Larsnes/Gursken – Norborg 6-5

Larsnes/Gursken – Norborg 6-5 (2-1)
Larsnes stadion, 16.05.07

11 sjansar 10
3 cornere 4

0-1 Asgeir Kalvø (23)
1-1 Thomas Sætre-Hauge (26)
2-1 Oskar Gunnarstein (41)
2-2 Kristoffer Søviknes (50)
3-2 Thomas Sætre-Hauge (52)
4-2 Thomas Sætre-Hauge (61)
5-2 Preben Sætre (65)
5-3 Ole Johan Urke (77)
5-4 Tarjei Urkedal (80)
5-5 Tarjei Urkedal (88)
6-5 Tor Arne Dyrhol (90+2)

Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal)
Ass. dommarar: Torgeir Halsen (Åheim) og Tor Henning Andersen (Hareid)

Tre beste:
Tarjei Urkedal
André Larsen
Asgeir Kalvø

Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Reitan, Knut Ivar Bjørlykhaug, Jan Even Drønnesund, Skjalg Volstad (Ole Johan Urke, 65) – Steffen Grytten (Kristian Søviknes, 1), André Larsen, Eivind Fjørtoft (Geir Ove Grønli, 22) (Martin Grytten, 61) (Geir Ove Grønli, 85) – Asgeir Kalvø (Steffen Grytten, 44), Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Elling Mikal Kalvø, 75)

Snittalder: 22,5

Norborg måtte nok ein gong sjå seg slått i ein jamn og målrik kamp. Etter 2-2 tidleg i 2. omgang gjekk heimelaget opp i 5-2 før Norborg sette i gong sluttspurten og scora tre mål på ti minutt. På overtid sikra likevel Gulars seg tre poeng etter scoring av Tor Arne Dyrhol.

– Fem mål på bortebane i 4.divisjon skal generelt medføre siger! No må oss snart begynne å opne munnen og begynne å kommunisere i den bakre fireren. Viss ikkje så vil oss passere tusen baklengs i år, sa ein irritert assistenttrenar Kristian Søviknes rett etter kampslutt.

Norborg har hatt uvanleg store defensive problem i starten av denne sesongen, og dette fortsette i kampen mot Gulars. Tekniske og leikne heimespelarar skar gjennom Norborg-laget som varm kniv i smør og ga seg ikkje før halvdusinet var nådd.

Offensivt fungerar laget svært godt, dette til trass for at toppscorarane Ståle Hurlen og Lennart Holmem ga seg i klubben etter fjorårssesongen. Norborg har scora fleire mål enn nokon gong i opningsrundene av 4. divisjon. Diverre har det berre haldt til ein siger på fem forsøk.

1. omgang på Larsnes stadion var jamspelt med eit svært broderande heimelag, som spelte med stor rørsle og høgt balltempo, og eit litt meir direktespelande bortelag.

Norborg godt i gong
Norborg opna kampen bra, og på sin tredje sjanse tok ein så leiinga 1-0 etter at Asgeir Kalvø var raskt frampå og putta etter at keeper Kurt Ove Longva måtte gi retur på eit hardt slått frispark av Kristian Søviknes. Dommar Aam annullerte først målet, angiveleg for angrep på keeper, men etter samtale med assistentdommar omgjorde han avgjersla. Vaksent gjort av dommar.

Rask utlikning
Gleda varte ikkje lenge for Norborg. Tre minutt seinare tek aktive og gode Thomas Sætre-Hauge ned ballen like utafor 16 meteren, rykte frå forsvaret og plasserte ballen sikkert i nota. Sætre-Hauge var nær ved å gi Gulars leiinga like etter, men keeper Geir Roar Gamlem får hindra scoring.

Mål frå midtbana
Fem minutt før pause får GuLars frispark 45 meter frå mål. Oskar Gunnarstein legg frisparket mot mål der både Sætre-Hauge og Norborg-forsvararar prøvar å stusse ballen, men ingen når fram og ballen endar i nota til Gunnarstein si overrasking og glede. Norborg må dermed konstatere nok eit såkalla dritmål imot seg.

Målrikt etter pausen
Norborg gjekk offensivt til verks etter pausen, og fem minutt ut i omgangen legg Kristoffer Søviknes ballen i fin boge over keeper Longva og i krysset. – Heilt klart eit skot og ikkje eit innlegg, sa Søviknes etter kampen om forsøket sitt frå sidelinja. Gulars kom raskt tilbake i leiing. Sætre-Hauge kom seg nok ein gong fri og scora sikkert åleine med keeper.

Norborg var nær utlikning på ein trippelsjanse etter ein times spel då Tarjei Urkedal kom seg fri på venstresida, skar inn mot mål, men kom litt for nær keeper til at han fekk løfta ballen skikkeleg. Retur frå keeper gjekk til André Larsen, men også hans forsøk vart redda. Ballen gjekk så til Geir Ove Grønli, men dette forsøket vart også redda av keeper Longva. Tre forsøk som utruleg nok ikkje gjekk i mål.

I staden for utlikning er det Sætre-Hauge som igjen blir spelt fri og skyt stolpe inn. Spelet bølgja fram og tilbake og Steffen Grytten er nær redusering då han stussa eit frispark av Knut Ivar Bjørlykhaug like utanfor. Men i staden for redusering er det igjen Gulars som scora. Denne gong på eit glimrande skot i vinkelen av Preben Sætre. 5-2, og kampen verkar avgjort.

Fantastisk opphenting
Ei av styrkene til Norborg er god moral og evne til å stå på til siste minutt. Trass 5-2, stod spelarane på og tretten minutt før slutt fekk ein løn for strevet då Ole Johan Urke putta på ein retur frå keeper etter eit hardt frispark av Knut Ivar Bjørlykhaug. Tre minutt seinare gir Tarjei Urkedal Norborg nytt håp då han headar inn eit legg frå Knut Ivar Bjørlykhaug. To minutt før full tid skulle så det utrulege skje. Norborg utlikna til 5-5. Denne gong på eit langt oppspel, stuss av Geir Ove Grønli til Kristian Søviknes som spelte igjennom Tarjei Urkedal som scorar åleine med keeper.

Bittert overtidsmål
På overtid er Norborg nær endå eit mål, men Geir Ove Grønli kjem akkurat for seint på bakerste stolpe til å sette inn leiarmålet. I staden kjem heimelaget seg i angrep og får frispark inne på Norborg sin halvdel. Ballen vert lagt inn framføre mål og trass fleire forsøk får ikkje Norborg klarert. Til slutt headar Tor Arne Dyrhol ballen i mål frå fem meter etter eit innlegg frå høgresida.

Gulars kunne dermed endeleg juble for å ha avgjort ein jamn kamp til sin fordel. Norborg skapte omtrent like mange sjansar som heimelaget, men tapte for eit lag med betre ferdigheiter denne gong. Spesielt Thomas Sætre-Hauge viste at han høyre heime på eit høgare nivå enn 4. divisjon, og var kampen sin suverent beste spelar.

På Norborg jobba Tarjei Urkedal og André Larsen godt gjennom heile kampen. Urkedal er i stadig rørsle og greier å halde på ballen. To mål fekk han også notert seg. Larsen trivdest som vanleg godt på ei sleip grasbane og vann mange taklingar i tillegg til at han viser teknikk på Gulars-nivå.

Neste kamp for Norborg er lokalderbyet mot HaNo torsdag 24. mai kl. 1830. Då må det defensive sete betre enn mot Gulars, samtidig som ein må ta med seg det gode offensive spelet.