Norborg – Ellingsøy 8-3 (2-2)
Hildre grus, 18.01.07
13 sjansar 4
5 cornere 0
0-1 Sindre Myklebust (7)
1-1 Steffen Grytten (10)
1-2 Thomas Aarseth (22)
2-2 Tarjei Urkedal (35)
3-2 Tarjei Urkedal (49)
4-2 Steffen Grytten (str. 54)
4-3 Kay Lorgen (str. 59)
5-3 Amund Terøy (72)
6-3 Ole Johan Urke (78)
7-3 Christopher Urkedal (86)
8-3 Christopher Urkedal (88)
Dommar: Fredrik Løken (Brattvåg)
Tilskodarar: 15
Laget: Geir Roar Gamlem (Kenneth Vegsund, 46), Stein Erik Alvestad (Kristian Furnes, 61), Kenneth Vegsund (Knut Ivar Bjørlykhaug, 46), Kjell Terje Brusdal (Elling Mikal Kalvø, 61), Stein Erik Reitan (Erlend York, 61) – Kristoffer Søviknes (Eivind Fjørtoft, 46), André Larsen (Tarjei Urkedal, 64), Steffen Grytten (Asgeir Kalvø, 61), Asgeir Kalvø (Amund Terøy, 61) – Tarjei Urkedal (Ole Johan Urke, 69), Jørn Heggelund (Christopher Urkedal, 46)
Snittalder: 21,9
Norborg vann årets første treningskamp med komfortable 8-3 på ei overraskande god Hildre grus torsdag kveld. Laga gjekk til pause med 2-2 etter god effektivitet av Ellingsøy og tilsvarande sløsing av Norborg. Etter pause trykte Norborg kraftig og vann solid.
Det var 5.divisjonslaget Ellingsøy som tok leiinga på den snødekte Hildre grusen då dei kombinerte seg fint igjennom Norborg-forsvaret og Sindre Myklebust scora åleine med keeper Geir Roar Gamlem. Likevel, Norborg hadde vore det førande laget i starten av kampen, og det gjekk berre eit par minutt før utlikninga kom. Jørn Heggelund kjempa til seg ballen i kamp med keeper og spelte ut til Steffen Grytten, som sette ballen presist i mål frå 16 meters hald.
Effektive Ellingsøy
Norborg fortsette å skape sjansar, men sløsing straffar seg og Ellingsøy tek nok ein gong leiinga. Denne gong på eit skot frå langt hald som snik seg inn ved stolpen. Ellingsøy fekk behalde leiinga litt lenger denne gong, men ti minutt før pause vinn Norborg ballen høgt oppe på bana og Tarjei Urkedal får etterkvart sett ballen i mål. På slutten av omgangen har både Kristoffer Søviknes og Steffen Grytten sjansar til å score, men stod ikkje stolpen i vegen så gjorde keeper det.
Brasiliansk på kalde Hildre
Fire minutt ut i 2. omgang får vi kampens høgdepunkt då Tarjei Urkedal sette inn 3-2 på eit utsøkt brassespark. Nokre minutt seinare aukar Steffen Grytten leiinga på straffe etter at Asgeir Kalvø vart felt. Ellingsøy verka sletne og hadde lite å by på, men fekk sjansen frå krittmerket då dommar Løken dømde for hands. Straffa vart satt sikkert i nota bak reservekeeper Kenneth Vegsund.
Ungdomane stod fram
Etter dette var det spel mot eitt mål, og det unge Norborg-laget viste stor målhunger. Amund Terøy styrte inn 5-3 etter corner frå Asgeir Kalvø. Ole Johan Urke putta frå kloss hald etter at keeper ga retur på eit skot frå Tarjei Urkedal. Christopher Urkedal laga 7-3 då han tok ned eit innlegg frå Urke og fyrte i mål. Samme spelarar var i hovudrolla på 8-3 målet. Urke slår i bakrom til Urkedal, som scora aleine med keeper.
Assistent trenar Kristian Søviknes hadde dette å seie etter kampen; – Kjekt å kome i gang med ein treningskamp så tidleg. Vi fekk nytta mykje folk, heile 19 stykke, og dei yngre grip sjansen når dei får mogelegheita i andreomgang. Mykje positivt spel på glatt underlag, og særs god arbeidsinnsats for kvarandre.
Gode ravningar og juniorar
Dykk hadde med to Ravn-spelarar med i dag. Kva synst du om deira innsats? Kjekt å sjå Jørn og Christopher, begge viser prov på kvalitetar Norborg har bruk for, seie Søviknes. Jørn med stor innsats og er involvert i dei to første måla. Christopher kjem inn etter pause og viser bra avslutningseigenskaper. Elles kjekt å sjå måten Knut Ivar og Elling Mikal opptrer på i andre omgang, Erlend og Eivind som dominerar midtbana og ikkje minst Tarjei sitt flotte brassespark. Spelarane bruker mogelegheita dei får til å skape eit godt inntrykk av både seg sjølve og til det beste for laget. No er utfordringa å utvikle det vidare. Så dei neste vekene blir steintøffe…
Neste kamp for Norborg er mot MSIL på Moa KGB onsdag 31. januar.
Jørn Heggelund fekk sin debut i Norborg-trøya og viste 100% innsats
Ikkje akkurat La Manga
Elling Mikal kom inn etter pausen og kunne notere sin første A-kamp
Barry Venison tok også turen innom
Christopher og Jørn kan seie seg nøgd med debuten
Målscorarane Tarjei, Ole Johan, Amund, Christopher og Steffen