Norborg – Bergsøy 2-3

Norborg – Bergsøy 2-3 (0-2)
4. divisjon, Uggedal grus, 19.04.07

5 sjansar 9
6 cornere 7

0-1 Frank Sverre Skorpen (11)
0-2 Anders Hoff (16)
0-3 Daniel Hatløy (60)
1-3 Steffen Grytten (78)
2-3 Geir Ove Grønli (81)

Dommar: Lars Ove Sletta (Langevåg)
Ass. dommarar: Inge Andersen (MSIL) og Arnt Ove Tenfjord (Ravn)

Tilskodarar: 70 betalande

Tre beste:
Steffen Grytten
Stein Erik Reitan
Kristoffer Søviknes

Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kjell Terje Brusdal (Geir Ove Grønli, 11), Stein Erik Reitan – André Larsen (Jan Even Drønnesund, 46), Kristian Søviknes, Steffen Grytten – Ole Johan Urke (Edward Laverton, 46), Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes.

Snittalder: 23,18

Bergsøy tok den første trepoengar i Uggedalen denne sesongen då det vart 3-2 over heimelaget. Med kraftig vind i ryggen scora ein to gongar og var det beste laget dei første 45 minutta. Etter pausen kom Norborg meir med, og var nær poeng på slutten.

Grunna kraftig vind vart det knytt ein del spenning til myntkastet denne gong. Det vann Bergsøy, og laget fekk dermed starte med vinden i ryggen. Bergsøy stod då høgt og pressa Norborg kraftig. Dette resulterte i to mål etter dødball. Først heada Frank Sverre Skorpen inn leiarmålet, før Anders Hoff dunka inn 2-0 på eit frispark like utafor 16 meteren. Det vart dermed ein tøff start på sesongen for Norborg.

Store sjansar
Bergsøy var det sjanseskapande laget før pause, og Norborg kunne seie seg nøgd med å berre ligge to mål bak ved pause. Ti minutt før pause var heimelaget både gode og heldige då ein fekk avverja tre gongar på streken. Oransjetrøyene på si side skapte ein sjanse på dei første 45. Den kom då Kristoffer Søviknes kjempa seg gjennom Bergsøy-forsvaret og fekk avslutta, men keeper Arve Kvalsvik redda godt.

Dermed 2-0 til pause i ein omgang Bergsøy viste seg som best i det meste. Norborg var skuffande svake i duellspelet og vi ana ein god del nervar.

Etter kvila flytta Norborg opp laget, men sidan vinden hadde spakna for ei stund, greidde ein ikkje å få det trykket som Bergsøy hadde i store delar av 1. omgang. Like før timen scorar så Daniel Hatløy Bergsøy sitt tredje mål då han blir spelt fri og gjer ingen feil åleine med keeper Geir Roar Gamlem. Hatløy fekk også sjansen igjen få minutt etter, men denne vinn Gamlem duellen, medan Jan Even Drønnesund tek seg av returen.

Nekta å gi opp
Sjølv med 0-3 i målprotokollen ga ikkje Norborg opp, og då vinden auka på igjen tok ein over kampen. 12 minutt før slutt fekk ein løn for strevet då Steffen Grytten sette ballen i nota etter at Edward Laverton vann duellen i forkant. På stillinga 1-3 kom Edward Laverton seg til to gode sjansar. Først spring han frå forsvaret, men åleine med keeper sette han ballen rett på Kvalsvik. To minutt seinare driblar han seg inn i 16 meteren, men sette ballen rett i fanget på keeper Kvalsvik.

Ny spenning
Fire minutt før slutt skapar Geir Ove Grønli ny spenning då han header inn eit flott innlegg av Stein Erik Reitan. Norborg prøvde å trykke Bergsøy på slutten, men greidde ikkje å score fleire mål. Dermed kunne Bergsøy juble for sin første trepoengar i år. Noko som totalt var fortent. Norborg brukte for lang tid på å kome seg inn i kampen, og fekk sjeldan vist det som bur i laget. Pasningar og løp stemte ikkje denne gongen, og ein mangla duellvilje i store delar av 1. omgang.

– Skuffande nervøsitet og guts i starten av første omgang, men hadde fortent eit poeng etter ei sterk avslutning. Like surt som veret å gå av bana utan poeng, sa spelande trenar Kristian Søviknes.

Neste kamp for Norborg er borte mot Sunnylven torsdag 26. april.

Av: FSE