Norborg – Godøy 0-2 (0-0)
Vinterserien, Moa KGB, 18.02.07
4 sjansar 7
3 cornere 11
0-1 Trond Brynestad (54)
0-2 Sven Harald Nyvoll (90)
Dommar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy)
Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug (Jan Even Drønnesund, 67), Kjell Terje Brusdal (Knut Ivar Bjørlykhaug, 73), Stein Erik Reitan – André Larsen (Bee, 78), Kristian Søviknes, Steffen Grytten – Kristoffer Søviknes (Kristian Furnes, 78), Geir Ove Grønli (Ole Johan Urke, 64), Edward Laverton (Tarjei Urkedal, 38)
Snittalder: 22,69
Tre beste:
Geir Roar Gamlem
Stein Erik Alvestad
Kjell Terje Brusdal
Godøy var det beste laget på Moa KGB søndag ettermiddag og vann 2-0 over Norborg. To mål som oransjetrøyene meinte burde blitt annullert.
Godøy tok tidleg grep om banespelet, men sleit med å kome seg til klare målsjansar dei første 20 minutta. Spesielt Norborg-forsvarar Kjell Terje Brusdal øydelagde fleire av Godøy sine angrep. Keeper Geir Roar Gamlem gjorde også ein god kamp og var ved fleire høve ute å snappa ballen på 16 metersstreken. På Godøy sin største sjanse i omgangen var André Larsen reddande engel då han redda eit skot på streken etter corner.
Norborg var heller ikkje ufarlege i 1. omgang og var nær leiing då Geir Ove Grønli kom seg til to sjansar etter frispark av Kristian Søviknes. Begge sjansane til Grønli vart diverre for oransjetrøyene heada over mål.
I 2. omgang viste Godøy seg som eit betre lag enn Norborg, og kom seg til fire store sjansar. Ti minutt ut i omgangen stussar Svein-Arve Alnes eit oppspel vidare til Trond Brynestad som scorar sikkert. Norborg protesterar kraftig ettersom dei meinte Alnes var svært aktiv med armane i duellen med Knut Ivar Bjørlykhaug.
Eit kvarter seinare fekk både Svein-Arve Alnes og Erlend Holmen gode sjansar aleine med keeper, men Alnes fekk ikkje kontroll på ballen, medan Geir Roar Gamlem redda glimrande Holmen sitt skot. Fire minutt før slutt fekk Kristian Søviknes ein stor sjanse for Norborg då han på 16 meter fekk skyte heilt upressa, men som vanleg fauk ballen over mål. På overtid dobla Sven Harald Nyvoll Godøy si leiing då han fekk stå umarkert på fem-meteren å styre eit innlegg i mål. Målet burde ha vore annullert sidan ballen var over kortlinja før legget kom. Eit frispark burde nok også ha blitt gitt til Norborg før innlegget.
Bra defensiv kamp av Norborg, men ein manglar rytme og presisjon i angrepsspelet. Likevel, laget løfta seg frå sist kamp, og var særs nær poeng i denne vinterseriekampen.
– Eit steg i rett retning mot svært god motstand. Vi får jobbe vidare resten av vinteren, så gleder vi oss til å møte dei i serien, sa Kristian Søviknes etter kampen.
Norborg spelar ny kamp allereie på tysdag. Då mot Brattvåg.
AV: FSE