Same gamle leksa -Colic hindra Norborg-suksess
Norborg vann gruppa si på Romjulsturneringa etter tre strake sigrar over Fjørtoft (3-0), Ravn (3-2) og Helland Spesial (2-1). Tre kampar der ein sleit med å få utteljing på sjansane. Spesielt mot Helland var sløsinga stor. I kvartfinalen vann ein greitt 5-1 over Hildre. I semifinalen stod KM-vinnarane frå Brattvåg på motsatt halvdel. Brattvåg tok føringa på eit svært billeg idømt straffespark, men Norborg kom seg til hektene, og ved hjelp av Brattvåg-keeper Espen Wold kvitterte Ståle Hurlen raskt. Norborg var det førande laget, og få minutt etter utlikninga scora Ståle igjen. Men så kom samme gamle visa igjen. Arnel Colic får to sjansar, og sette begge i nota. 3-2 til Brattvåg, noko som stod seg trass fleire gode Norborg-sjansar i sluttminutta. I bronsefinalen mot Brattvåg jr. fekk vi sjå eit svært stilleståande Norborg-lag tape 2-1 på sudden death. Brattvåg vann finalen 3-2 over Kjetil Rekdal sitt Team Rekdal.