Sunnylven – Norborg 3-2

Sunnylven – Norborg 3-2 (1-1)
4. divisjon, Hellesylt stadion, 26.04.07

7 sjansar 9
0 hjørnespark 12

0-1 Tarjei Gjerset Urkedal (42)
1-1 Olav Åge Åsen (44)
2-1 Terje Flåm (54)
3-1 Terje Flåm (84)
3-2 Steffen Grytten (89)

Dommar: Alf Furland (Rollon)
Ass. dommarar: Svein Vestnes (AaFK) og Per Helge Liset (Stranda)

Tre beste:

André Larsen
Stein Erik Reitan
Knut Ivar Bjørlykhaug

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristoffer Søviknes (Stein Erik Alvestad, 88), Knut Ivar Bjørlykhaug, Jan Even Drønnesund, Stein Erik Reitan – André Larsen, Kristian Søviknes, Steffen Grytten – Edward Laverton (Geir Ove Grønli, 82), Geir Ove Grønli (Ole Johan Urke, 70), Tarjei Urkedal

Snittalder: 23,5

Trass fem mål var dette ein heller keisam og lite velspelt kamp. Sunnylven la seg bakpå og satsa på kontringar, medan Norborg styrte spelet nær sagt heile kampen og hadde fortent poeng. Men mykje frustrasjon og tre defensive feil førte til at ein nok ein gong måtte forlate Hellesylt med bøygd hovud og null poeng.

Det er sjeldan vi ser så defensive heimelag som vi gjorde på Hellesylt. Sunnylven la seg i forsvar med alle mann i håp om å stenge for Norborg sitt kantspel. Dette gjorde at Norborg hadde ballen særs mykje, men møtte på ein kontant forsvarsmur på 16 meteren.

Frustrasjon
Vi kunne sjå at Norborg sine spelarar vart meir og meir frustrerte ettersom tida gjekk og ein ikkje fekk mål. Det hjalp heller ikkje på humøret at dei få sjansane ein skapte vart misbrukt. Geir Ove Grønli heada like utafor frå god posisjon tidleg i kampen. Tarjei Urkedal bomma for opent mål etter knappe kvarteret, medan Steffen Grytten måtte sjå si heading gå utafor etter ein av Norborg sine mange hjørnespark.

Endeleg mål
Tre minutt før pause skulle ein så endeleg få hol på byllen. Edward Laverton vinn ballen nede ved hjørneflagget, tek med seg ballen inn mot 16 meteren og legg fint ut til Steffen Grytten. Han skyt lågt inn mot mål der Tarjei Urkedal sette ballen i mål på eit vel utført helspark.

Rask utlikning
Sunnylven låg stort sett på eigen banehalvdel, men når dei først kom så var raudtrøyene slettes ikkje ufarlege. Etter eit par farlege dødballar var det på ei kontring utlikninga skulle kome. Olav Åge Åsen fekk ballen ute på høgresida, finta ut ein Norborg-forsvarar og avslutta via handskane til keeper Geir Roar Gamlem og i mål. 1-1, og like langt. På overtid i 1. omgang trudde Norborg at dei igjen hadde tatt leiinga då Geir Ove Grønli scora, men assistentdommar vinka for offside. Dermed 1-1 til pause i ein omgang Norborg dominerte spelemessig.

Gamal storscorar fornektar seg ikkje
– Vi er betre teknisk og langt meir løpssterke enn Sunnylven. Det er berre å stå på så får vi tre poeng, sa trenar Søviknes i pausa. Men slik skulle det ikkje gå. Norborg greier ikkje å halde høgt nok tempo på ball, og fleire av spelarane har ikkje dagen. Sunnylven er dermed langt meir med etter pausen, og knappe ti minutt ut i omgangen slepp Norborg markeringa og Terje Flåm får stå heilt åleine på 12 meter. Her gjer han ingen feil og dunkar ballen i nettmaskene. 38-årige Flåm er særs aktiv i ein periode i midten av omgangen, og utnyttar det store rommet bak Norborg sitt forsvar. To gongar er han åleine med keeper Gamlem, men avslutningane går ikkje innafor stolpane. Dryge fem minutt før slutt skulle han så lykkast. Eit tilsynelatande mislykka innlegg glepp ut av hendene på keeper Gamlem og ned i beina på Flåm, som enkelt sette inn 3-1 i det opne målet. Gamlem plukkar desse ballane i 99% av tilfella, men dette var dagen då lite skulle lykkast for oransjetrøyene.

Norborg på si side hadde ballen mest i denne omgangen også, og kom seg til nokre gode sjansar. Allereie to minutt ut i omgangen får Tarjei Urkedal ein stor sjanse etter corner av Kristian Søviknes, men avslutninga vert redda på streken av heimelaget.

Nok ei annullering
Eit kvarter før slutt på stillinga 2-1 trudde dei fleste at Norborg hadde fått si utlikning då Edward Laverton sette ballen i mål etter forarbeid av Steffen Grytten. Dommar Furland bles for mål, men så bestemme assistentdommar Liset seg for å vinke med flagget. Etter samtale mellom dommar og assistentdommar blir målet annullert for nedsparking og Sunnylven får frispark. – Ein heilt rein duell og slettes ikkje noko nedsparking, seier Steffen Grytten om situasjonen.

Nytt håp
Minuttet før ordinær tid var ute på stillinga 3-1, gir Steffen Grytten Norborg eit lite håp om poeng då han styrer inn ein raskt tatt corner av Ole Johan Urke. Norborg legg eit kraftig trykk på heimelaget, og tre minutt på overtid får Geir Ove Grønli ein dobbeltsjanse, men det første forsøket blir godt redda av keeper Kåre Bjønes, medan det andre går utafor. Dermed vinn Sunnylven 3-2, og Norborg har endå ikkje brote forbanninga som ligg over laget på Hellesylt stadion.

– At der er mogeleg å reise her i frå utan poeng. Vi er betre enn dei i alle posisjonar og har ballen nesten heile tida, seie målscorar Tarjei Urkedal.

Sunnylven har rutine, klokskap og ein taktikk ein følge slavisk, og når motstandaren blir frustrert og gjer enkle feil, let ikkje raudtrøyene seg be to gongar. Det er nok fleire enn Norborg som får slite mot dette mannskapet.

Norborg står med null poeng på to kampar, men alt er ikkje svart. Ein er fullt på høgde med motstandarane og det er få justeringar som skal til før poengfangsten startar. Best på Norborg i denne kampen synest vi André Larsen og Stein Erik Reitan var. Larsen jobba godt og turte å utfordre, medan Reitan var aktivt med i angrep frå sin backposisjon.

Norborg skal i neste runde ut i nok ein bortekamp. Denne gong mot Stranda torsdag 3. mai.