Rollon – Norborg 4-1 (3-0)
Color Line Stadion, 25.09.05
9 sjansar 6
3 hjørnespark 9
2 1
1 0
1-0 Johan Strand (17)
2-0 Johan Strand (26)
3-0 Harald Haugen (42)
3-1 Ståle Hurlen (66)
4-1 Eivind Nordstrand (83)
Dommar: Tor Bjermeland (Herd) – 5
Ass. dommarar: Morten Stokke (Valder) og Atle J. Hole (VRF)
Norborg sin beste:
Ståle Hurlen – 6
Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad ((Knut Ivar Bjørlykhaug, 46), Kim Idar Krogsethagen (Stein Erik Alvestad, 83), Øyvind Farstad, Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes (Martinus Grytten, 35) (Adrian Håbet, 67), Eirik York, Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal – Edwward Laverton (Geir Ove Grønli, 34), Ståle Hurlen (Edward Laverton, 72)
Rollon tok ein fortent siger over Norborg, og sikra seg samstundes opprykk til 3. divisjon. Rollon la grunnlaget for sigeren i 1. omgang då ein scora tre gongar på eit utruleg tafatt Norborg-lag. Etter pause pressa Norborg på, men Rollon ridde stormen av til trass at ein fekk ein mann utvist.
Den som trudde at denne kampen skulle bli prega av høg innsats og stor dramatikk tok grundig feil. Kampen starta svært tafatt. Norborg stod stort sett å trilla ball på eigen halvdel, mens Rollon mogeleg var litt prega av stundens alvor og var litt avventande i starten.
Rollon roar nervane
Når vi nærma oss eit kvarter spel vakna heimelaget. Først er det Stein Arve Skoge som prøver seg med ein lobb i lengste hjørne, men over. Eit par minutt etter skulle så Rollon lykkast. Eit langt utspel frå keeper Bjørnar Hoel endar hos Johan Strand som på halvspretten klinka ballen i nota frå 20 meter. 1-0, og vertane har fått roa nervane. Like etter er heimelaget nære ved å auke leiinga etter corner, men Kristian Søviknes står ved stolpen og får beina ballen ut.
Rollon fortsette å styre kampen og etter 26 minutt er det klart for nok eit nytt mål signert Johan Strand. Denne gong på ei vel utført kontring på venstresida og eit godt innlegg som Strand ekspederer i mål frå kloss hald.
Bonden bomma
Etter dette kjem Norborg litt meir med i kampen, og får til eit veldig bra angrep etter dryge halvtimen. Kim Idar Krogsethagen, Kristian Søviknes og Edward Laverton bygg flott opp angrepet. Søviknes legg inn til Ståle Hurlen som er aleine med keeper, men i staden for å avslutte sjøl legg han ut til Tarjei Urkedal som kjem på løp bakfrå og smell ballen i stolpen.
På slutten av omgangen tek så Rollon over igjen. Først redda Kurt Erik Grytten godt då Johan Strand var aleine gjennom, men eit par minutt etter må Grytten kapitulere då Harald Haugen styrer ballen i lengste frå 13 meter. 3-0, og fortent Rollon leiing ved pause.
Eit nytt lag
Etter pausen var det eit heilt anna Norborg-lag vi fekk sjå. Oransjetrøyene pressa kraftig på og skapte fleire problemer for heimelaget. Blant anna måtte Kim Idar Krogsethagen sjå ei heading bli redda på streken. Tida gjekk og Rollon kom nærmare og nærmare opprykk. Først 20 minutt ut i omgangen greidde Norborg å finne vegen til nettmaskene då Ståle Hurlen får krangla med seg ballen etter eit innlegg frå Asgeir Kalvø. Ståle sette ballen i mål via keeper frå 6-7 meter.
Slem tverrliggjar
Norborg får blod på tann og skrur endå tempoet eit hakk opp. I tillegg fekk Rollon utvist Joakim Andersen etter to gule kort. Sjansane til Norborg kom på rad rekke. Geir Ove Grønli heada eit Krogsethagen innlegg i tverrliggar etter 69 minutt, mens Adrian Håbet traff på samme plass med eit skot frå 20 meter eitt minutt seinare. Så testa Eirik York skotfoten frå 18 meter, men keeper Hoel redda. Returen sette Hurlen rett på keeper.
Ingen tvil
Etter ein halvtime med Norborg overtak starta Rollon å ta over kampen igjen, og sju minutt før slutt punkterte Eivind Nordstrand kampen ein gong for alle med eit velplassert skot frå 18 meter. Rollon sine spelarar, trenarar og supportarar kunne sleppe jubelen laus. No kunne ingen ta frå dei opprykket.
Årsverste
Norborg presterte truleg årsverste i 1. omgang. Spelarane såg ut til å vere meirr interessert i å nyte det flotte stadionanlegget enn å spele fotball. Sløve markeringar, null innsats, svak rørsle og evig balltrilling i forsvarsfireren. Etter pause fekk ein vist noko av det ein kan, men det var på eit tidspunkt Rollon hadde kome langt inni opprykksfesten. Ingen på Norborg kan seie seg nøgd med innsatsen i dag, men Ståle Hurlen viste iallfall vilje til å stå på, samt at han fekk krangla inn eit mål.
Fortent opprykk
Rollon på si side opna litt nervøst, men etterkvart var det liten tvil kven som var kapteinar på danskebåten. Spelarane har god speleforståing, ein spelar raskt i lengderetning og opptrer disiplinert i forsvar. Ingen tilfeldigheiter at laget ligg på toppen av 4. divisjon. Vi gratulerer med opprykket!
Sovemedisin
Var det nokon som hadde putta sovemedisin i vassflaskene dykkar før kampen, Øystein? – Huff å huff…. Vi kom vel inn i dei oransjes modus på Color Line stadion i 1. omgang… Nei, når det gjeld dei første 45 minutta så er det vanskeleg å seie noko positivt. Eg synest det vart litt for mykje dulling i bakerste ledd slik at når vi omsider fekk ballen framover så var der ikkje nok folk til å halde trykket oppe. Vi var rett og slett steike svak i den omgangen. Til 2. omgangen så vart vi enige om å utnytte styrken til Goggen. Vi flytta kantane våre lenger opp på bana, samtidig så vart det i klartekst einigheit om kva for ein midtstoppar som skulle slå kvar. Slik fekk vi variasjon på kvar oppspela havna. Forskjellen då frå første omgang var at vi hadde meir folk framme på bana, og dermed større trykk oppe kor ballen havna. Så i 2 omgang hadde vi definitivt fortent meir enn 1 mål. Ei n ting til eg har lyst å nevne. Det er at var det nokon som fikk revansj frå sist kamp mot Rollon så var det iallfall Norborg sitt trufaste og talrike publikum. Dei var Rollon totalt overlegen i antall og stemning. UTRULEG BRA, seier Norborg-trenar Øystein Haugan.
Norborg skal på laurdag kl. 15 ut i lokalderby mot HaNo. Då er vel innsatsen og gløden tilbake?