Norborg – Larsnes/Gursken 3-2 (3-2)
Uggedal stadion, 07.09.06
12 sjansar 10
5 cornere 4
1-0 Ståle Hurlen (6)
2-0 Eirik York (24)
2-1 Thomas Sætre-Hauge (25)
3-1 Ståle Hurlen (27)
3-2 Alf Marius Grønnevik (45)
Dommar: Tor Bjermeland (Herd)
Ass. dommar: Walther Larsen (AaFK) og Frode Ramsvik (Spjelkavik)
Laget: Trond Elstad – Kristoffer Søviknes, Roger Grytten (Knut Ivar Bjørlykhaug , 42), Steffen Grytten , Stein Erik Reitan – Ageir Kalvø (Christian Søvik, 90), Eirik York, Kristian Søviknes, Tarjei Urkedal – Lennart Holmem (Geir Ove Grønli, 74), Ståle Hurlen (Eivind Fjørtoft, 82)
Norborg tok tre viktige poeng i ein sjansemessig jamn kamp mot Larsnes/Gursken. Alle måla kom i ein underhaldande 1. omgang. Etter kvilen vart det lenger mellom høgdepunkta, men Norborg rodde i land sigeren.
Norborg scora på sin første sjanse i kampen då Ståle Hurlen sette ballen i nota frå kloss hald etter godt forarbeid av Lennart Holmem på høgresida. Vertane var det spelemessig førande laget den første halvtimen, men gjestane frå Sande var farlege på kontringar. Spesielt ved Thomas Sætre-Hauge. Han var svært nær utlikning etter eit kvarter då han runda keeper Trond Elstad, men Stein Erik Reitan greidde med god hjelp av stolpen å redde avslutninga.
Norborg var likevel best i denne perioden, og det var ikkje ufortent at Eirik York auka til 2-0 på eit skot ifrå 15 meter. Eirik stod då på rett plass etter at både Ståle Hurlen og Lennart Holmem måtte sjå sine forsøk bli blokkert i trekka før ballen nådde “babben”. Gleda varer likevel ikkje lenge for oransjetrøyene, for minuttet etter reduserar Thomas Sætre-Hauge då han spring frå Norborg-forsvaret å scora sikkert aleine med keeper Elstad.
Ståle Hurlen gjorde ein god kamp, og var raskt frampå med å gi Norborg to-målsleiing igjen då han banka inn 3-1 frå 16 meteren etter flott forarbeid av Asgeir Kalvø. Men GuLars ga seg ikkje, og både Bendik Torset og Sætre-Hauge hadde gode mogelegheiter til å redusere. Sistnemnde avslutta i stolpen etter at han nok ein gong parkerte heimeforsvaret. Sekunder etter at klokka passerte 45 minutt er GuLars igjen farleg frampå etter ei kontring. Ballen havnar ut til Alf Marius Grønnevik på 16 meter som sendte av garde eit skot på direkten via hendene til keeper og i mål. Sleip ball og sol i augene får ta skylda for at elles særs gode Trond måtte hente ballen ut av nota.
Etter pausen får vi sjå ein langt mindre underhaldande kamp. Spesielt det førte kvarteret var keisamt, men Lennart Holmem krydra kampen med eit brassespark som gjekk i tverrliggar. Ei vel utført brasse av Lenny. Etterkvart fekk Norborg til meir spel, og både Lennart, Ståle og Tarjei Urkedal hadde sine sjansar til å auke leiinga. Tarjei var sågar aleine med keeper Longva, men nølte for lenge og ein forsvarar kom til og blokkerte avslutninga.
I det siste kvarteret levde heimelaget farleg då GuLars kom seg til to store sjansar ved Sætre-Hauge og Marius Gunnarstein, men Trond Elstad stod glimrande og redda tre poeng for heimelaget.
Langt frå nokon god kamp av Norborg, men ein hadde marginane på side og tok poenga som gjer at ein har 5. plassen innan rekkevidde. Dei fleste hadde ein kamp på det jamne, men keeper Trond Elstad, venstreback Kristoffer Søviknes og to-målsscorar Ståle Hurlen utmerka seg positivt.
Fordeling av sjansar:
4 min Thomas Sætre-Hauge igjennom, men keeper Trond Elstad kjem fint ut å blokkerer
6 min 1-0: Ståle Hurlen putter frå 7 meter etter at Lennart Holmem kjem seg rundt på høgre
10 min Tarjei Urkedal med brukbar sjanse, men keeper Longva reddar til corner
16 min Sætre-Hauge igjennom, runder keeper men Stein Erik Reitan reddar på strek
17 min Asgeir Kalvø headar over frå bakre stolpe etter godt innlegg frå Tarjei
18 min Ståle med sjanse etter oppspel frå Steffen Grytten og innlegg frå Tarjei
24 min 2-0: Eirik York skyt stolpe inn frå 16 meter etter forsøk frå Lennart og Ståle
25 min 2-1 Sætre-Hauge spring igjennom å scorar
27 min 3-1 Ståle klinka inn 3-1 frå 17 meter etter godt forarbeid av Asgeir
33 min Bendik Torset med farleg forsøk etter corner. Avslutning like over.
36 min Sætre-Hauge avslutter i stolpen etter at han sprang frå Norborg-forsvaret
38 min Kristian Søviknes igjennom, men GuLars får etterkvart rydda opp
45 min 3-2: Alf M. Grønnevik skyt i mål frå 16 meter via keeper og i mål
47 min GuLars med første sjansen etter pausen. Skot over frå 12 meter.
56 min Lennart med brassespark i tverrliggar
60 min Ståle med heading utafor frå kloss hald (i kamp med Tarjei)
65 min Lennart nesten igjennom, avsluttar like over frå 14 meter i kamp med ein forsvarar
72 min Asle Johansen med stor sjanse, men Trond reddar til corner
74 min Tarjei aleine med keeper, men nøler og avslutning blir avverga til corner
75 min Særs farleg corner frå Norborg, men avslutning redda på strek
77 min Sætre-Hauge igjennom, men Trond kjapt nede å reddar
83 min Marius Gunnarstein med stor sjanse, men Trond reddar på nytt glimrande