Brattvåg – Norborg 1-1 (0-0)
Brattvåg KGB, 09.04.07
5 sjansar 7
5 cornere 4
0-1 Tarjei Gjerset Urkedal (69)
1-1 Martin Sundnes (86)
Dommar: Per Willy Otterlei (Brattvåg)
Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Reitan, Kjell Terje Brusdal (Knut Ivar Bjørlykhaug, 11), Kim Idar Krogsethagen, Skjalg Volstad – André Larsen (Bee, 83), Kristian Søviknes, Steffen Grytten – Edward Laverton (Jan Even Drønnesund, 88), Tarjei Urkedal, Ole Johan Urke (Martin Grytten, 74)
Snittalder: 22,2
Norborg spelte med hjarte utapå drakta i denne kampen, og viste ein langt større speleglede og vilje enn sin nabo i nord. Norborg hadde dei klaraste sjansane, medan ballfordelinga var omtrent 50-50.
Eit aggressivt Norborg-lag vann dei fleste duellane mot eit sløvt Brattvåg-lag, og at oransjetrøyene ikkje fann vegen til nettmaskene før pause, var smått utruleg. Fire hundreprosentsjangsar vart misbrukt. Fem minutt ut i kampen vart Tarjei Urkedal spelt igjennom, men aleine med Brattvåg-keeper Espen Wold går avslutninga i nettveggen. Eit kvarter seinare får vi sjå eit nydeleg oppspel frå Skjalg Volstad i bakrom til Edward Laverton. Han tek seg litt for lite tid og lobbar over Wold, men til side for mål. Ti minutt seinare er Laverton i servitørrolla då han legg lavt inn til Steffen Grytten, men frå fem meters hald feiar Grytten ballen over det tomme målet. Minuttet seinare kjem Norborg seg til ein dobbeltsjangse då Tarjei Urkedal får rom utafor 16 meteren og skyt. Wold får handa på ballen, men den går vidare til Laverton som header utafor på ope mål. Tidvis særs godt spel av Norborg, men svak effektivitet.
Brattvåg sitt stjernegalleri fekk til svært lite den første omgangen, og bortsett frå ei heading over mål av Frank Dalhaug og eit par skotforsøk av Sindre Dalhaug, det eine i stolpen frå 25 meter, hadde Norborg full kontroll.
Endeleg mål
Etter kvilen var Brattvåg litt meir på hogget, og berre ein glimrande beinparade av keeper Geir Roar Gamlem hindra Frank Dalhaug frå å score ti minutt ut i omgangen. Likevel, det var særs fortent då Tarjei Urkedal ga oransjetrøyene leiinga dryge tjue minutt før slutt. Målet kom etter at Norborg vann eit par duellar inne i 16 meteren. Ballen hamna så hos Urkedal som klinka ballen i nota.
2. omgang var langt mindre underhaldande enn første, og det gjekk lang tid mellom sjansane. Norborg var nær eit mål nummer to på frisparkinnlegg av Kristian Søviknes. Ballen hadde retning Kim Idar Krogsethagen sitt hovud på bakarste stolpe, men diverre kom Steffen Grytten i vegen og slo ballen med handa. Vil du spele handball Steffen, så må du ut av kommuna.
Omdiskutert utlikning
Norborg har kontroll på Brattvåg, men gultrøyene har det med å få mål mot oransjetrøyene, enten på den eine eller andre måten. Få minutt før slutt får vi ein merkeleg situasjon. Assistentdommar vinkar for offside, og Norborg-spelarane stoppar opp, Krogsethagen spelar ballen til keeper Gamlem som legg ballen til rette for å ta frispark. Problemet er at dommaren ikkje har blåst i fløyta. Heller ikkje når keeper sprang med ballen utafor 16 meteren… Dette oppfatter Martin Sundnes, som spring fram, snappar ballen framføre keeper og sette den i mål. Dermed 1-1 til store protestar frå Norborg og ellevill jubel frå Brattvåg (var dette treningskamp eller opprykksfinale til 2. divisjon?).
Tidvis bra kamp av Norborg der ein ligg kompakt i forsvar og får til flotte overgongar. Ein vinn dei fleste duellane og gjer Brattvåg frustrerte. Ein særs pussig situasjon måtte då også til for at Brattvåg skulle score. Brattvåg på si side må opp fleire hakk om det skal bli poeng i 3. divisjon. Tempo på ball var svakt, ein tapte duellane og bytta spelar etter spelar i håp om å få tak på kampen.
– God kollektiv kamp der vi er godt nøgd med gutsen, innsatsen, viljen og tælen av samtlege! Surt å ikkje vinne, men det er fortsatt ikkje delt ut eit einaste 4. divisjonspoeng! Vi er i rimeleg rute 10 dagar før seriestart, men treng fortsatt all tid vi kan få, sa ass. trenar Kristian Søviknes etter kampen!