Norborg – Ørskog 0-2

Norborg – Ørskog 0-2 (0-2)
Moa KGB, 09.02.07

4 sjansar 8
7 cornere 7

0-1 Olav Georg Ekornes (33)
0-2 Olav Georg Ekornes (39)

Dommar: Even Myrheim (Herd)

Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Alvestad (Elling Mikal Kalvø, 75), Knut Ivar Bjørlykhaug, Kjell Terje Brusdal (Kenneth Vegsund, 27), Kristian Furnes (Erlend York, 55) – André Larsen, Eivind Fjørtoft (Edward Laverton, 46), Kristian Søviknes, Kristoffer Søviknes (Kristoffer Engeset, 75) – Ole Johan Urke (Amund Terøy, 66), Asgeir Kalvø.

Snittalder: 20,59

Ørskog viste seg som det beste laget i treningskamp mot Norborg fredag kveld, og tok heim ein fortent siger etter to mål av Olav Georg Ekornes.

To timar før kampstart meldte Ørskog forfall til denne kampen grunna spelarmangel, men då Norborg var i full sving med å finne eit erstatningslag, greidde Ørskog å skrape saman nok spelarar til kamp. Det angrar dei nok ikkje på i ettertid.

Ekornes senka Norborg
Norborg styrte det første kvarteret, og kom seg til to store sjansar ved Kristoffer Søviknes og Asgeir Kalvø. Sistnemnte måtte sjå skotet sitt bli redda på strek av ein Ørskog-forsvarar. Etter opningskvarteret vart det full stopp for Norborg, og Ørskog tok over spelet. Med sine raske spelarar kom blåtrøyene stadig på farlege kontringar, og etter ein dryg halvtime låg ballen i nota då Olav Georg Ekornes vart spelt igjennom og scora sikkert. Flott kombinasjonsspel av Ørskog før scoringa. Nokre minutt seinare spelar Ørskog ein ball bak Norborg si forsvarsrekke. Ekornes spurtar ifrå det som er og sette ballen stolpe inn. 2-0, og det sjukdomsprega Ørskog-laget rundspelar sigersvande norborgarar.

Fortent Ørskog siger
Ørskog var også best etter kvila, og produserte fire gode sjansar mot Norborg sine to. Tre av dei kom etter ballvinning inne på Norborg sin halvdel. Ørskog var då flinke til å kome i stor fart med mange mann og skapte overtalssituasjonar mot Norborg sitt forsvar. Norborg sine to sjansar hadde Kenneth Vegsund og Amund Terøy. Vegsund fekk sin flikk redda på strek, medan Terøy sitt skot vart blokkert. Fleire mål vart det likevel ikkje, og Ørskog kunne juble for 2-0 siger då mørkret sette ein stoppar for kampen.

Stoppa på 7 strake
Norborg jakta på sin 8. strake siger, men vart tatt på senga av eit raskt, kompakt og aggressivt Ørskog-lag, som tok årets første siger. Oransjetrøyene hadde stor strekk i laget og var svært upresise i pasningsspelet. Mykje kondisjonstrening og lite ballkontakt dei siste vekene får ta noko av skulda for det.

– Stress, dårleg tru og mangel på å ville gjere det enkelt for kvarandre. I tillegg til store elementære tekniske feil, så blir det lite samhandling og mykje frustrasjon. Vi tek det som ei treningsøkt, og satsar på å kome sterkare tilbake når poenga blir delt ut, sa Norborg-trenar Kristian Søviknes etter kampen.

Norborg sin neste kamp er etter planen på måndag mot Brattvåg.

AV: FSE