Godøy – Norborg 3-8

Godøy – Norborg 3-8 (0-2)
Nes KGB, 09.02.08

9 sjansar 14
7 hjørnespark 6

0-1 Tarjei Urkedal (24)
0-2 Elling Mikal Kalvø (31)
0-3 Tarjei Urkedal (47)
0-4 Kristian Søviknes (55)
0-5 Adrian Håbet (60)
1-5 Trond Brynestad (64)
1-6 Steffen Grytten (76)
1-7 Geir Ove Grønli (82)
1-8 Steffen Grytten (83)
2-8 Trond Brynestad (str. 86)
3-8 Kenneth Kjevik (90)

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Furnes (Eivind Fjørtoft, 62), Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Kristoffer Søviknes – Kristian Søviknes (Bee, 62), André Larsen (Kristian Søviknes, 75), Steffen Grytten, Stein Erik Reitan – Tarjei Urkedal (Geir Ove Grønli, 62), Adrian Håbet

Særs god treningskamp av Norborg, som viste mykje god angrepsfotball og stødig forsvarsspel til det stod igjen fem minutt. Diverre mista ein då konsentrasjonen og Godøy fekk pynta på resultatet.

Etter eit par veker med stort fråfall på treningane grunna sjukdom, skader og skule/jobb hadde ikkje Norborg den beste oppladinga til treningskampen mot 3. divisjonslaget Godøy. Men, det var ingenting å frykte. Godøy mangla 4-5 faste spelarar og hadde lite å stille opp med mot heiltente norborgarar.

Stødig forsvarsspel
Norborg låg disiplinert og kompakt i 1. omgang, og let ikkje Godøy sine dyktige angriparar Svein Arve Alnes og Trond Brynestad kome til sjansar. Offensivt sleit ein med presisjonen i starten, men det var ikkje ufortent då Tarjei Urkedal dunka ballen i mål frå 40 meter etter at Godøy sin keeper var utafor 16 meteren å klarerte. Elling Mikal Kalvø er ein ung og lovande midtstoppar. Laurdag fekk han sitt første A-lagsmål då han først erobra ballen utafor eigen 16 meter, tok eit 70 meters løp og avslutta angrepet med å score liggande. Dermed leia Norborg noko overraskande 2-0. Vi noterte fem gode sjansar for Norborg før Godøy fekk sin då Trond Brynestad skar inn i straffefeltet, men avslutta i nettveggen.

Mål på mål
Etter pausen fekk vi sjå eit fyrverkeri av ein fotballkamp. Allereie før to minutt var spelt auka Tarjei Urkedal leiinga til 3-0 då han scora åleine med keeper. Norborg styrte no alt mot lite løpsvillige Godøy-spelarar. 4-0 kom på eit flott frispark av Kristian Søviknes, medan Adrian Håbet sprang frå alt og alle å sette sikkert inne 5-0 åleine med keeper.

Norborg gjorde så nokre bytter og mista formasjonen ei lita stund. Trond Brynestad reduserte til 1-5 då han heada inn ein retur etter eit frispark i tverrliggjar. Godøy trykte på for ytterlegare redusering, men lykkast ikkje. I staden er det Norborg som finn rytmen igjen og Steffen Grytten heada inn 6-1 etter eit frisparkframspel av Elling Mikal Kalvø. Geir Ove Grønli sette inn 7-1 etter flott forarbeid av Adrian Håbet, medan Steffen Grytten sette inn sitt andre mål etter ein retur frå keeper.

Svak avslutning
Dei siste minutta fall konsentrasjonen blant enkelte Norborg-spelarar og Godøy får redusere to gongar. Først på straffe ved Trond Brynestad, så headar Kenneth Kjevik inn 3-8 etter at Norborg roter det til for seg på venstresida.

Særs god kamp av Norborg som var betre organisert og viste langt større innsats enn sin motstandar. Alle på Norborg spelte ein god kamp, men det er tydeleg at enkelte av dei unge no har starta å ta meir ansvar. Elling Mikal Kalvø var suveren i forsvar, medan Adrian Håbet tek tak i det offensive spelet og går godt i spann med Tarjei Urkedal.

Neste kamp er vinterseriekamp mot Åram/Van.kam på laurdag kl. 14.