Norborg – HaNo 5-2 (5-1)
Uggedal stadion, 24.05.07
10 sjansar 8
3 cornere 7
Tilskodarar: 105
1-0 Asgeir Kalvø (5)
2-0 Kristoffer Søviknes (18)
3-0 Martin Grytten (19)
4-0 Tarjei Urkedal (23)
4-1 Ove Otterlei (30)
5-1 Kristoffer Søviknes (38)
5-2 Stig Frode Longva (53)
Dommar: Alf Furland (Rollon)
Tre beste:
Kristoffer Søviknes
Asgeir Kalvø
Geir Roar Gamlem
Laget: Geir Roar Gamlem – Elling Mikal Kalvø, Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Stein Erik Reitan – Kristian Søviknes (Eivind Fjørtoft, 88), André Larsen, Asgeir Kalvø – Martin Grytten (Skjalg Volstad, 71), Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Geir Ove Grønli, 65)
Snittalder: 22,6
Norborg viste seg som det beste laget innafor kvar 16 meter og tok ein solid 5-2 siger over nabo HaNo. Spesielt i ein tjueminuttsperiode av 1. omgang imponerte heimelaget med særs effektiv angrepsfotball å scora i denne perioden fire mål. Kampen var då i realiteten avgjort og HaNo trua aldri heimelaget.
– Godt å få med seg tre poeng i ein viktig kamp. Vi gjer ein solid 1. omgang og spelar då tidvis veldig god fotball. At vi skal gjenta dette etter pausen kan vi ikkje forvente. Vi har slitt defensivt i det siste, men synest at dette betra seg i dag, sjølv om HaNo scorar to mål og kjem seg til nokre store sjansar, føler eg vi har god kontroll på kampen, sa trenar Jan Egil Alstadsæter etter kampen.
Kampen var langt meir jamspelt enn resultatet tilseie, men Norborg var klart best framføre mål. Før pause scora Norborg på fem av sju sjansar. HaNo på ein av fem.
Effektive Norborg
Fem minutt var spelt då Asgeir Kalvø gav heimelaget leiinga på eit velplassert skot i frå 16 meter etter pasning av Kristoffer Søviknes. Dryge ti minutt seinare er det sistnemnde som kjem på scoringslista då han kjem først på eit innlegg frå André Larsen. Yngstemann Søviknes er verkeleg på hogget i denne perioden, for minuttet seinare kom han seg rundt på høgrekanten og la flott inn til Martin Grytten som scora frå kloss hald. Ved halvspelt omgang vart Tarjei Urkedal flott spelt fri av Martin Grytten. Åleine med keeper Henrik Åkre gjorde han ingen feil og 4-0 til Norborg. Oransjetrøyene viste i desse 20 minutta verkeleg god fotball og gjorde HaNo sine spelarar om til statistar.
HaNo gav ikkje opp
I dei siste 20 minutta av omgangen var HaNo det førande laget og kom seg til fleire halvsjansar. Då halvtimen var spelt kom så reduseringa då Ove Otterlei frå kloss hald får styrt inn ein corner. Men Kristoffer Søviknes nekta HaNo å kome inn i kampen. Dryge fem minutt seinare styrte han inn 5-1 etter eit innlegg frå broder Kristian. Like før pause kom gjestane seg til ein dobbelsjanse, men keeper Geir Roar Gamlem viste spel av høg klasse då stoppa både Cato Longva og Audun Steen sine forsøk.
Svakare etter pausen
2. omgang blir langt frå så underhaldande som det vi fekk sjå før pausen. Stig Frode Longva reduserte til 5-2 tidleg i omgangen då han fintar ut ein Norborg-forsvarar å sette ballen hardt inne ved nærmaste stolpe. HaNo hadde ballen mykje i denne omgangen, men sette sjeldan keeper Gamlem på dei store prøvene. Norborg fekk mange overgongar, men mange feilval gjorde at ein ikkje fekk utnytta desse fullt ut.
Best på Norborg var Kristoffer Søviknes. Han scora to mål og var ei offensiv drivkraft på høgrekanten. Asgeir Kalvø jobba hardt på midtbana og gjorde fleire kloke val, medan sisteskanse Geir Roar Gamlem var tilbake i normal form og gjorde fleire gode redningar. På HaNo styrte Lars Petter Haram midtbana godt.
Neste kamp for Norborg er borte mot Herd torsdag 31. mai.