Rival – Norborg 3-1 (0-0)
Molde kunstgrasbane, 25.02.05
8 sjansar 9
2 hjørnespark 3
1-0 (59)
1-1 Edward Laverton (61)
2-1 Bendik Hareide (str. 70)
3-1 (76)
Knut Ivar Bjørlykhaug, Norborg
Dommar: Harald Gule, Molde
Laget: Kurt Erik Grytten – Asgeir Kalvø (Stig Wold, 66), Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Jan Even Drønnesund (Christian Søvik, 46) – Kristian Søviknes, Eirik York, Stein Erik Reitan (Amund Terøy, 66), Tarjei Urkedal – Geir Ove Grønli (Edward Laverton, 80), Edward Laverton (Biarte Hånes, 66)
Rival viste seg som det mest effektive laget på Molde kunstgras fredag kveld, og vann 3-1 over eit Norborg-lag som mangla marginane på si side. – Ei grei økt, var trenar Øystein Haugan sin kommentar.
Norborg stilte med eit nykomponert forsvar mot Rival ettersom Roger Grytten tidlegare i veka fekk føling med kneskaden som har plaga han med jamne mellomrom sidan våren 2001. Ny mann i midtforsvaret var Steffen Grytten, han utførte jobben utmerket og vart kåra til Norborg sin beste spelar.
Lauskrutt
Rival opna kampen best og fekk til eit flott angrep i opningsminuttet, men avslutninga frå kanten av 5 meteren vart stoppa av Kurt Erik Grytten. Det var likvel Norborg som styrte det meste av spelet i 1. omgang, og var nær ved å ta leiinga etter 3 minutt då Edward Laverton forsøkte å heade over ein utrustande Rival-keeper frå 16 meteren, men ballen gjekk rett i klypene på han. Ei avslutning som var symptomatisk for oransjetrøyene i denne omganen. Flotte angrep vart avslutta med skot rett på keeper.
Mål mot spelets gong
Dei ti første minutta av 2. omgang starta med eit vedvarande Norborg trykk, men som i første gjekk avslutningane enten rett på Rival-keeperen, eller like over. Knappe kvarteret ut i 2. omgang får Rival innkast midt inne på Norborg sin halvdel. Norborgarane står å søv og Rival sin spelar får god tid til å skyte i mål frå 14 meter.
Rask kvittering
Norborg lot seg ikkje knekke av dette målet, og berre to minutt seinare får Edward Laverton stå heilt aleine på 7 meter å skyte ballen i mål etter eit innlegg av Kristian Søviknes. Etter målet jamna kampen seg ut og Rival var ein stadig trussel på kontringar. Etter 70 minutt får så moldensarane ei svært billeg straffe. Dommar Gule trur Amund Terøy står å held rundt ein Rival-spelar å bles straffe. – Heilt feil, poengterar Kurt Erik Grytten etter kampen. Straffa sette Rival-spelaren sikkert i mål.
Kontra i senk
Fem minutt seinare gjer Norborg feil på midtbana og Rival kontrar inn 3-1 med ein utsøkt lobb over Kurt Erik. Rival var no skikkeleg på hogget og skapte eit par farlege sjansar. I dei siste ti minutta vaknar så Norborg igjen og har blant anna eit skot i overkant av tverrliggar av Amund Terøy, men tross fleire skotforsøk fekk ikkje Norborg fleire mål i denne kampen.
Rival viste seg som eit sterkt kontringslag og hadde nokre raske spelarar som skapte bryderi for Norborg. Med på laget hadde dei både sonen til Åge Hareide, Bendik, og broren til Karl Oskar Fjørtoft.
Norborg hadde ballen mest, men mangla det lille ekstra framføre begge måla. Dette var også berre den 2. treningskampen så langt, og det var tydeleg at Rival hadde kome litt lenger med kampforma enn Haramslaget. Norborg vil på si side starte med eit meir jamleg kampprogram i mars og april.
Best på Norborg var Steffen Grytten og utrøyttelege Tarjei Urkedal.