Sunnylven-Norborg 2-2 (0-1)
4. divisjon, Hellesylt gras, 12.05.05
11 sjansar 6
6 hjørnespark 0
3 1
0-1 Martinus Grytten (13)
1-1 Alf Ole Sundgot (67)
1-2 Adrian Håbet (82)
2-2 Olav Åge Åsen (88)
Dommar: Tove Marie Tandstad (VRF) – 7
Ass. dommarar: Palmar Blindheim (Blindheim) og Petter Lyshol (FK Sykkylven)
Tre beste:
Kurt Erik Grytten – 7
Øyvind Farstad – 7
Tarjei Urkedal – 6
Laget: Kurt Erik Grytten – Kristian Søviknes (Adrian Håbet, 74), Knut Ivar Bjørlykhaug, Øyvind Farstad, Asgeir Kalvø – Martinus Grytten (Øyvind Kvammen, 33) (Martinus Grytten, 83), Eirik York, Stein Erik Reitan, Edward Laverton – Steffen Grytten, Tarjei Urkedal
Mål av gutespelarane Martinus Grytten og Adrian Håbet førte til at Norborg fekk med seg eitt poeng i den vanskelege bortekampen mot Sunnylven. Heimelaget styrte nær sagt heile kampen, og til trass for at Norborg leia to gongar bør ein vere nøgd med resultatet.
Sidan Christian Søvik måtte melde forfall grunna skade valde trenarteamet å flytte Kristian Søviknes ned på backplass. Inn på laget frå sist kamp kom Edward Laverton på ein litt uvant høgrekant.
Tinis første fulltreffar
Etter ei jamn og sjansefattig opning scora Norborg på sin første mogelegheit i kampen. Målet kom etter at Tarjei Urkedal kjemper seg gjennom Sunnylven sitt forsvar og skyt i stolpen. Martinus Grytten er vaken på retur å plasserar ballen perfekt inne ved lengste stolpe til 1-0 og ellevill jubel. Dette var Martinus sitt første a-lagsmål.
Heimelaget styrer spelet
Målet ser ut til å tenne heimelaget, og berre to minutt etter er hellesyltingane nære ved utlikning ved Håkon Mikal Dalen, men forsøket gjekk like utafor stolpen. Ti minutt seinare er samme mann på farta igjen, men nok ein gong går avslutninga utafor stengene. Norborg på si side får lite til sett bort frå eit relativt farleg skot i frå 20 meter av Stein Erik Reitan.
Ti minutt før pause får Sunnylven indirekte frispark 10 meter i frå mål. Dommar Tove Marie Tandstad, som hadde dømt prikkfritt fram til dette, valde å blåse då Kristian Søviknes slengte foten fram og sendte ballen mot eige mål. Keeper Kurt Erik Grytten hadde inga anna mogelegheit enn å ta ballen med hendene. Hardt dømt mot Norborg og ein gratissjanse til heimelaget. Forsøket vart uansett stoppa av Norborg sitt forsvar. Like før pause fekk Alf Ole Sundgot ein sjanse etter corner, men Kurt Erik redda avslutninga frå 6 meter.
Norborg fekk svært lite til offensivt i denne omgangen, og kunne sjå seg godt nøgd med å vere i føringa. Ein var lite presis i pasningsspelet, og framspela vart for lett å plukke for det robuste heimeforsvaret. I tillegg vann Sunnylven dei aller fleste 2. ballane.
Norborg nær nytt mål
Etter pausen tek det berre eitt minutt før Norborg kjem seg til første sjansen då Tarjei spelar vegg med Edward Laverton og er igjennom, men skotet går utafor stengerne. Sunnylven tek så over kampen og pressar på, men greier ikkje å kome seg til klare målsjansar. Det får imidlertid Norborg etter 12 minutt, men både Tarjei og Steffen Grytten sine forsøk blir stoppa og til slutt klarert til innkast. På innkastet får Eirik York ein bra sjanse, men forsøket går utafor.
Sundgot utliknar
Sunnylven tek så kraftg over, og etter tre klare sjansar til heimelaget greier så den frykta spissen Alf Ole Sundgot å finne vegen til mål, då han finter vekk forsvaret og plasserar ballen i nota bak ein sjanselaus Kurt Erik. Sunnylven fortsette å styre kampen, men Norborg sitt forsvar ryddar opp gong på gong. Diverre blir klareringane litt for svake og ein greier ikkje å få løfte laget ut av 16 meteren.
Adrian vaken frampå
Når ein halvtime er spelt får endeleg Norborg til ei skikkeleg kontring då Edward kjem seg igjennom, men diverre kjem han litt for skrått og skotet går i nettveggen.Fem minutt seinare er samme mann på farta igjen. Denne gongen kjem han seg ned til kortlinja, lurer av ein mann og legg inn til Tarjei som skyt, men keeper reddar fantastisk, men får bare fista ballen vidare til Adrian Håbet, som frå kloss hald puttar ballen i mål til sitt første a-lagsmål og 2-1.
Sein utlikning for Sunnylven
Dei fleste på Norborg trudde no at sigeren var i boks, men heimelaget sette inn eit voldsamt press. To minutt før slutt tek Kurt Erik fram det beste i seg og reddar eit forsøk frå kloss hald. Redninga hans blir slått til Steffen Grytten som header ballen ut, men Sunnylven bit seg fast og sekunder etter scorar Olav Åge Åsen på eit skot frå 16 meter. Dermed 2-2, og Norborg må litt bittert sjå at sigeren glapp. Likevel bør ein vere svært nøgd med at det vart poeng, for Sunnylven styrte kampen i 75 minutt og skapte nok sjansar til å vinne.
Best på Norborg i dag var keeper Kurt Erik Grytten. Han viste fram fleire klasseredningar og var i tillegg stødig på alle hjørnesparka og dei lange innkasta av Arne Storstein.
Dommar Tove Marie Tandstad hadde ingen lett kamp å dømme, men greidde seg veldig bra.
Norborg er no ferdig med fire strake bortekampar og kan sjå fram til nabooppgjer mot Ellingsøy i Søvikdalen søndag 22. mai. Det blir altså ei litt ekstra pause for spelarane, noko ein kan trenge etter ein tur til Hellesylt.