Vigra – Norborg 3-1

Vigra – Norborg 3-1 (1-1)
Rota gras, 08.10.05

7 sjansar 5
6 hjørnespark 6
3 3

1-0 Arild Olsen (25)
1-1 Martinus Grytten (35)
2-1 Rune Akslen (str. 74)
3-1 Sindre Rørvik (80)

Dommar: Jan Egil Bratteberg (Ørsta) – 4
Ass. dommarar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy) og Odd Arne Grande (Skodje)

Laget: Kurt Erik Grytten – Jan Even Drønnesund (Stein Erik Alvestad, 66), Øyvind Farstad, Kim Idar Krogsethagen, Asgeir Kalvø (Edward Laverton, 84) – Kristian Søviknes (Tarjei Urkedal, 81), Eirik York (Adrian Håbet, 38) (Eirik York, 46) (Adrian Håbet, 79), Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal (Geir Ove Grønli, 79) – Ståle Hurlen (Geir Ove Grønli, 38) (Ståle Hurlen, 46), Martinus Grytten

I ein til tider svært amper kamp tok Vigra tre særs viktige poeng i botnstriden etter to seine mål. Norborg på si side greidde aldi å kome opp på sitt beste på ei våt og vanskeleg bane.

Det vart aldri nokon spesielt velspelt kamp på Rota gras laurdag. Vigra kjempa knallhardt for å stå i divisjonen, mens Norborg spelte for å gi trenarduoen siger i siste kamp, samt hjelpe nabo Ellingsøy til 11. plass.

Får sjansar
Det var få sjansar i opninga av kampen. Tommy Roald prøvde seg med eit skotforsøk etter knappe kvarteret, mens Øyvind Farstad var på jakt etter sitt første Norborg-mål med eit skot nokre minutt seinare.

Glipp av Norborg

Etter 25 minutt kunne så Vigra sleppe jubelen laus. Norborg mister ballen midt på bana og Vigra kontrer på høgresida før ballen blir slått inn til ein umarkert Arild Olsen, som enkelt sette ballen bak Kurt Erik Grytten. Vigra var no på hogget, og like etter er samme Olsen nær ved å auke leiinga med eit skot frå 20 meter, men denne gong gjekk ballen utafor.

Tini utliknar
Norborg kjem seg etterkvart til hektene igjen og utliknar ti minutt før pause ved Martinus Grytten. Han setter ballen sikkert i mål frå kloss hald etter flott forarbeid av Kristian Søviknes. Like før pausen var Norborg nær leiinga i kampen då Kristian Søviknes dreg seg fri på venstresida og fyrer av like utafor Robin Rørseth sitt mål.

Alt i alt ein jamn 1. omgang med få sjansar. Heimelaget kunne elles vere godt nøgd med at dei fekk behalde samtlege spelarar på bana. Rune Akslen var særs heldig då dommaren berre viste han det gule kortet då han prøvde å lemleste Asgeir Kalvø med ei av årets styggaste tacklingar. Stygge tacklingar skulle vi elles få sjå mykje av i 2. omgang.

Norborg best i gong
Norborg startar best etter kvila og er svært nær leiinga då Kim Idar Krogsethagen finn Kristian Søviknes ute på venstresida med ei glimrande langpasning. Kristian legg flott inn bak Vigra sitt forsvar til Martinus Grytten på løp, men diverre går avslutninga over mål. Oppspel frå Kim Idar til Kristian og innlegg fekk vi sjå ofte av i starten av omgangen, men utan at det ga tellande resultat for oransjetrøyene.

Vigra tek over
I staden tek Vigra over kampen spelar eg fram til fleire hjørnespark og nokre farlege skotforsøk av Stian Blindheim. Dryge kvarteret før slutt peikar dommar Bratteberg på straffemerket då ein Vigra-spelar headar i handa på Eirik York. Rune Akslen sette ballen sikkert i mål bak Kurt Erik Grytten til 2-1. Dette var for øvreg Akslen sitt 3. straffemål mot Norborg denne sesongen.

Ampert
Vigra fekk no verkeleg blod på tann og kjempa Norborg i senk. Ti minutt før slutt fekk ein så det betryggande tredje målet ved Sindre Rørvik. Etter dette vart kampen mest prega av krangling og frispark. Innbyttar Edward Laverton fekk likevel sjansen til å sende Norborg inn igjen i kampen fem minutt før slutt då han vart spelt fri, men avslutninga gjekk over mål.

Diverre fekk vi sjå ein del ufine situasjonar på slutten av denne kampen og dommar Bratteberg mista kontrollen på kampen etter 3-1 målet. Heldigvis viste Vigra-trenar Ola Skodje seg myndig og tok enkelte spelarar av bana for å roe seg.

Norborg-trenar Øystein Haugan fekk ikkje den avskjedsgåva han ønska seg. – Kampen var vel typisk for det vi har prestert i år. Periodevis bra for så å gjere enkle feil. Vi er og har vore svært ustabil, men når stabiliteten kjem på plass så er Norborg eit lag som kjempar i toppen av divisjonen. Det er eg ikkje i tvil om. Så takk for to lærerike og fantastiske år, og eg ønske spelarane, supporterane og den heldige arvtakaren min lykke til neste år. Best på Norborg synes vi Øyvind Farstad og Martinus Grytten var. Begge jobba godt og vann mange duellar. Neste oppgåve for Norborg-spelarane er årets viktigaste kamp, nemleg bygdestriden mellom Grytastranda og Søvik 22. oktober kl. 14.

Best på Norborg synes vi Øyvind Farstad og Martinus Grytten var. Begge jobba godt og vann mange duellar.

Vi kjem tilbake med kommentarar frå kampen på måndag.