarar i kø for å sette innlegg i mål, men ingen finn vegen til nota.
48 min: Stein Erik Alvestad spelar vegg med Kristoffer Søviknes, kjem seg fri å scorar.
53 min: Stig Frode Longva med skot frå 16 meter, men Geir Roar Gamlem redda.
63 min: Stig Frode Longva stussar frisparkoppspel frå Kenneth Ulla like utafor.
68 min: Morten Kalvø headar inn 2-1 til Norborg etter corner frå Adrian Håbet.
70 min: Tarjei Urkedal skyt frå 16 meter, keeper gir retur og Alvestad går i bakken. Straffe!
70 min: Steffen Grytten sette straffa svakt på keeper Bergheim.
72 min: 2-2. Norborg sette ballen i eige mål etter corner.
81 min: Cato Longva runder keeper, men Kjell-Terje Brusdal får takla i siste tidel.
82 min: Lars Petter Haram headar i tverrligger.
85 min: Bee med glimrande legg til Adrian Håbet, som avsluttar svakt på keeper frå 12 meter.
89 min: Odd Einar Molnes skyt over på blankt mål frå 10 meter.
93 min: Adrian Håbet sette frispark direkte i mål frå 40 meter. Annullert angiveleg for angrep på keeper.
Adrian Håbet legg corner på lengste stolpe der Morten Kalvø gjer seg klar.
Morten ragar høgast å headar ballen i mål.
Straffe til Norborg. Steffen Grytten har akkurat sendt frå seg ballen.
Keeper Øystein Bergheim vel rett side og reddar skotet.
Tarjei Urkedal og Asgeir Nogva kjempar om retur.