Blindheim – Norborg 5-1

Blindheim – Norborg 5-1 (3-1)
Blindheim KGB, 15.06.06

10 sjansar 10
4 cornere 8

1-0 Sjølvmål (24)
2-0 Terje Ottersen (27)
2-1 Stein Erik Reitan (35)
3-1 Kristoffer Morterud (45)
4-1 Terje Ottersen (55)
5-1 Sindre Lauvås (78)

Dommar: Steinar Hjelle (Sunnylven)

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik (Stein Erik Alvestad, 46), Kim Idar Krogsethagen (Øyvind Farstad, 46), Steffen Grytten, Stein Erik Reitan – Kristian Søviknes (Asgeir Kalvø, 46), Eirik York, Stein Erik Mårstøl (Jan Even Drønnesund , 81), Tarjei Urkedal (Kristian Søviknes, 72) (Stig Wold, 77) – Ståle Hurlen, Adrian Håbet

Norborg si rekke på tre kampar utan tap fekk ein brå slutt då eit særs effektivt Blindheim-lag vann heile 5-1. Spelemessig var dette ein jamn kamp, men Blindheim viste seg som klart best innafor 16 meteren.

Etter ei jamn opning var det Norborg som fekk dei to første sjansane, men både Adrian Håbet og Ståle Hurlen måtte sjå headingane sine gå utafor. Når vi passerar halve omgangen starta Norborg å få problem med dei dyktige offensive spelarane til heimelaget. Først får Terje Ottersen ein stor sjanse, men keeper Kurt Erik Grytten pressar Ottersen ned til kortlinja og avverjar sjansen. Like etter kjem Blindheim fram på venstresida. Innlegget heada Christian Søvik ballen i eige mål via stolpe og keeper til 1-0. Vertane er no skikkeleg på hogget, og minuttet etter er Aleksander Hagerup nær mål etter framspel av Kristoffer Morterud. 2-0 let likevel ikkje vente lenge på seg. Dyktige Terje Ottersen får god tid til å finstille skotfoten og dunkar ballen i mål frå 20 meter. 2-0, og Norborg har store vanskar.

Første på fire år
Etter Blindheim sine mål løftar oransjetrøyene seg igjen og får fleire gode sjansar. Eirik York heada over for ope mål etter corner, og Adrian Håbet skyt eit frispark i tverrliggar før Stein Erik Reitan tek turen fram i angrep ti minutt før pausen. Han spelar vegg med Tarjei Urkedal og avsluttar iskaldt i mål aleine med keeper Helge Vadseth. Dette var Reitan sitt første seriemål sidan 31. august 2002.

Sløvt forsvarsspel
Norborg fortsette å skape sjansar dei neste minutta. Steffen Grytten skyt utafor frå 12 meter, medan Ståle Hurlen heada over frå god posisjon. Begge sjansane kom etter gode hjørnespark av Kristian Søviknes. Men i staden for utlikning er det Blindheim som aukar til 3-1 etter at Norborg misser ballen på eigen halvdel. Kristoffer Morterud let seg ikkje be to gongar å sette ballen utakbart i mål frå 8 meter etter sløvt forsvarsspel av Norborg.

I ein omgang der Norborg produserte dei fleste sjansane var det altså Blindheim som gjekk til pause med 2-målsleiing.

Blindheim punkterer kampen
Etter kvilen kjem Blindheim best i gong og pressar gjestane. Det er likevel ikkje før Norborg startar å kome seg høgare i banespelet at 4-1 målet kjem. Målet kjem nok ein gong på ei flott kontring der Terje Ottersen blir spelt igjennom og scorar sikkert aleine med keeper. Dryge 20 minutt seinare slår same mann eit hardt frispark frispark mot mål. Der dukka Sindre Lauvås opp og kjempar ballen i mål til sluttresultatet 5-1. Norborg hadde sine sjansar til å score i denne omgangen óg. Asgeir Kalvø hadde to store sjansar. Først avslutta han utaor aleine med keeper, for så å heade eit godt slått frispark av Adrian Håbet rett i klypene på keeper Vadseth. Ståle Hurlen var også svært nær mål då klinka ballen i tverrliggar frå knappe 16 meter.

Norborg hadde ikkje marginane på si side i denne kampen, og vart hardt straffa for personlege feil av dyktige Blindheim-angriparar. Den største forskjellen på laga var presisjon i avslutningar, samt at vi føler at Blindheim ville meir. Menst ein del av spelarane på Norborg tok lett jogg i situasjonar som krevde full spurt, så ga samtlege på Blindheim jernet. Noko som krevst for å vinne i denne tette divisjonen.

Best på Norborg var Stein Erik Reitan. I tillegg til å score var han den som viste oppofrande forsvarsspel saman med Steffen Grytten. Elles flotte dødballar av Adrian Håbet og Kristian Søviknes. På Blindheim utmerka spesielt Terje Ottersen seg med sine to mål, men også Jan Erik Hellevik og Kristoffer Morterud var dyktige og laga livet surt for Norborg.

– Ein litt rar kamp der vi er fullt på høgde spelemessig, men likevel taper heile 5-1, seie trenar Jan Egil Alstadsæter.

Neste kamp for Norborg er onsdag kl. 1830 mot SIF2 på Uggedal stadion.