Bergsøy – Norborg 8-2

Bergsøy-Norborg 8-2 (5-0)
Bergsøy gras, 21.08.08

11 sjansar 3
6 cornere 9

1-0 Daniel Kvalsvik (8)
2-0 Gustav Pettersen (9)
3-0 Frank Sverre Skorpen (25)
4-0 Daniel Kvalsvik (31)
5-0 Mats Inge Teige (37)
6-0 Anders Per Vågsholm (47)
6-1 Kristian Søviknes (67)
7-1 Gustav Pettersen (74)
7-2 Skjalg Voldstad (76)
8-2 Frank Sverre Skorpen (78)

Dommar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy)
Ass. dommarar: Oddbjørn Aam (Åmdal) og Magne Krumsvik (Volda)

Laget: Geir Roar Gamlem – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Morten Kalvø, Kristian Furnes (Geir Ove Grønli, 46) – Ole Johan Urke (Stein Erik Reitan, 75), Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Stein Erik Reitan (Skjalg Volstad, 46) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Knut Ivar Bjørlykhaug, 75).

Eit heimelag som måtte vinne for å henge med i toppen, gav Norborg ein leksjon i god og effektiv fotball torsdag kveld. Bergsøy lykkast med alt, medan oransjetrøyene gjorde elementære feil vi ikkje trudde dette laget var i stand til.

Etter jamne opningsminutt rakna det heilt for Norborg og Bergsøy fekk score på sine to første sjansar. Desse kom med knappe 60 sekunders mellomrom. Daniel Kvalsvik opna scoringsballet då han utnyttar nølande forsvarsspel å skyt i mål frå 16 meter. Like etter er det Gustav Pettersen som blir spelt fri, rundar keeper og sette ballen i tomt bur. Dermed ein skikkeleg kalddusj for sigersvande gjestar som ikkje hadde tapt ein kamp på tre månader.

Effektivt heimelag
Heimelaget fortsette å vise seg frå si mest effektive side, for også på sin tredje sjanse vart det mål. Denne gong var det kapteinen sjølv, Frank Sverre Skorpen, som heada kontant inn ein corner. Norborg hadde lite å stille opp med i 1. omgang. Forsvaret som har vore så stødig i år, vart gjort om saltstøtter, medan det ein fekk til offensivt var eit frispark frå 20 meter og nokre hjørnespark. Bergsøy på si side lykkast med det meste, og puttar to til før pause. Daniel Kvalsvik scorar sitt andre for dagen då han legg på til 4-0, medan Mats Inge Teige laga 5-0 då han snappa ballen mellom to norborgarar, fossar mot mål å sette ballen sikkert i nota.

Betre etter kvila
I pausen bestemte Norborg seg for å gå ut og gjere ein langt betre 2. omgang. Det var likevel heimelaget som opna best og la på til 6-0 før to minutt var spelt. Denne gong ved Anders Per Vågsholm. Norborg hadde ballen mykje i denne omgongen og spesielt ungguten Skjalg Volstad var god. Ved halvspelt omgang får ein så også redusert til 1-6 ved Kristian Søviknes. Han sende av garde ein ball frå 25 meter som duppa fint over keeper Sandanger og under tverrliggjar.

Men Bergsøy har ikkje gitt seg for kvelden, og like etter blir Gustav Pettersen to målsscorar. Eit kvarter før slutt spelar reduserer Skjalg Volstad til 2-7 etter at han vart spelt fri av Kristian Søviknes. Like etter fastsette Frank Sverre Skorpen resultatet til 8-2 etter innlegg frå venstre.

Langt under pari
Norborg hadde lite å stille opp med mot eit heimelag som gjorde ein optimal kamp. Pasningane, rørsla, vilja og ikkje minst effektiviteten var på topp hos Bergsøy, som viste at dei er divisjonens beste lag når alt klaffar. Norborg leverte langt under pari og gav aldri Bergsøy kamp. Ein var sløv i press, viste liten duellvilje, greidde ikkje å halde på ballen på motstandars halvdel og gjorde elementære feil.

Best på Norborg denne gong var innbyttar Skjalg Volstad. Med fart og teknikk turte han å utfordre Bergsøy sine spelarar. Fortsett slik.

Norborg skal torsdag ut i kamp mot topplaget Herd på Uggedal stadion kl. 1830.