Norborg – Ørskog 2-1

Norborg – Ørskog 2-1 (0-1)
Uggedal stadion, 07.06.07

4 sjansar 4
4 cornere 1

0-1 Aslak Benjaminsen (3)
1-1 Steffen Grytten (83)
2-1 Kim Idar Krogsethagen (89)

Tilskodarar: 113 betalande

Dommar: Sindre Eikrem (MSIL)
Ass. dommarar: Alf Furland (Rollon) og Kristian Melset (FK Sykkylven)

Tre beste:
Kjell Terje Brusdal
Bee
Geir Roar Gamlem

Laget: Geir Roar Gamlem – Asgeir Kalvø (Stein Erik Alvestad, 83), Kim Idar Krogsethagen, Kjell Terje Brusdal, Stein Erik Reitan – André Larsen (Kristian Søviknes, 66), Bee (Knut Ivar Bjørlykhaug, 70), Steffen Grytten – Skjalg Volstad (Edward Laverton, 33), Geir Ove Grønli (Kristoffer Søviknes, 33), Tarjei Urkedal.

Sjansefattig og svak kamp under skyfri himmel på Grytastranda torsdag kveld. Ørskog tok tidleg leiinga, og hadde sine sjansar til å auke før Norborg sette inn ein solid sluttspurt og snudde kampen med to seine mål.

Ørskog-trenar Stig Johansen sa følgjande etter kampen; – Norborg er effektive og scorar på 50% av sjansane sine, medan vi slit med å få ballen i mål i denne kampen også. Vi skapar fleire sjansar, men er uheldige og udyktige i avslutningsaugenblinken. Fotball er ein marginal idrett, og hadde vi satt ein av dei store sjansane våre tidleg i 2. omgang åleine med keeper, hadde kampen vore drept. Vi manglar flaksen som skal til for å ta tre poeng i slike kampar. Vi scorar eit nydeleg mål etter eit mønsterangrep på høgresida, der back Aslak Benjaminsen får opna målkontoen sin på ein vakker måte. Elles kan eg ikkje huske å ha sett Norborg så tamme på mange år, spesielt på heimebane var dette uvant kost!

Praktangrep
Tilskodarane i Uggedalen er vande med mange mål og god underhaldning når Norborg spelar kamp, men denne viktige 4. divisjonskampen mellom Norborg og Ørskog vart aldri eit fyrverkeri. Det starta likevel underhaldande. Allereie før tre minutt var passert får vi sjå feiande flott fotball av gjestane. Raske ballvekslingar og veggspel som enda med at Aslak Benjaminsen vart spelt fri og laga 1-0 til dei blå.

Ørskog var meir på hogget enn vertane, men eit godt heimeforsvar hindra dei store sjansane. Norborg på si side sleit stort med presisjonen, men var særs nær utlikning knappe 10 minutt ut i omgangen då Geir Ove Grønli avslutta via ein Ørskog-forsvarar og over frå kloss hald.

Stor Ørskog-sjanse
Etter pausen stod Norborg høgt på bana og Ørskog fall naturleg nok lenger tilbake. Heimelaget styrer banespelet, men kom seg ikkje til sjansar. Det gjorde Ørskog då Jon E. Sollied lurer Norborg si offside-felle eit kvarter ut i omgangen. Norborg sin keeper Geir Roar Gamlem oppfattar raskt situasjonen og får pressa Sollied ut mot venstrekanten. Likevel bør avslutninga utanfrå hjørnet av 16 meteren finne mål, men den stryk seg utanfor lengste stolpe.

Sju gode Norborg-minutt
Ørskog verkar å vere tappa for krefter det siste kvarteret og Norborg kjem nærare og nærare mål. Sju minutt før slutt skulle ein så lykkast då Kristoffer Søviknes finn Steffen Grytten sitt hovud innafor 16 meteren. 1-1, og Norborg fekk tru på tre poeng. Minuttet før ordinær tid var over fekk så sommarvikar Kim Idar Krogsethagen sjansen på frispark frå vel 20 meters hald. Denne tok han godt vare på, og sjølv om keeper Hans Hjeldnes får ei hand på ballen er skotet for hardt til å la seg stoppe. Dermed 2-1 til Norborg, og tre poeng på ein heller svak dag.

Norborg har ikkje hatt poengtap på si nesten nye grasbane i Uggedalen på nøyaktig 11 månadar, og det er kanskje denne enorme trua på at ein alltid vinn på denne bana som gav utslaget, samtidig som Ørskog sin innbyttarbenk ikkje var av samme breidde denne gong.

Brusdal tilbake i slag
Best på Norborg denne gong synast vi Kjell Terje Brusdal var. Etter ei litt vanskeleg tid med skader, var han i denne kampen endeleg tilbake i god form, og då er han vanskeleg å ta både langs bakken og i lufta. Unge Pogrpee “Bee” Kaekhao har storspelt på 2. laget så langt i år, og viste at han held nivået i 4. divisjon også. Han gjer det enkelt med pasningar ut mot vingane og jobbar hardt utan ball.

Neste kamp for Norborg er borte mot Åram/VFK laurdag 16. juni.