Gursken/Larsnes – Norborg 1-1

Gursken/Larsnes – Norborg 1-1 (1-0)
Gursken stadion, 26.06.08

2 sjansar 10
1 cornere 8

1-0 Leiv Sindre Muren (18)
1-1 Knut Ivar Bjørlykhaug (86)

Dommar: Rolf J. Eldevik (Ellingsøy)
Ass. dommarar: Bendik Bigset (Haddal) og Svein Vestnes (AaFK)

Laget: Kenneth Vegsund – Kristian Furnes (Edward Laverton, 71), Kjell-Terje Brusdal, Jan Even Drønnesund (Kim Idar Krogsethagen, 46), Stein Erik Reitan – Kristian Søviknes, Bee (Knut Ivar Bjørlykhaug, 85), Steffen Grytten, Adrian Håbet – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes.

Norborg leverte ei svak forestilling mot GuLars torsdag kveld, men redda poenget i sluttminutta takka vere ei god heading av innbyttar Knut Ivar Bjørlykhaug. Sjølv om Norborg leverte årsverste så hadde ein likevel nok sjansar til å avgjere kampen mot botnlaget.

Vi såg allereie på oppvarminga at Norborg-spelarane ikkje var i toppslag. Feilpasningane florerte allereie då, og den som fekk mest nytte av oppvarminga var den som henta ballane som reiste ut av firkanten.

Positiv start
Sjølve kampen starta likevel ganske positivt. Før to minutt var spelt runda Adrian Håbet backen og la fint ut til Tarjei Urkedal, men avslutninga frå god posisjon gjekk utafor. Nokre minutt seinare er Adrian sjølv igjennom, men greier ikkje å overliste keeper Kurt Ove Longva.

Såpehanskar
Etter desse sjansane fell kvaliteten på Norborg kraftig. Rytma i det offensive spelet var totalt fråverande og feilpasningane florerte. Den nye forsvarsfiraren verka usikker, men rydda opp heimelaget sine angrep. Unødige frispark vart likevel laga, og i det 18. minutt greidde GuLars å utnytte dette då Leiv Sindre Muren testa skotfoten frå 30 meter. Keeper Kenneth Vegsund stod klar til å plukke skotet, men ballen sklei gjennom hendene og i tverrliggjar før den retunerte i bakhovudet og i mål til stor glede for heimelaget. Med eit par skikkelege keeperhanska og ikkje oppvaskhanskar hadde kanskje målet vore unngått.

Lite stemte
Norborg greidde aldri å få noko fasong på spelet i denne omgangen. Mottak, pasningar og rørsle stemte ikkje, og fleire av spelarane førte ball i altfor stor grad. Norborg kom seg likevel til to store sjansar det siste kvarteret før pausen. Begge ved Tarjei Urkedal, men firemålsscoraren frå siste kamp hadde ikkje dagen og fann ikkje nettmaskene. Dermed leia GuLars 1-0 ved pause.

Norborg måtte foreta seg noko til 2. omgang, og valde å sette inn halvskadde Kim Idar Krogsethagen som midtstoppar i håp om å få til spel bakfrå i staden for drusefotballen ein hadde før kvila.

Misbrukar store sjansar
Det tok litt tid før Norborg skapte sjansar i 2. omgang, men frå halvspelt omgang og ut kom endeleg maskineriet i gong. Tarjei Urkedal, Kim Idar Krogsethagen og Adrian Håbet hadde alle store sjansar til å utlikne. Krogsethagen si heading vart for øvreg redda på strek av ein spelar.

Superinnbyttar KIB
Fem minutt før slutt kom Knut Ivar Bjørlykhaug inn, eitt minutt seinare heada han inn utlikninga etter ein corner frå Kristian Søviknes. 1-1, og Norborg såg mogelegheita til å få med seg alle poenga. Minuttet etter er ein nær ved leiarmålet då Kristoffer Søviknes og Adrian Håbet kombinera flott, men sistnemndes avslutning traff keeper. På overtida stonga Norborg mot GuLars muren og kom seg ikkje igjennom. Dermed to poeng tapt.

Mogeleg var det undervurdering som gjorde at Norborg brukte 70 minutt på å kome skikkeleg igong. Kan hende var det dei store utskiftningane på laget ein var tvungen til å gjere. Likevel, laget Norborg stilte burde ha vunne over GuLars.

Gode innbyttarar
Vi gir innbyttarane mest kredit i denne kampen. Kim Idar Krogsethagen løfta laget då han kom inn til 2. omgang. Edward Laverton var også positiv dei tjue minutta han fekk. Han gjorde seg spelbar ved å finne romma mellom GuLars sitt forsvar og midtbane og fann medspelarane med pasningane sine. Knut Ivar Bjørlykhaug fekk fem minutt og trengte ikkje meir for å bli dagens Norborg-helt. Kjell-Terje Brusdal var best av dei som starta kampen.

På notisblokka:
2 min: Tarjei skyt svakt utafor frå god posisjon etter Adrian-raid.
4 min: Tor Asle Dyrhol får stå åleine på 16 meter, men skyt håplaust utafor.
7 min: Adrian igjennom, men overlister ikkje keeper.
18 min: 1-0. Leiv Sindre Muren med flaksefrispark via tverrliggjar og keeper og i mål.
28 min: Kristoffer spelar til Tarjei som drar av ein mann, men keeper reddar avslutninga.
38 min: Tarjei med ny sjanse, men redning på strek.
67 min: Tarjei heading, men keeper får redda til corner.
70 min: Kim Idar heading på corner, men redning på strek.
78 min: Kristoffer rundt på kant og spelar til Adrian, men svak avslutning utafor.
86 min: 1-1. Knut Ivar stanger inn corner frå Snes.
87 min: Kristoffer spelar til Adrian som avslutter rett på keeper frå 10 meter.
90 min: Rekke frispark/cornere frå Norborg, men utan resultat.

For moro skyld setter vi opp eit lag med spelarar som ikkje kunne stille på kamp:
Geir Roar Gamlem – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Morten Kalvø, Øyvind Farstad – Stein Erik Alvestad, André Larsen, Eivind Fjørtoft, Skjalg Volstad – Geir Ove Grønli, Ole Johan Urke. Desse 11 står for tilsaman 131 A-kampar for Norborg hittil i år og 1085 totalt..